Eivind Øygard
På Bislett: Eivind Øygard spring på høgt nivå enten det handlar om bane-, gate- eller terrengløp. (Foto: Samuel Hafsahl)

23 kjappe med Eivind Øygard

Eivind Øygard er er ein av dei beste langdistanseløparane i landet med individuelle NM-medaljar og lag-medaljar frå både nordisk og europeisk meisterskap. I dette intervjuet blir du kjent med både idrettslege og ikkje-idrettslege sider ved livet til den ambisiøse 32-åringen.

Publisert Sist oppdatert

Intervjuet har stått på trykk i Kondis nr. 2–2024

1. Tre ord som skildrar deg som privatperson og som idrettsutøvar?
– Tolmodig, disiplinert, løysingsorientert/tilpassingsdyktig.
2. Kva betyr idretten for deg?
– Den betyr mykje! Det er innan idretten eg opplever størst meistring. Der eg før levde livet som vanleg utanom treninga, så er eg i ein meir kynisk «no eller aldri»-fase der eg prøvar å finne ut kor god eg kan bli dei siste åra av karrieren. I tillegg jobbar eg som både idrettslærar og trenar og likar å sjå mykje forskjellig sport, så eg kan trygt seie at det blir mykje idrett i monitor…
3. 3 «fun facts» om deg sjølv?
1. Er einegga tvilling. Har blitt skulda for å vere overlegen mange gongar fordi folk som berre kjenner meg, har møtt på bror min i Oslo.
2. Måtte kutte ein joggetur etter 6 km grunna ei vond hofte veka før mitt livs løp (5000 m på 13.37,45). Gjekk ein spontan 37 km og 9 timar lang randotur som terapi i staden og vakna opp skadefri dagen etter.
3. Registrert med målsnitt på 3 mål per kamp i mi aktive fotballkarriere på seniornivå. (Kan røpe at eg har vore heldig med mangelfull registrering på fotball.no)
4. Kan du seie noko som du sjølv trur på, men som andre vil være usamd med deg i?
– Randonee er ein betre alternativ treningsform enn ellipse og aquajogg. Treningseffekten er kanskje lik isolert sett, men det er mykje lettare å legge ned treningstimane på tur. Har ofte kome i god form etter periodar med mykje randonee.
5. Kva er det optimale målet med idrettskarrieren?
– På mange måtar har eg allereie oppnådd det som var det optimale målet. Men som «alle» andre idrettsutøvarar vil ein gjerne ha meir. Å kunne leve av springinga nokre år og delta i OL på maraton er kanskje det optimale målet, men å konkurrere for Norge i sommar-EM er nok eit meir realistisk mål.
6. På kva for måte har studiar/jobb hjelpt deg som idrettsutøvar og vice versa?
– Gjennom idrettsstudiar og idrettsjobb har eg tileigna meg meir kunnskap om trening og blitt kjent med folk som har lært meg mykje om kva som krevst for å bli god. Eg har også hatt ein grei arbeidsgjevar som har lagt til rette for at eg kan reise vekk på treningsleirar av og til. Som idrettsutøvar trur eg prestasjonane mine på idrettsbana hjelpte meg med å få idrettslærarjobben. Skal ein undervise i idrett på ein skule med mange toppidrettselevar, trur eg det også er ein fordel å ha drive med toppidrett sjølv. Då veit ein kva det går i og skjønar lettare kva utfordringar elevane møter med tanke på treningsmengd og totalbelastning.
7. Kva for annan idrett/sport skulle du gjerne vore god i?
– Fotball utan tvil.
8. Førebilete?
– Som liten var det Rodal, Dæhlie, Bjørndalen og Beckham som var dei største heltane. No har eg eigentleg ingen førebilete, men det er mange eg hentar inspirasjon frå og blir motivert av. Felles for desse er at det er personar eller utøvarar eg kan relatere meg til og som har brukt litt tid på å bli gode. Utanfor idretten ser eg opp til dugnadsgjengen i Jølster som brukar mykje av fritida si på å gjere kvardagen betre for andre.
9. Dersom du kunne invitert til ein 4-stjerners middag med kven du ville - død eller levande – kven ville du invitert? Kvifor?
– Erling Braut Haaland, Petter Northug, Jesper Mathisen og Marius Skjelbæk. Haaland og Northug fordi eg trur dei har mange gode historier frå miljø eg er nysgjerrig på og Mathisen og Skjelbæk for stemninga sin del.
10.Korleis ser din «perfekte dag» ut?
– Min perfekte dag må vere ein av dei første dagane av ein ferie, og helst påskeferien, der eg har ingen jobbforpliktingar eller viktige løp i næraste framtid. Denne dagen vaknar eg ganske tidleg etter ei god natts søvn slik at eg har god tid til å nyte ein solid frukost. Deretter går turen til fjells i Jølster i perfekt vårvêr, og helst på randoneeski med venner og familie. Sola steikar, og det er heilt vindstille slik at ein kan sleike sol (gjerne i baris), ta livet med ro og nyte utsikta på toppen med kakao og søtsaker. På vegen ned er det perfekt påskeslusj- eller pudderføre. Vel nede igjen, så blir det tid til eit par timar avslapping før det blir ein joggetur med lette bein på flate grusvegar i perfekte forhold. Avsluttar dagen med ein god middag og nokre rolege timar i sofaen med ein film eller sport på TV-en. For dei som har lyst til å oppleve dette, så er oddsen overraskande låg for slike dagar i trivselsfylket i april og mai!
11. Har du nokre uvanar?
– Prokrastinerer. Kunne til dømes levert svara på dette intervjuet for ei veke sidan, men det blei i siste liten.
12. Har du nokre ritual?
– Eg har ingen «overtruiske» ritual eg må gjennomføre, men etter eg fekk ein heftig kink (prolaps(?)) i korsryggen då eg tok på piggsko i mai 2023, så har skoskeia stort sett blitt ein medhjelpar når piggskoa skal på. Dumt å bli sengeliggande rett før eit viktig løp… Elles følgjer eg relativt faste prosedyrar for trening, oppvarming, søvn og matinntak før løp, men prøver å ikkje låse meg heilt fast i tilfelle det skjer ting eg ikkje kan kontrollere.
13. Kva er din «guilty pleasure»?
– Sjå romantiske komediar på rolege mølleøkter.
14. Største høgdepunkt i livet så langt?
– Godt spørsmål. Dei største kicka har eg nok fått gjennom idretten. Kanskje då eg sprang mila under 30 for første gong i 2017. Det var det ultimate målet med karriera då eg starta satsinga i 2014, så var veldig stort å nå det målet den gongen.
15. Kva skal du gjere når du blir pensjonist?
– Vere så aktiv eg kan, reise til varmare og høgare strøk, drive dugnad og tilbringe mykje tid med familie og venner.
16. Beste idrettsoppleving?
– Eg har mange gode løpsminne frå ei lang karriere, men fire løp skil seg nok ut opplevingsmessig. 13.37 på 5000 meter på Bislett i 2021 var det perfekte løpet der alt stemte. Første gongen under 30 minutt på mila under NM i Sandnes i 2017 og første seniormedalje då eg tok sølv i NM terrengløp på «heimebane» i Vik det same året, var også stort. Felles for desse løpa var at det gjekk betre enn håpa, noko ein sjeldan opplever i denne bransjen. Den fjerde var opphavleg EM terrengløp i 2017, men fekk heldigvis bytta den ut med EM terrengløp i 2023 som var ei større oppleving på alle måtar! I tillegg var det stort å vinne KM innandørs i fotball i 2008 som underdog med gode vennar i Jølster!
17. Favorittøkt?
– Innan løp er eg glad i lengre samanhengande terskeløkter på 12-16 km og diverse konkurransespesifikke økter med gode bein sommarstid. 6 x 1000 m + 10 x 400 m terskel er også ei økt eg ofte tyr til og som eg likar godt. Men generelt sett er det lite som slår lange, rolege randonee-turar på barisføre oppover og puddersnø nedover.
18. Er det ein låt du gjerne set på før kvalitetsøkter og/eller konkurransar?
– Set på spotify-lista mi «matetempo» om eg skal gire meg opp litt ekstra.
19. Beste motivasjonstips?
– Ikkje vere avhengig av motivasjon. Just do it. Men å setje kort- og langsiktige mål som betyr noko for deg og prøve å finne ut kva som krevst for å nå dei måla, har gjort susen for min del i periodar der motivasjonen har vore litt laber. I tillegg har eg trua på å jobbe mot eit felles mål slik at ein også har forpliktingar overfor andre. I Jølster friidrett har «Road to kollen» blitt ei fin greie som eg veit motiverer mange til å legge ned litt ekstra treningsinnsats gjennom vinteren!
20. Drømmeferie?
– Alpeferie sommarstid, og heller den varianten der eg kan fokusere på å legge ned høgdemeter og nyte det gode liv enn å forbetre terskelfarta.
21. Kva inspirer/motiverer deg i treningskvardagen?
– Framgang. Finne ut kor god eg kan bli. I tillegg blir eg motivert av å sjå framgangen til dei yngre løparane i Jølster!
22. Føretrekt måltid i forkant av kvalitetsøkt/konkurranse?
– 3-4 brødskjever med ost/skinke 3 timar før start. Banan og sjokkis 1 time før. Litt sportsdrikk på si.
23. Tips til a) film, b) dokumentar og c) bok?
a) Groundhog Day
b) The Rescue
c) 5 fjell. 5 kontinenter. 5 uker

Jacob Boutera (fra v.), Even Brøndbo Dahl og Eivind Øygard etter å ha sikret Norge to individuelle medaljer og laggull på Island. (Foto: Einar Børve)
Saman med Jacob Boutera (til venstre) og Even Brøndbo Dahl (midten) sikra Eivind Øygard norsk gull i lagkonkurransen i EM terrengløp hausten 2023. (Foto: Einar Børve)

Eivind-Oeygard-2017-foto-Arne-Dag-Myking-3J6A8416.jpg

Eivind Øygard

Alder: 32 år
Bustad: Jølster
Yrke/studiar: Idrettsfaglektor på Sogndal VGS
Sivilstatus: Kjærast
Idrett: Langdistanseløp på bane, gate og i terreng
Klubb: Jølster IL
Persar: 3.44,31 på 1500 m, 8.04.42 på 3000 m, 13.37,45 på 5000 m, 28.46,40 på 10 000 m og 1.04.40 på halvmaraton
Merittar: Sølv NM terreng lang løype, bronse NM halvmaraton, 21. plass individuelt og lagbronse EM terreng, 4. plass individuelt og laggull nordisk meisterskap terrengløp
Foto: Arne Dag Myking

Powered by Labrador CMS