Feltet snaue 150 meter etter start. Foto Arrangøren.
Feltet snaue 150 meter etter start. Foto Arrangøren.

Espen Roll Karlsen raskest til Storset

Innspurten på Storset Opp i Lindås Kommune vart eit rivande oppgjer mellom heimeløpar Halfdan Emil Færø og Espen Roll Karlsen frå Gneist. Karlsen spurta i frå dei siste meterane og vann på 12.03

Publisert Sist oppdatert
lilleskare-antia-i5182-n1500
Anita Ivarsen Lilleskare i tet blant kvinnene
tet-i-sving5177-n1500
Espen Roll Karlsen tar teten
hanstveit-tvillingane5185-n1500
Tvillingene Hanstveit følger med langt fremme

– Eg sleit med å henga på Halfdan Emil over siste kneiken, men då eg greidde det satsa eg alt på spurten. Og det gjekk bra for meg, sa den glade vinnaren. Han deltok også i fjor, men sprang ca. 10 sekund fortare i år.

Halfdan Emil Færø fekk tida 12.05, sekundet etter fjorårstida hans.

I klassen for kvinner tok Anita Iversen Lilleskare ein suveren siger på tida 14.12, den åttande beste tida av alle som deltok. Som vanleg i det siste fekk ho hardast konkurranse av Sara Rebekka Færø Linde som noterte 14.39.

Bak desse to veteranane leverte to 14-år gamle jenter frå Mjøsdalen imponerande løp. Tvillingane Emma og Anna Hanstveit vart nummer tre og fire med tidene 14.52 og 14.54. Dei to ungjentene satsa friskt heilt frå start og låg føre Sara Rebekka Færø Linde eit godt stykke opp i bakkane. I baneløp har dei to lovande osterøyjentene sprunge på ca. 4.50 på 1500m i år.

Dei to beste i herreklassen var suverene. Fire karar var med i kampen om tredjeplassen, men dei var alle over minuttet etter dei to beste. Den yngste av dei, Magnus Johan Færø, tok tredjeplassen med 13.12, følgd av tre veteranar. Den eldste av dei, Knut Magne Hauge frå Eikanger, tok fjerdeplassen på 13.15. Medan langrennsløpar André Haugsbø frå Gaular vart nummer fem med13.17. På sjetteplass kom den tredje Færø-karen, Jo Harald, på tida 13.30.

I tillegg til å sikre seg nok en 2. plass, har Halfdan-Emil Færø også en arrangørrolle i Storset Opp.

– Etter den kjempestore oppslutninga om det første Storset Opp i stråande haustvêr i fjor, var me svært spente på korleis det ville gå i år. Med over 270 påmelde denne gongen, er forventningane våre innfridde og vel så det, seier leiar i arrangementskomiteen, Halfdan Emil Færø. Han hadde ein travel dag både som tilskipar og aktiv.

– Med tanke på regntida me har hatt i snart to månader, var det hyggeleg at veret var bra med oss også i år. Litt kjøleg med litt kald trekk oppe på Storset, men forholda var ganske gode, seier Færø.

kvinner-vinnarar5253-n1500.jpg


Topp 3 kvinner. Foto Arrangøren.

menn-vinnarar5258-n1500.jpg
Storset Opp
7. oktober 2018, ca 3 km
Kvinner alle klassar
1 Anita Iversen LilleskareBFG Bergen Løpeklubb 14:12
2Sara-Rebekka Færø LindeVaregg Fleridrett 14:39
3Emma Hanstveit Mjøsdalen IL14:52

Topp 3 herrer.Foto Arrangøren.

Menn alle klassar
1Espen Roll Karlsen Gneist 12:03
2Halfdan-Emil FærøVaregg12:05
3Magnus-Johan Færø Eikanger IL 13:12


Alle resultater

Powered by Labrador CMS