Silje_Fjoertoft_100_IMG_5954

Fjørtoft var suveren i terrenget i SCR

Silje Fjørtoft vann det 6 km lange terrengløpet i Waco i Texas med 25 sekunds margin.

Publisert Sist oppdatert

Av Lill Sørensen:

Saman med lagvenninnene Veronika Blom, Kristine Eikrem Engeset og Monika Kørra kunne ho òg glede seg over i siger i lagkonkurransane mellom dei ulike universiteta.

Etter ein litt trøblete start på terrengsesongen med forkjøling og virus var Silje Fjørtoft klar for å bite frå seg i den 6 km lange løypa rundt Cottonwood Creek Golf Bane in Waco, Texas. 21 lag frå like mange universitet stilte til start i løpet som gjekk 14. november. På førehand var Siljes lag, The Mustangs frå SMU (Southern Methodist University), ranka som nummer ein i sin region etter lagsigeren i Conference USA to veker tidlegare.

Laget består av heile seks skandinavar - Silje Fjørtoft, Vidar; Kristine Eikrem Engeset, Skjalg; Monika Kørra, Ren-Eng og Veronika Blom, Modum pluss dei to svenske jentene Sara Sjökvist og Mary Alenbratt. Med andre ord er det ein herleg "svorsk" gjeng.

Silje leia frå start til mål og vann med 25 sekunds margin til nummer to. Tida blei 20.29,7. SMU vann òg lagkampen etter sterk springing av Sara Sjökvist som vart nummer fire med 21.10,8. Veronika Blom vart nummer sju med 21.17,2, Kristine Eikrem Engeset nummer 8 med 21.20,6 og Mary Alenbratt nummer 23 med 21.43,5. Monika Kørra er akkurat tilbake i konkurranse og blei nummer 57 med tida 23.05,4. Heile 134 jenter stilte til start.

The Mustangs avsluttar terrengsessongen med NCAA Championship i Terra Haute, Indiana 23. november.

Resultat 6 km terrengløp
1 Silje Fjørtoft SMU 20:29.7
2 Betzy Jimenez Texas 20:54.5
3 Erin Bedell Baylor 21:01.9
4 Sara Sjökvist SMU 21:10.8
5 Alyssa Allison Arkansas 21:14.1
...
7 Veronika Blom SMU 21:17.2
8 Kristine Eikrem-Engeset SMU 21:20.6
23 Mary Alenbratt SMU 21:43.5
57 Monika Kørra SMU 23:05.4

Alle resultat

Reportasje hos SMU

Powered by Labrador CMS