Jan Endre Rise vann den fyrste utgåva av Hareid halvmaraton. Foto: Arrangør
Jan Endre Rise vann den fyrste utgåva av Hareid halvmaraton. Foto: Arrangør

Hareid halvmaraton gjekk i dag i tilpassa utgave

Hareid IL arrangerte i dag eksklusiv halvmaraton. Då det vart kjent at Ålesund Maraton 8. mai berre skulle vere for innbyggjarar i Ålesund kommune, kasta ein gjeng hareisdølingar seg rundt og inviterte til halvmaraton for innbyggjarar i Hareid kommune. No vart det aldri noko av Ålesund Maraton denne datoen. Men det vart likevel eit fint og eksklusivt uoffisielt løp på Hareid denne laurdagen

Publisert Sist oppdatert

Einar Orten Trovåg på Hareid fortel til oss:
- Totalt 16 personar frå Hareid kommune deltok på løpet. Av dei sprang 11 halvmaraton og resten 10 kilometer. Løypa vart av det tøffe slaget og inneheldt endå fleire bakkar enn det tradisjonsrike Nordvest Maraton, som går i Hareid kommune i august kvart år.

Ikkje uventa vart Jan Endre Rise den første vinnarar av den såkalla Hareid-meisterskapen på halvmaraton. I den tøffe løypa fekk Rise den solide tida 1.22.45. Men Rise fekk tøff konkurranse frå ungfolen, Henrik Hareide Holstad som har forbetra seg mykje sidan i fjor og fekk tida 1.23.52. Vidare følgde fem etter kvart nokså rutinerte langdistanseløparar: Einar Orten Trovåg, Jørn Hjørungnes og Dag H Moldskred (1.28.14, 1.29.22 og 1.33.08).
Dameklassen vart vunne av Cathrin Elvanes (1.54.26). Ho kjem frå ein av dei mest kjende idrettsfamiliane på Hareid, men dette var faktisk debuten hennar på halvmaraton. Sterkt i den tøffe løypa!
10 kilometer vart vunne av ein som mange kjenner som ein knallhard midtstoppar for Hareid a-lag og andrelag: Ole André Nevstad Kragset. Han fekk tida 46.05. Andreplassen her gjekk til bursdagsbarnet Ørjan Røyset (50.34). -

Starten
Starten gjekk frå Hareid sentrum. Foto: Arrangør

Cathrin Elvanes
Cathrin Elvanes vann dameklassen på halvmaraton. Foto: Arrangør

Ole André Nevstad Kragset
Ole André Nevstad Kragset vann 10 km. Foto: Arrangør
Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS