Rebecca Hilland og Marius Vedvik setter farten på 10 km. (Foto: Johnny Solheimsnes)
Rebecca Hilland og Marius Vedvik setter farten på 10 km. (Foto: Johnny Solheimsnes)

Jølster Maraton vart ein flott løpsfest – i år utan tropevarme

Første laurdag i juli har alltid vore dagen Jølster Maraton blir arrangert. I år vart det 2. juli.

Publisert Sist oppdatert

Jølster Maraton såg dagens lys i 1983, som eit resultat av at den såkalla «joggebølja» slo inn over landet tidleg på 80-talet. Som så mykje anna kom også denne frå USA. Året før hadde den gode nabo i vest, Florø, etablert «Rett Vest». Første året var det to distansar på «menyen»: Halv- og heil-maraton. 42 og 10 løparar stilte, og arrangements-komiteèn var heller spinkel. Vinnaren av den lengste distansen var ein kar som etterkvart skulle bli ein gjengangar i Jølster, Bjørn Gjerde. Tida vart gode 2.34.

Utover 80-talet og inn på 90-talet auka deltakartalet jamnt og trutt, og folk frå heile landet tok turen til Jølster. Då hadde også 10 km blitt ein del av tilbodet. Midt på 90-talet snudde det og deltakartalet gjekk nedover, for så å gå oppatt rundt 2005. Sidan den gong har stemnet hatt eit stabilt deltakartal mellom 350 og 450 konkurranseløparar.

Jølster Maraton har aldri hatt mål om å trekke til seg den ypperste elite, med betaling og dekking av kostnader, men heller vere eit løp for «menigmann». Likevel, her har vore mange gode løparar, og spesielt dei åra NM Maraton har vore arrangert her har vi sett solide løyperekordar på den distansen. NM har forresten vore 3 gonger: 1997, 2008 og 2021.

Årets løp var det 39. i rekka og deltakartalet enda opp i underkant av 400. To nye løyperekordar vart det. Silje Eklund, som også deltok i fjor, var tilbake med klart mål om å ta løyperekorden til Irene Gulli frå NM i 97 på 2.48.59. I fjor var ho 30 sek for sein, men i år var det ingen tvil. 2.47.38 vart tida. Men, det kosta og Silje var undervegs nær ved å måtte stå av. Kun tre menn var føre, og dei var temmeleg nær. Vinnaren var ein debutant på distansen, og ein med famlierøter frå Jølster: Sander Kjøsnes Lie. Tida vart 2.45.05. Unge Andreas Ytredal Akse var nærmast med 2.46.37 medan Torbjørn Høitomt tok tredjeplassen med 2.47.15. Ser vi elles på maratonlista kan vi ikkje unngå å nemne Vera Nystad. Under NM i fjor sette ho verdensrekord i klassen K75-79 med 3.39.51. Så fort gjekk det ikkje i år, men ei tid like over 4 timar er likevel strålande for ei så vaksen dame.

Alle resultater frå Jølster Maraton.

Sander_Kjøsnes_Lie_fix.jpg


Sander Kjøsnes Lie vant helmaraton.

På halvmaraton var Tage Morken Augustson frå Varegg den suverène. Han vann her i fjor og, men i år gjekk det klart raskare: 1.07.47 er ei sterk tid, og berre 7 sekund frå pers. Nest beste fann i same klasse. Det var Øystein Ulekleiv frå Dombås IL med 1.12.02. I dameklassen var Elisabeth Vik først med 1.24.25.

Vi snur til 10 km der vi fekk dagens andre løyperekord. Det var Rebecca Hilland i klasse K40-49 med tida 34.54. Ho var faktisk nest-raskast på distansen! Karoline Harnes Mongstad frå Gular var nest-raskaste kvinne med 36.54. I herreklassen var Marius Vedvik som venta først. Han gjekk vel ikkje heilt i kjellarene med tanke på kommande oppgåver, men 30.23 let seg likevel høyre. 17-åringen Kristoffer Sandal frå Jølster var neste raskaste med 35.20.

Rebecca_Hilland_fix.jpg


Rebecca Hilland i klasse K40-49 satte løyperekord på 10 km.

På «spint-distansen» 5km vart det igjen ein favoritt-siger. Eivind Øygard frå Jølster har hatt ein litt trøblete inngang på sesongen, men verkar no å vere på gang.14.53 utan å presse for mykje er godkjent. Bak Eivind følgjer eit fint knippe med unge lokale løparar, der 15-åringen Åsmund Sunde Førde frå Jølster si tid på 16.18 ragar høgst. I dameklassa vart det jentesiger! 13-åringen Maria Klakegg frå Jølster slo alle andre med tida 20.39.

Arrangøren prøvde i år ein ny vri når det gjaldt løypene. Frå tidlegare å frakte alle unntatt maraton-løparane innover sørsida av Jølstravatnet, var det i år tur/returløp på alle distansar. Logstikk-messig er dette ein fordel, men ein ser at starttidene må justerast for å unngå den lange ventetida det var frå målgang til premieutdeliga for enkelte distansar. Sjølv om nokre saknar den fine turen i ein retning vestover langs vatnet spørs det nok om ikkje årets løysing blir den gjeldande framover.

Neste år er det 40-års-jubileum og datoen er 1.juli. Ei stadig utvikling av løpet og opplegget rundt har vore arrangøren sitt mål kvart år, og dei andre ingen planer om å stoppe her. Her skal haldast eit høgt teknisk nivå, og sjølvsagt behalde den gode atmosfæren som så mange kjenner Jølster Maraton for.

Andreas_Ytredal_Akse_fix.jpg


Andreas Ytredal Akse inn til en andreplass på maraton.

Resultat kvinner maraton:

PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
115Silje EklundSkreia IL / Totenåsen løpK40-442:47:38
214Gunhild H. EimhjellenTRONDHEIMK23-343:11:40
354Leni ØklandBFG Bergen LøpeklubbK35-393:16:37
410Kjersti ErvikHOMMELVIKK45-493:27:43
536Elizabeth SwedbergLUXEMBOURGK35-393:38:19
628Liv B. Jegteberg LystadSportsklubben Vidar / Team KondisK60-643:50:07
757Tonje Bøyum RisteFØRDEK35-393:56:39
833Vera NystadSøgne IL / Søgne I LK75-794:02:23
93Mona TurøySotra SportsklubbK55-594:06:38
107Kjellaug FjordheimKristiansand LøpeklubbK65-694:07:56
1120Helene HaugeSKEI I JØLSTERK35-394:12:17
1217BOGLARKA KONDOR K35-394:18:46

15 beste menn maraton:

PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
137Sander Kjøsnes LieFRI IL / GampenM23-342:45:05
227Andreas Ytredal AkseHyllestad ILM20-222:46:38
352Torbjørn HøitomtNordre Land IL - FriidrettM35-392:47:15
446Bjørn Ole VassbotnVolda Turn og ILM55-592:54:41
54Øyvind BlomSkjergard / Skjergard IL FriidrettM45-493:03:52
622Geir NygårdFørde IL / Amalie i Mitt HjerteM50-543:03:58
741Frode JohansenBFG Bergen LøpeklubbM50-543:06:21
832Ove WolffHyllestad ILM55-593:07:16
929Stig KongsvikHyllestad ILM35-393:08:05
101Leif NordlandHaukeland Sykehus ILM55-593:08:18
1126Halvor BeenRygge ILM45-493:14:02
1282Christer YnwaFØRDEM23-343:14:57
1338Lars Erik ØdeRyggejoggenM50-543:15:32
1425Ole HolgersenAsk Friidrett / Løp Sammen AskøyM23-343:16:31
1562Trond PedersenAsk Friidrett / Løp Sammen AskøyM55-593:19:49

15 beste kvinner halvmaraton:

PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
1144Elisabeth VikBFG Bergen LøpeklubbK40-441:24:26
2109Kari-Anne StrandmanØl og KondisK35-391:27:12
3262Bodil HansenAsk FriidrettK50-541:33:15
4224Hildegunn HålandTrioK55-591:34:23
5239Linda Uglenes MaristuenLærdal IL / Team TråveK45-491:39:07
6174Stine UlltangOSLOK35-391:40:38
7164Mona Haukås OlsenHORDVIKK35-391:40:39
8257Torill Kjøsnes GabrielsenEquinor Bergen BILK45-491:48:33
9216Tone ÅrdalULSETK50-541:49:08
10162Adrie PolackEDEK45-491:50:18
11121Heidi Raae StedjeSOGNDALK23-341:50:49
12232Vibeke StavangFØRDEK45-491:50:55
13229Arnhild LundekvamBERGENK45-491:52:30
14210Lisbeth FauskangerAsk FriidrettK50-541:55:13
15193Sissel BringelandDNBK45-491:56:16

15 beste menn halvmaraton:

PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
1194Tage Morken AugustsonVaregg Fleridrett / Team KjellM23-341:07:48
2119Øystein UlekleivDombås ILM23-341:12:03
3113Reidar AustrheimVindafjord ILM20-221:12:38
4159Henrik AngermundVaregg / Running RecordsM40-441:15:27
5117Lars-Erik Notevarp BjørgeVaregg Fleridrett / Equinor BILM23-341:15:30
6259Kristoffer Reitan S. BuvarpSteinkjer FriidrettsklubbkM20-221:15:58
7184Kristian JarnungLøplabbetM40-441:15:58
8212Alexander Øen AskFørde IL - FriidrettM35-391:16:04
9249Stian Løkke ØvrebøKaupanger ILM23-341:17:17
10234Ørjan SkilbreiLærdal ILM35-391:17:53
11238Hugo OlsenTelenor Telesport BergenM50-541:19:21
12242Sverre HoggenØrsta IL / TartanmandagM35-391:19:25
13100Kai Arne SkårTartanmandag /Ørsta ILM40-441:19:51
14207Frode FuglehaugØrsta IL / TartanmandagM45-491:20:32
15263Trygve AndresenVaregg FleridrettM40-441:21:24

15 beste kvinner 10 km:

PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
1399Rebecca HillandBfg BergenløpeklubbK40-4934:55
2315Karoline Harnes MongstadGular / IL GularK30-3936:25
3317Målfrid HermansenBFG Bergen LøpeklubbK40-4938:46
4357Ine Birgitte NyhusVaregg FleridrettK20-2938:54
5370Ane BrekkeFørde IL - FriidrettK20-2939:21
6363Aurora SvalheimSandane Turn og IdrettslagK12-1344:42
7387Stine Voll AasenFØRDEK30-3945:12
8324Svetlana SorokinaBFG Bergen LøpeklubbK30-3945:29
9334Gry Magritt HaugsetJølster ILK50-5945:51
10402Malin Frøyen BergsetTeam BergsetK50-5948:10
11373Henriette BertramFØRDEK30-3948:22
12337Anna Magrethe TråveLærdal Il/Team TråveK60-6948:47
13390Malene DøskelandGaular ILK30-3948:53
14325Sunniva Skrede HallangerFørde ILK14-1548:57
15304Christine BergvatnLöplabbetK40-4949:10

15 beste menn 10 km:

PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
1336Marius VedvikGularM30-3930:24
2331Kristoffer SandalJølster ILM16-1735:21
3301Håvard TonheimEikefjord ILM20-2935:27
4342Mario Midje BaltovAurland ILM30-3936:21
5374Kristian MoMoneset MotbakkelaugM40-4938:14
6353Truls ReigstadRadøy LøpeklubbM50-5938:34
7352Jens Ole ÅrdalJølster IL / JølsterM60-6939:41
8391Emanuel AarsethJølster ILM12-1339:59
9376Georg RubecksenGeorg RubecksenM40-4940:03
10361Emil KnutsenFØRDEM30-3940:07
11310Åsmund SkålevikAsk FriidrettM40-4940:29
12401Torbjørn OsTambarsk./Amalie i Mitt HjerteM50-5940:53
13326Raymond KvammenJølster ILM30-3941:13
14371Arne AaseFLORØM50-5941:36
15358Herman Myren GrøndalLærdal ILM40-4941:50

15 beste kvinner 5 km:

PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
1855Maria KlakeggJølster ILK12-1320:39
2849Kristin SundeJølster ILK40-4923:38
3804Inger Johanne KloksetHaugesundl/Team Sportsm.K50-5923:47
4861Bodil KvammenNESTTUNK40-4924:05
5875Ingrid Straume-SundeAsk FriidrettK12-1324:29
6822Anna SollidGloppen FriidrettslagK16-1724:48
7808Aslaug NedrebøJølster ILK40-4924:54
8838Veronica VikneVASSENDENK30-3925:18
9829Birte OppedalEquinorK60-6925:42
10834Trine AudsdotterSkogsvåg ILK40-4925:49
11820Torill Duesund AarsethVASSENDENK30-3925:50
12841Anne Cecilie KapstadFørde ILK40-4925:52
13800Kjellaug BromsethSKEI I JØLSTERK70-7428:36
14872Marie ØyGui skK30-3928:53
15819Emma LundeØVRE ÅRDALK14-1529:25

17 beste menn 5 km:

PlassStartnr.NavnKlubbKlasseTid
1862Eivind ØygardJølster ILM30-3914:54
2811Tobias FuglestrandSandane Turn og IdrettslagM18-1916:08
3844Åsmund Sunde FørdeJølster ILM14-1516:18
4854Øystein StøfringJølster ILM20-2916:32
5881Isak SkogenVikane ILM16-1717:28
6852Gard Kvammen BeinnesNESTTUNM20-2918:34
7833Kjell ØygardJølster ILM60-6918:38
8883Magnus Reite BjellåsJølster ILM20-2918:52
9832Andreas Bjørvik FugleSANDE I SUNNFJORDM20-2918:56
10885Vegard HegrenesFørde IL - FriidrettM20-2918:59
11850Atle SkredeFørde IL - FriidrettM40-4919:13
12884Ola HegrenesFørde IL - FriidrettM50-5919:19
13863Sakarias BreivikAsk FriidrettM14-1519:54
14842Torje BjellåsJølster ILM50-5920:18
15851Hector BreivikAsk FriidrettM12-1320:29
16840Hallvard KlakeggJølster ILM50-5920:41
17865Tore KlanderudVaregg/Team ErdalstunetM50-5921:05
Powered by Labrador CMS