Klart for Folgefonna Opp lørdag 26. august
26. august inviterer Ænes og Mauranger Bygdalag til motbakkeløpet Folgefonna Opp og Maurangerdag i Bondhusdalen.
Folgefonna Opp og Maurangerdagen 2017
Folgefonna Opp tar deg frå fjord til fonn på historisk grunn, og i sjølve indrefileten av det Kvinnherad har å by på av natur. Folgefonna Opp vert arrangert for sjette gong.
Første del følgjer Isvegen innover Bondhusdalen, deretter oppover den frodige Hillarslia med sine mange hårnålssvingar til, Gardshammar(745 moh.). Vidare følgjer løparane den T merka stien inn i eit alpint landskap og kjem i mål etter 11 km ved Fonnabu turisthytte (1460 moh.) like ved Folgefonna. Her ventar ein fantastisk utsikt og Kvinnherad Turlag med varm fruktsuppe.
Traseen følgjer den 120 år gamle ridevegen Turistvegen over Folgefonna, som er ei av få utvalde historiske vandreruter i Norge. Sherpaene har også vore i sving på denne stien, og har laga flotte steintrapper opp det vanskelege partiet nedanfor Breidablikkhytta.
Ein perfekt trasè`
Tilbakemeldingane frå tidlegare deltakarar har vore overveldande; - Ein perfekt trasè` for motbakkeløp med god sti og jamn stigning. Dermed er det mogeleg å springe heile vegen opp, noko som vil vera ein fordel for dedikerte motbakkeløparar.
Det er mosjonsklasse og juniorklasse i tilegg til konkurranseklassen. Mosjonistane spring utan tid og kan starte nokon timar før. Juniorane startar samtidig med konkurranseløparane, men har målgang ved Garshammar, 5 km ut i løypa.
Fristen for påmelding er sett til 19.august, men det er ope for etterpåmelding like fram til løpsdagen. Hiv deg rundt og meld deg på no på www.folgefonna-opp.no. Der vil du også finne meir informasjon om løpet.
Vinnarane kan vente seg flotte, lokalproduserte nisjeprodukt i tillegg til pengepremiar. Blant anna kan du vinne den unike FolgefonnaOpp-strikkehua og drikkebegeret Tomling. Set du ny løyperekord blir du den glade eigar av ein handlaga kniv. Då må du tukte dei sterke tidene til Arild Een 1.23.26 eller Mai Britt Buer 1.40.21.
Maurangerdag
Sanstundes som deltakarane svettar seg opp lia blir det folkefest inne på Sandarvollen, 2km lett gange frå parkeringsplassen i Bondhusdalen. Dei yngste skal også få startnummer på brystet. Barneløpet har same start som motbakkeløparane og målgang inne på Sandarvollen med premie til alle. Her blir det også Maurangermeisterskap i barkebåtløp og mjølkespannhalding, Zip line over Bondhuselva, ansiktsmaling og quiz. Rosendal speidergruppe vil også ha eigen stand og lære oss å lage knutar og fyre opp bål.
Dei tre raskaste damene til Fonnabu 2016; Frå venstre nr.1 May Britt Buer, nr 2 Karin Hilstad, nr 3. Tina Eik
Ein perfekt trase`
Tilbakemeldingane frå tidlegare deltakarar har vore overveldande; - Ein perfekt trase` for motbakkeløp med god sti og jamn stigning. Dermed er det mogeleg å springe heile vegen opp, noko som vil vera ein fordel for dedikerte motbakkeløparar.
Det er mosjonsklasse og juniorklasse i tilegg til konkurranseklassen. Mosjonistane spring utan tid og kan starte nokon timar før. Juniorane startar samtidig med konkurranseløparane, men har målgang ved Garshammar, 5 km ut i løypa.
Fristen for påmelding er sett til 20.august, men det er ope for etterpåmelding like fram til løpsdagen. Hiv deg rundt og meld deg på no på www.folgefonnaopp.no. Der vil du også finne meir informasjon om løpet.
To nøgde vinnarar med kvar si Folgefonna Opp hue. Veslemøy Haugland vann juniorklassen medan Ingebrigt Ølmheim vart førstemann til Fonnabu 2014. Foto : Arrangøren
Vinnarane kan vente seg flotte lokalproduserte nisjeprodukt i tillegg til pengepremiar. Blant anna kan du vinne den unike FolgefonnaOpp strikkehua og drikkebegeret Tomling. Set du ny løyperekord blir du den glade eigar av ein handlaga kniv. Då må du tukte dei sterke tidene til Arild Een 1.23.26, eller Marit Årthun 1.45.12.
Maurangerdag
Sanstundes som deltakarane svettar seg opp lia blir det folkefest inne på Sandarvollen, 2km lett gange frå parkeringsplassen i Bondhusdalen. Dei yngste skal også få startnummer på brystet. Barneløpet har same start som motbakkeløparane og målgang inne på Sandarvollen med premie til alle. Her blir det også Maurangermeisterskap i barkebåtløp og hesteskokasting,, Zip line over Bondhuselva, ansiktsmaling, natursti og orientering.
I kiosken blir det sal tradisjonsmat som rjomegraut, mjølkekaker og grilling av pølser og laks mm. Her vil også premieutdelinga for motbakkeløpet føregå. Om kvelden blir det pubkveld på Mauranger Kro og Gjestehus.
Det er altså ingen grunn til å sitje heime denne laurdagen enten du vil forbrenne kaloriar så det sprutar, eller berre kosa deg med ein god porsjon rjomegraut . Ænes og Mauranger Bygdalag ønskjer alle sprekingar og mindre spreke hjarteleg velkomne til Bondhusdalen 27. august.
Løypekart
Meir info:
www.folgefonnaopp.no
https://www.facebook.com/FolgefonnaOpp
www.mauranger.no/
Kondisreportasjer Folgefonna Opp
2016 :May-Britt Buene satte rekord i Folgefonna Opp