Der er ein liten nedgang frå i fjor, men ikkje så gale dei usikre vermeldingane på førehand tatt i betrakning.

Det vart litt surt ver med skodde og regn på toppen. Då gjorde det godt å kome inn på Fonnabu og få varmen att med fruktsuppe.

Første mann opp til Fonnabu i år vart Øystein Halldorson Korlevoll-Odda med tida 1.29.45.

 Dei to neste vart Lars Olav M. Apold, Gular og Andreas Søfteland, Hagavik. Beste dame til Fonnabu vart May Britt Buer, med tida 1.40.21.

May Britt sette dermed løyperekord og vann i tillegg ein lokalprodusert handlaga kniv. 

Bård Olav Medhus, Røldal IL vann juniorklassen suverent og imponerte stort med å vera aller første mann til Gardshammar, foran alle konkurranseløparane.

Han fekk tida 35.51. Imponerte gjorde også søsken Marcus og Emilie Enes-Seeberg med sterke tider tross ung alder. Emilie vart soleklar vinnar i junior damer.

Alle foto arrangøren

IMG_7364.jpg
Topp 3 herrer, Andreas Søfteland, Øystein Halddorsson og Lars-Olav Måkestad Apold

Alle resultater Folgefonna Opp

IMG_0408 (1).jpg
Øystein Halddorsson først til topps.

IMG_0409 (3).jpg
Lars-Olav Måkestad Apold blir nr 2

IMG_0413 (7).jpg
Andreas Søfteland inn til 3. plass

IMG_0427.jpg
May Britt Buer vinner dameklassen

IMG_7329.jpg
Vinnarane i junior gutar, Frå venstre nr. 2 Marcus Enes-Seberg, nr 1 Bård Olav Medhus

IMG_7331.jpg
Vinnarane i junior jenter; frå venstre nr2. Oda Medhus, nr 1 Emilie Enes-Seberg