Hardanger Marathon byr på en skikkelig naturopplevelse. Her er Bengt Eliassen (364) og Lisbeth Fauskanger godt i gang. (Foto: Sylvain Cavatz)
Hardanger Marathon byr på en skikkelig naturopplevelse. Her er Bengt Eliassen (364) og Lisbeth Fauskanger godt i gang. (Foto: Sylvain Cavatz)

Resultater fra Hardangervidda Marathon

Laurdag 10. september gjekk startskotet for årets Dynafit Hardangervidda Marathon. Eidfjord har fantastiske fjellområder og dette løpet er eit perfekt val for dei som set pris på kombinasjonen frisk fjelluft og svette. Drøye 400 deltakarar var påmeldte og løparane fekk køyrt seg skikkeleg i ei krevjande, men nydeleg og variert løype.

Publisert Sist oppdatert

Pressemelding fra arrangør

2022-09-10_1200_0271-Web.jpg


Hardangervidda Marathon (Foto: Sylvain Cavatz)

Nydeleg og nådelaus - Gode forhold og god stemning

Løypa som går gjennom fantastiske fjellområder er raskt blitt populær blant løparane. Starten gjekk på Høel i perfekt løpevêr. Løparane fekk fort kjenne på den brutale motbakken opp Høloksla. Her var det nok mange som hadde ein runde og to med seg sjølv og kanskje til og med vurderte mulegheita for å finne seg ein ny hobby. Etter toppen venta eit fantastisk område innover mot Hallingahaugane og deretter ned mot Hjølmoberget. Der vanka det mat, drikke og oppmuntring frå crewet. Så var det berre å snu nasa mot Berastøldalen og lampe lystig tilbake langs turistvegen mot Feet. Halvmaraton-deltakarane kunne derifrå fortsetje rett mot målgang på Liseth.

2022-09-10_1016_9810-Web.jpg

Sigurd Hulbak i godt driv på maraton. (Foto: Sylvain Cavatz)

Dei heldige marathonløparane kunne gle seg til ein ny opptur, nemleg slalombakken på Maurseth. Denne trur me ikkje blir gløymd med det første for her var det mange som måtte kjempe ein durabeleg kamp mot seg sjølv. Opp, opp og opp, belønninga var ei formidabel utsikt og vidare løping på smale stiar i lett terreng og storslått natur. Etterkvar kunne løparane ta seg ned i Isdalen der dei fekk ein liten tur på grusveg før dei blei sendt lokst ut i terrenget igjen. Denne gongen i ei sløyfe oppom Smyttet før sjarmøretappen via Gryteskar og ned til heiarop og god stemning ved målgang på Liseth.

2022-09-10_1027_5144-Web.jpg

Marta Teigen Varanes løper maraton. (Foto: Sylvain Cavatz)

Dei første deltakarane kom i mål allereie om føremiddagen. Vinnarane fekk lokale kvalitetsprodukt i premie. Alle som fullførte fekk T-skjorte, heder og ære. I tillegg var det premiedryss med uttrekkspremiar, cola, suppe, jubel og kubjølleklang.

Me har også i år fått gode tilbakemeldingar, men løypa viste seg å vere enda enda hardere enn først antatt, i år som i fjor. Fleire og fleire deltok på krampefesten som spreidde seg blant løparane relativt tidleg i løpet. Løparane tok det med godt humør og stemninga var magisk. Beskrivelsen som passar best er kanskje «Her kan du fort få ein av dei verste, men òg den beste dagen i livet».

2022-09-10_1021_4991-Web.jpg

Bjarte Haugland (BIB 61). (Foto: Sylvain Cavatz)

Imponerande vinnertider

I år vart det fleire løyperekordar! Beste tid på marathon hadde Jack Kosky med tida 3:49:52 etterfulgt av Erik Vodla og Bjarte Westerheim. Raskaste dame var Johanne Wessel som kom inn på tida 4:36:10 etterfulgt av Marie Mossestad og Ida Jahren Herud. Alle seks var innanfor fjorårets beste tid i dame- og herreklasse.

2022-09-10_1012_4636-Web.jpg

Jack Kosky løp meget godt i fjellet. (Foto: Sylvain Cavatz)

På halvmarathon suste Pavel Serov først over målstreken med tida 1.54.57. Mads Løkeland Slåke og Erik Klyve Dalland kom berre nokre minuttar etter. Damene var også superraske i år, dei tre første kom inn på betre tider enn den første dama i fjor. Randi Soma kom inn på tida 2:17:56 før Kristin Marcia Eikje og Marte Røkke.

Dugnadsånd driv løpet

XtremEidfjord er ein frivillig organisasjon der alt arbeid blir gjort på dugnad. Det er eit stort apparat som er i sving. Dugnadsfolka bruker mykje av fritida si på å arrangere spektakulære løp for dei som søker røffe opplevingar i fjellet. Dei fleste frå crewet har vore med i mange år, det viser at me har det kjekt i lag og er stolte av det me får til.

Dugnadsfolka i Eidfjord er ikkje kjend for å spare på kruttet når dei hyllar sprekingane som spring, og hyttefolka i Sysendalen vart i år oppfordra til heiing langs løypa.

Sponsorar som er med å støtte XtremEidfjord gjer at me kan fortsetje å arrangere løp i Eidfjord på vakre Hardangervidda, det er me utruleg takknemlege for.

2022-09-10_1329_0461-Web.jpg

Martin Fjellheim Hansen. (Foto: Sylvain Cavatz)

Halvmaraton // Herrer

1.Pavel SEROV [485]1989TRS--01:54:47
2.Mads LØKELAND SLÅKE [560]1991 +3:1701:58:04
3.Eirik Klyve DALLAND [518]1982SK Viggo+7:4502:02:32
4.Vegard AASEN [547]1900 +10:1602:05:03
5.Even Magnus ASPLI [465]1989Frol IL+12:1902:07:06
6.Vegard FRØYSTEIN LARSEN [406]1988 +17:4502:12:32
7.Morten Aadland FOSSMARK [432]1994Samnanger IL+18:2202:13:09
8.Martin Monsen OLSTAD [464]1988BPI+18:3302:13:20
9.Matthew BENSON [366]1990 +19:4202:14:29
10.Tord HANEVIK [402]1991Inventura+20:0302:14:50
11.Johannes VAN DEN HEEVER [512]1996 +20:3702:15:24
12.Rune KNUTSEN [411]1973MOSTERHAMN+20:4802:15:35
13.Tomi MÄKELÄ [528]1975 +21:0402:15:51
14.Frode AMUNDSEN [514]1984 +23:2202:18:09
15.Geir FLATHEN [360]1977 +26:5202:21:39
16.Øyvind RØSAND [409]1984PR Maskin+27:5702:22:44
17.Richard DAHLE HEMRE [335]1994 +29:1202:23:59
18.Henning LANGEDAL [346]1995 +29:3402:24:21
19.Freddy MOSSESTAD [428]1964Varegg Fjellgeitene+30:2802:25:15
20.Jørn HJELMELAND [529]1974Omvikedalen IL+32:0202:26:49

Halvmaraton // Kvinner

1Randi SOMA [522]1975Dale fjelløpere+23:0902:17:56
2Kristin Marcia EIKJE [494]1977 +28:4902:23:36
3Marte RØKKE [403]1995 +30:3102:25:18
4Leni ØKLAND-LIHAUG [532]1985Bfg Bergen Løpeklubb+31:2602:26:13
5Tina KLEVEN [373]1995 +32:4902:27:36
6Wenche G ENES [429]1968Varegg Fjellgeitene+34:5202:29:39
7Emily GADDIS [415]1993 +37:3002:32:17
8Kaja THEIS [559]1989 +40:3602:35:23
9Marie AAKRANN [462]1991Team kalde føtter+40:4202:35:29
10Hedda Hulbaklien BAKKE [523]1998Koll IL+41:5802:36:45
11Gunvor REFSDAL [503]1975Vik il+43:0002:37:47
12Ellen Terese HARBAKK [316]1977Vik IL+46:4602:41:33
13Ingeborg Enes LUDVIGSEN [431]1995Samnanger IL+47:0102:41:48
14Gunhild JENSEN [527]1975Ål il+48:0602:42:53
15Helene SØREIDE [310]1990 +48:1502:43:02
16Silje Bråthen HUSEBØ [331]1989BPI+48:4502:43:32
17Maiken SMYLIE-GIBB [510]1996 +50:0502:44:52
18Charlotte GULBRANDSEN [507]1988 +50:2402:45:11
19Louise LEHMANN CHRISTENSEN [524]1996 +54:0602:48:53
20Elisabeth KALSTØ [493]1984 +55:4302:50:30

Maraton // Kvinner

1Johanne WESSEL [19]1996 +46:1804:36:10
2Maria MOSSESTAD [68]1996Varegg+56:3804:46:30
3Ida JAHREN HERUD [53]1993Procon AS+1:03:5304:53:45
4Vilde TENGESDAL [126]1996 +1:42:0405:31:56
5Marta Teigen VARANES [190]1990 +1:44:3605:34:28
6Liv-Anna FOLGERØ [15]1986Tromøy løpeklubb+1:46:3205:36:24
7Katrin OLSEN [184]1979Urth-Adventures+2:01:5205:51:44
8Emilie ELISEUSSEN ØDEGAARD [37]1992 +2:02:0805:52:00
9Silje ANDREASSEN [12]1982 +2:02:1005:52:02
10Celine KRISTIANSEN [45]1995 +2:02:1305:52:05
11Lene KLEIVEN [170]1975Voss+2:10:1906:00:11
12Margrethe FRANK [147]1998 +2:10:1906:00:11
13Eva NORDNES [4]1983 +2:11:4406:01:36
14Magnhild KALSTØ [156]1977 +2:16:5306:06:45
15Heidi GUNDERSEN [160]1977Lauparlauget 4x4+2:18:1306:08:05
16Line SKORPE AASPRONG [78]1997 +2:19:2406:09:16
17Katrine KNUDSEN [130]1979 +2:28:0106:17:53
18Malin LEMURELL [84]1970Team ElMa+2:32:3706:22:29
19Else JOHANSSON [83]1969Team ElMa+2:32:3706:22:29
20Vilde KOLSTAD [112]1997 +2:34:1906:24:11
21Anna Gunn FOLGERØ [28]1960Tromøy løpeklubb+2:44:3906:34:31

Maraton // Herrer

1Jack KOSKY [153]1993GTI Friidrettsklubb--03:49:52
2Erik VADLA [49]1990VENUE // Sandnes IL+11:4104:01:33
3Bjarthe WESTERHEIM [188]1974Stord Orientering+13:1504:03:07
5Kenneth WESTERHEIM [3]1971Stord Orientering+33:5904:23:51
6Sigurd HULBAK [238]1995 +34:1604:24:08
7Eirik KVARV [102]1977Øystese Idrettslag+45:3204:35:24
8Jens Andreas MELHEIM [173]1975Vik IL+45:4304:35:35
9Geir Storetvedt SKATEN [1]1974Il Gular+47:0804:37:00
10Terje BEKKESLETTEN [50]1979Øystese IL+49:5704:39:49
11Jan KALIBERKA [76]1984Praha 5 Motol+51:2104:41:13
12Jan Petter BEKKEVOLD [182]1983Holte Consulting+53:5904:43:51
14Lars Ole GUDEVANG [106]1976Gti+55:3404:45:26
15Espen DOMMERSNES [117]1994 +56:0704:45:59
16Ole-Jacob BIRKELI [7]1987Nymark IL+57:2004:47:12
17Martin OTTERAAEN [120]1990Sparta55 tri+59:1304:49:05
18Bjarte HAUGLAND [61]1978Varegg+1:01:0304:50:55
19Glenn HORNSET [240]1987Tylldal IL+1:01:3004:51:22
20Frode JOHANSEN [187]1969Bfg bergen Løpeklubb+1:04:0604:53:58
21Oddbjørn ROVDE [172]1998BSI friluft+1:08:5504:58:47


Mer informasjon
Løpets hjemmeside
Løpet på Facebook
Se alle resultater her

Powered by Labrador CMS