Dei tre beste damene med vinnaren Marianne Feidje Medje i midten, flankert av Mirjam Mjelde til høgre og Marianne Kalleklev Haukøy til venstre (foto: Vidar Simmenes).
Dei tre beste damene med vinnaren Marianne Feidje Medje i midten, flankert av Mirjam Mjelde til høgre og Marianne Kalleklev Haukøy til venstre (foto: Vidar Simmenes).

To debutantar vann Bjarte Viks Eliteløp

Det var fine forhold og godt oppmøte på Bjarte Viks Eliteløp (5 km) laurdag 8. oktober. Jonas Dalland frå IL Gular vann herreklassen suverent på 15.33. Allsidige Marianne Feidje Mjelde frå arrangørklubben Osterøy IL var best av damene med 19.57.

Publisert Sist oppdatert

Løyperekordane var aldri truga, men det vart sett mange personlege rekordar i den 18. utgåva av eliteløpet. Forholda var fine med sol, 12 grader og lett motvind. 58 deltakarar var litt færre enn i fjor, men stemninga før start var likevel upåklageleg.

- Om to år har løpet 20-årsjubileum. Det er same år som Osterøy IL har 100-årsjubileum. Då satsar me på 100 deltakarar, sa løpets grunnleggjar Bjarte Vik i sin tradisjonelle velkomstale før start.

Det danna seg kjapt ein tettrio ut frå start med Magnus E Heggøy (Ask), Jonas Dalland (Gular) og lettbeinte Muse Okube (Osterøy). For alle tre var dette jomfruturen til Bruvik, men dei hadde iallfall fått med seg at løypa var rask og svingete.

Bjarte_ønsker_velkommen.jpg


Bjarte ønskjer alle velkomen. Om 2 år i 2018 når Osterøy IL har runda 100 år forventar han minst 100 deltakarar (foto: Vidar Simmenes).

Jonas drog frå dei andre og vann
Jonas Dalland hadde nok eit lite favorittstempel, og rundt halveges tok han føringa og drog frå. I mål fekk Jonas 15.33, ei tid han var godt fornøgd med i den 5 km lange løypa. Magnus E. Heggøy frå Ask, som no er tilbake etter eit lite kvileår, kom inn som nr. 2 på 16.10. Eritreiske Muse Okube, som byrja med friidrett i vinter og enno ikkje har kondisjonsgrunnlaget til å halda farten i 5 km, fekk det tungt siste halvdel. Dermed var det fritt fram for arrangørklubbens beste veteranløpar, 43-årige Kjetil Monstad. Han fekk 16.23 og tredjeplass utan heilt å gå i kjellaren.

Elitelop2.jpg



Jonas Dalland (i midten) vann klart med 15.33, Magnus E. Heggøy (til høgre) fekk 16.10, medan KJetil Monstad (til venstre) fekk 16.23 (foto: Vidar Simmenes).

Den forsmedelege 4. plassen tok Bjarte Vik seg av denne gongen. Han er den einaste som naturleg nok har sprunge alle 18 eliteløpa. Det må nemnast at Bjarte gav skikkeleg gass siste kilometeren inn mot Bruvik for å leggja bak seg Øyvind Loftås. Fri-løparen sprang med dobbel barnevogn. I barnevogna sat dottera Maja og venninna hennar Sofie og kosa seg med rosiner og jus, medan dei småprata og heia på faren. Tida på alle tre vart 17.03.

SAM_1791.jpg


Øyvind Loftås 17,02 med vogn og 2 småe (foto: Vidar Simmenes).

Marianne Feidje Mjelde vann dameklassen
I dameklassen blei det tre osterøyløparar på pallen. 15 år gamle Marianne Feidje Mjelde hoppar vanlegvis tresteg og spring dei kortaste distansane. Kanskje gjer ho som broren Trygve og går opp på distansar når ho blir litt eldre. Uansett ein fin debut i eliteløpet med førsteplass og 19.57 på Marianne. Mirjam Mjelde har konkurrert flittig i år og gradvis senka persane. No blei det 20.37, seks sekund føre Marianne Kalleklev Haukøy, mor til Gneist sitt store løpstalent Hans Magnus Haukøy.
Etter premieutdelinga var det barneløp og premiering i Bruviktrimmen 2016.


Se flere bilder på Osterøy ILs hjemmeside

Alle resultater:

Plass KvinnerF.år2016pers Ant årPers
1 Marianne Feidje Mjelde20011957P 11957
2 Mirjam Mjelde19692037P 12037
3 Marianne Kallekleiv Haukøy19722043 62018
4 Julianne Knutsen19942136P 12136
5 Victoria Mjelde Hanstveit19922137P 22137
6 Randi Nordås19682143 62059
7 Eli Simmenes Vik19732146 101937
8 Marie Johannessen20002241P 12241
9 Annbjørg Haga19682257P 22257
9 Sara Natalie Dyrkolbotn20012257P 42257
11 Emilie Brakvatne20012356P 12356
12 Randi Kleppe19492706 92443
13 Astrid Johannessen19982725P 12725
14 Andrine Aldal20003148P 13148
Sofie Hausken Bauge20111702*
Maja Loftås20111702*
Plass MennF.år2016pers Ant årPers
1 Jonas Dalland19851533P 11533
2 Magnus E Heggøy19981610P 11610
3 Kjetil Monstad19731623P 41623
4 Bjarte Vik19691643 181426
5 Øyvind Loftås19801702P 11702
6 Sigbjørn Reigstad19781703 71623
7 Christer Vonheim19791704 71548
8 Muse Okube19931741P 11741
9 Øystein Hanstveit19631742 91536
10 Stian Nordås Mjøs19911744p 11744
11 Frank Davidsen19511748p 11748
12 Harald Olsnes19641749 91645
13 Jan Roar Solberg19791755 91637
14 Jarle Torkildsen19711805 41736
15 Torbjørn Småland19811807p 11807
16 Baard Raknes19781813 21716
17 Tore Hannisdal19691824 41811
18 Harald Nygård19511854 21830
19 Odd Halvor Mosevoll19721909p 11909
20 Stein Tore Vinterstø19731929p 11929
21 Jan Michalek19821941 21927
22 Bjørn Helge Kleppe19621951 21920
23 Kurt Vatle19591952p 31952
24 Roy Dyrkolbotn19711956 31901
25 Rune Gjerstad19572008p 22008
26 Noah Raknes20052102p 22102
27 Richard Bertelsen19702103p 42103
28 Ivar Bauge19762111p 12111
29 Arve Henningsen19722126 52102
30 Aslak Monstad20042128p 22128
31 Thomas Rambjørn19862231p 12231
32 Magnar Stien19522248p 12248
33 Vidar Litland19592252p 12252
33 Oddvar Sæterdal19452252 62151
35 Kim Rune Bruvik19862312 52022
36 Carl Erik Jørgensen19782345p 12345
37 Olav Aslak Seljestad19722359p 12359
38 Knut Ove Huseby19692400 42337
39 Kent Ove Wågenes19752508 22350
40 Jan Erik Fyllingen19682534p 12534
41 Krister Dyrkolbotn20002615 22549
42 Vegard Brakvatne Wie20052642p 12642
Powered by Labrador CMS