Rosendal er ei bygd i Sunnhordaland med drøye 700 innbyggere og er adminstrasjonssenteret i Kvinnherad kommune i Sunnhordland som har 13500 innbyggjarar.

Løypa startar frå Rosendal stadion, går mykje oppover i starten, før ein spring på "Rosendals tak", så ned mot baroniet, og svak motbakke opp mot sjølve Baroniet i Rosendal. Der forlet ein asfalten og spring på fin grusveg ned til riksveg 48, som ein kryssar for å springa ein sideveg ned til stadion. Spurten er 200 m inne på grusbana. Fasit : Flott, men tung og krevande løype.

Over 600 turgåarar
I sjølve Rosendal administrasjonssenteret i Kvinnherad kommune, bur det ca 750 menneske. Når Kvinnheradløpet klarer å aktivisera over 600 til å gå 5.8 tøffe km, så er det i seg sjølv imponerande. 

Kvinnheradløpet for 33. gong
Løpet som starta i 1982, og er eit av dei eldste, oppegåande løp i Hordaland, hadde i år 40 i løpsklassen. Éin meir enn i fjor. Dette trass i PR berre i lokalpressa. Så her det betydeleg potensiale for ei sterk auke.
 
Tilskipinga starta med å heidra ei av eldsjelene som hadde gått bort året før. Ein flott gest. 

I mange, mange år var løypa ca. 9 km. Den siste sløyfa på 3-4 km har vore krevande for ein liten stab i turgruppa til Rosendal Turnlag. Så i 2014 gjekk dei over til ein kortversjon på 5.8 km (året før 5.2 km). Den tidlegare ca. 9 km lange løypa vart i 2013 korta ned til 5.8 km. Løypa er som før, berre med unntak av siste sløyfa som krov mykje ekstra av arrangøren. 

God spennvidde
Yngste løpar var 10 år, og eldste 71 år. Frå raskaste løpar på 17.50 til sistemann på 43.32 er det også ei flott spenn. Her kan alle vera med. Som ein som har betre peiling enn dei fleste på store løpstilskipingar sa det: her kunne 2-300 av gåarane også vore med i sjølve løpet. 

I alt var 15 lag/stader representerte i Kvinnheradløpet 2018

Malene Njåstad raskast av jentene
Malene som spring for Gular IL, sprang den krevande 5.8 km på 21.23. Det er godt løpt. Bettina Øye Guddal i klasse 11 - 14 år sprang veldig bra også ho, på 24.22. Berre 11 år gamal! Berre 5 jenter fullførte, her er plass til mange av dei spreke  som fullførte i turklassen.

Kvinnheradløpet-damevinner_Malen_Njaastad_foto_Karen_Kleppe_Kvinnheringen_071018-62.jpg
Damevinneren: Malene Njaastad fra Gular. Foto: Karen Kleppe/Kvinnheringen

Jenter:
1. Malene Njaastad       Gular IL               21.23
2. Bettina Øye Guddal    Rosendal Turnlag       24.22
3. Grete Solheim         Rosendal Turnlag       28.42


Sindre Omvik raskast av gutane
Sindre Omvik, Rosendal Turnlag "fauk rundt" på 17.50. Yohannes Tsehaye, Rosendal Turnlag nr to i mål på 20.14. Vinnaren av den fyldige 11 - 14 -årsgruppa, Kristian Øvstebø frå naboklubben Uskedalen IL, var nr tre i mål - berre eitt sekund etter Yohannes. 

Kvinnheradløpet-herrevinner_Sindre_Omvik_foto_Karen_Kleppe_Kvinnheringen_071018-59.jpg
Først i mål: Sindre Omvik vann på heimebane. Foto: Karen Kleppe/Kvinnheringen

Gutar:
1. Sindre Omvik          Rosendal Turnlag        17.50
2. Yohannes Tsehaye      Rosendal Turnlag        20.14
3. Kristian  Øvstebø     Uskedal IL              20.15     
 


IMG_0041.JPG
 Eit smilande sekretariat er god reklame for auka deltaking neste år...

IMG_0044.JPG
Kurt Haugland og famile stiller trufast opp. Kurt har vore ein god løpar, men har i det siste slite med skade. Likevel stiller han opp. Det er eit viktig bidrag. 

IMG_0048.JPG
Harald Måge er ein løpsglad 64-åring. Han tok den lange reisa frå Etne og fekk med seg sitt 5. løp i Kvinnheradløpet.

IMG_0049.JPG
Mykje folk samla på stadion i Rosendal. Rosendal_from_Veten_Kvinnheradsloepet960.jpgRosendal: Ei vakker bygd i Hardangerfjorden. Lopet starter fra stadion heilt nede ved fjorden. (Bildet er henta fra Wikipedia)