Runar Gilberg (51) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgVi ser det i samfunnet generelt. Dei 8 rikaste personane i verda eig like mykje som den fattigaste halvparten av dei som bur på kloden. Ja, den rikaste prosenten eig meir enn det resten av jordbuarane til saman har til disposisjon. Nokon få veltar seg i luksus medan alt for mange knapt har til mat eller tak over hovudet. 

Mykje av den same trenden ser vi òg i idretten. Dei rike er så rike at dei ikkje veit kor dei skal gjera av pengane. Så dei gøymer dei bort i skatteparadis for å sleppe å dele med nokon andre enn seg sjølv. Berre Cristiano Ronaldo skal åleine ha gøymd bort 1,3 milliardar kroner i ulike skatteparadis. 

Andre utøvarar, som Kjetil Andre Aamodt, Petter Solberg og Thor Hushovd, meldte flytting til Monaco da dei tok til å tene så mykje pengar at ein skulle tru dei hadde råd til både pålegg på brødskiva og skatt til fedrelandet. Men jo meir ein har å betale skatt med, jo vanskelegare blir det visst å gjera det.

Ut av krukka
Men det er ikkje berre utøvarane som marknadshanda velsignar med masse pengar. Også leiarane kan hente ut av den same krukka. Berre i Norges Fotballforbund skal det ifølgje VG vera ca. 15 tilsette som har meir enn ein million i årslønn. Dei tre med høgst lønn – Per Mathias Høgmo, Nils Johan Semb og Kjetil Siem – hadde i 2015 til saman ei inntekt på 8,8 millionar. Sjølv da Høgmo gjorde ein så dårleg jobb at han gjekk av som landslagstrenar, fekk han over 4 millionar eit heilt år fram i tid – for å gjera ingenting.  

Imens må andre springe omtrent livet av seg for å skaffe inntekter til det lokale idrettslaget sitt – eller for å sjå kor god dei kan bli i idrettar som marknaden er atskilleg strengare med. 

Kristoffer Brun med gull frå VM og bronse frå OL må jobbe som tømrar for å få endane til møtest – for roing er ein av idrettane marknaden har bestemt skal ha lite. Henrik Ingebrigtsen med gull, sølv og bronse frå friidretts-EM trengte ikkje å flytte til Monaco for å spare skatt. Inntektene var så små at han måtte flytte heim til mor og far for å få råd til å satse. 

Sjølv innanfor ein i Noreg rik idrett som langrenn, er skilnadene mellom dei som har og dei som ikkje har, store. Medan Bjørgen og Johaug har samla seg formuar på ca. 30 millionar, lever svært mange av dei som satsar like hardt, på studielån og snille foreldre. 

Dårleg politikk
Eg har ikkje noko god løysing på dette skeivfordelingsproblemet, men det synest klart at når marknaden ikkje gjer jobben sin, så bør vi bruke andre mekanismar for å få til ei meir rettferdig fordeling. Uansett trur eg det kan vera greitt å understreke tre ting: 

1. Leiarar har eit spesielt ansvar, ikkje minst når dei er leiarar for frivillige organisasjonar som til dømes Fotballforbundet eller Idrettsforbundet. Å løyve seg sjølv – eller kvarandre – millionlønningar er dårleg politikk om ein skal inspirere andre til å stå på og jobbe dugnad. 

2. Verken leiarar eller trenarar blir nødvendigvis noko betre av at dei blir bydd skyhøg lønn. Aldri har vi hatt ein så høgtlønna landslagstrenar som Per Mathias Høgmo, og knapt nokon gong har resultata vori så dårlege. Dessutan ser det ut til at jo meir idrettsleiarane tener, jo vanskelegare er det å vera opne om kva pengane blir brukt til. 

3. Høg inntekt er ikkje det same som høgt sportsleg nivå. Rett nok er Marit Bjørgen ein betre skiløpar enn Marthe Kristoffersen, men er ho ein betre idrettsutøvar enn Karoline Bjerkeli Grøvdal, som i langt større grad må snu på skillingen? Marknadsverdien forsterkar seg sjølv ved at så mange trur at dei som er dei rikaste òg er dei beste, og dermed blir dei rike enda rikare. 

Dopapir
Sett i det perspektivet vi byrja med, er det fint lite synd på verken Kristoffersen, Brun eller fotballoppmannen som må selje dopapir for at laget skal ha råd til å dra på kamp. Dei får halde på med hobbyen sin, og dei verken svelt eller frys når vinteren kjem. Men det er synd at vi har klart å laga eit system som til dei grader honorerer dei som ikkje treng det, og som ikkje tilgodeser dei som er i beit. 

For strengt tatt så har vi ikkje bruk for trenarar som får fire millionar i året eller fotballsparkarar som tener to millionar kvar dag – og likevel ikkje har råd til å skatte til fellesskapen. 

Som Mahatma Gandhi sa det: «The world has enough for everyone's need, but not enough for everyone's greed.» 

Hank_Williams_Minnelop_foto_Runar_Gilberg_IMG_7142.jpgDugnad eller business: Ein stor del av idrettsgleda i Noreg blir til ved at nokon legg ned ein stor frivillig innsats. Samstundes har idretten vorti millionbutikk for andre. (Foto: Runar Gilberg)


(Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 1 - 2017)