Terje som er teatersjef i Sogn og Fjordane skal springe frå Kjøde (i nærleiken av Åheim) til Leikanger den komande veka, ein distanse som tilsvarar 10 maraton. Dette er til minne om Mensen Ernst, den store løparkongen frå Fresvik i Sogn. Turen skal også markere 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane fylke.
Sogn og Fjordane Teater skal ha premiere i Førdehuset torsdag 26. september på teaterstykket om den store løparkongen frå Sogn. Etter dette skal det vere turne med dette stykket i heile Sogn og Fjordane.
Les meir om dette på sidene til:
NRK
Sogn og Fjordane Teater
Denne hendinga er også å finne på facebook
Vi minner om at boka om Mensen Ernst er å få kjøpt på Kondiskontoret
Ingressbildet: Teatersjef Terje Lyngstad har delteke i fleire løp i påfugldrakta for å lage PR for oppsetjinga av teaterstykket om Mensen Ernst.. Her frå Knarvikmila 1. september. Foto: Trygve Andresen TRYKK PÅ BILDET FOR STØRRE UTGÅVE