Etter mange år med kring 20-35 deltakarar fekk Mensen Ernst Minneløp eit kjempeløft i fjor med fullteikna arrangement og 105 fullførande deltakarar i hovudløpet. I tillegg var det 36 deltakarar på barneløp og rullestolløp. I år er det opna for 50 ekstra plassar i hovudløpet, og slik det ser ut no, blir også 2019 fullteikna. Den store interessa for mosjonsløp gjer seg dermed gjeldane også i indre Sogn. 

Startbilde_tidligere_år (1280x851).jpg
Det var rekordstort startfeltet i 2018. (Arrangørfoto)

Først og fremst fokusera Mensen Ernst Minneløp på breidda. Her handlar det om rørsleglede, personleg meistring og god stemning. Arrangøren prøver å få bukt med haldningane i Sogn om at ein må vera "aktiv løpar" for å kunne delta på mosjonsløp. Blant anna kan deltakarane velje mellom fire ulike distansar, som variera frå 1,5km og opp til 12km, med medalje til alle. Uavhengig av distanse startar løparane i ein stor fellesstart på Modig stadion og legg ut på fire ulike rundløyper. Kvar runde startar og sluttar inne på Modig Stadion, og antal rundar er bestemt av kva distanse deltakarane er påmeldt. Dette gjer løypa svært publikumsvennleg, og ikkje minst er det kjekt og sosialt for løparane.

Arrangøren IL Modig har også valt å dempe fokuset kring vinnarar, plasseringar, tider og løyperekordar, og heller fokusera på at dette er ein dag kor rørslegleda er det viktigaste.

- Dette skal vera eit arrangement som skal bidra til å betre den fysiske forma, styrke helsa, og gi trivsel og avkopling, seier Dag Einar Bøtun, frå styret i Friidrettsgruppa IL Modig.

Utanom hovudløpet blir det også arrangert rullestolløp for dei som ikkje kan ta beina fatt, samt barneløp for dei aller minste. Med andre ord, eit løp for alle, uavhengig av føresetnadar. 

Rullestol-race_tidligere_år (1280x851).jpg
Rullestolløpet 2018. (Arrangørfoto)

Ein hyllest til løparkongen Mensen Ernst
Ein skal heller ikkje gløyme at løpet som er arrangert sidan 1987, er eit minneløp for å heidre løparkongen Mensen Ernst, som kom frå nettopp arrangørbygda Fresvik. Kvar av dei fire distansane er oppkalla etter Ernst sine fire største løpebragder, og ein kan dermed velja å følgja i fotspora til Ernst frå "Paris-Moskva 2500km", "München-Nauplia 2700km", "Istanbul-Calcutta t/r 8300km" eller "Mot Nilen sine kjelder", men sjølvsagt i ein forkorta versjon. 

-Me ser verkeleg fram til årets arrangement, og er svært glad for den store interessa kring løpet vårt, seier Bøtun. 

Som regel er det knytt stor spenning til potensielle vinnarar og nye løyperekordar, men ikkje i Fresvik, skal me tru arrangørane.

-Det vil nok ikkje vera noko spenningsmoment i forhold til verken vinnarar eller løyperekordar, då dette ikkje er noko fokus hjå oss, men det er jo klart eit stort spenningsmoment i om me klarar å toppe den fantastiske stemninga frå 2018, avsluttar Bøtun. Velkommen skal de vera, alle saman, sier han.
 

Heimeside
PÅMELDING (26 ledige plasser pr 23. juni)


Starten_har_gått_luftfoto_tidligere-år (1280x668).jpg
Arrangørfoto.