Med Marius Vedvik på startstreken blir det garantert sprunge for å sletta Morten Veldes løyperekord på 14.11 frå 2009.      

Bykarusellen 2015-2016Marius Vedvik under Gular sin bykarusell. Foto : Trygve Andresen

Den meritterte Gular-løparen Marius Vedvik har aldri sprunge eliteløpet før, men ser fram til å testa forma i ei rask 5 km-løype ei veke før NM terrengløp i Vik. Løyperekorden til Morten Velde på 14.11 er tøff, men løypa frå Skaftå til Bruvik er rask med stort sett flatar og svakt nedover. Med 5000m-pers på 13.45 og årsbeste på 13.55, er Marius Vedvik ein av dei få i landet som er kapabel til å setja ny løyperekord. Likevel må han gje gass innover langs vakre Sørfjorden; Morten Velde frå Haugesund IL hadde 3.39 på 1500m og 8.03 på 3000m den sesongen han sette løyperekord.    

Etter den sterke innsatsen i Stoltzen med ny pers på 8.55 ser Marius Vedvik fram mot rekordforsøket.

- Målet er å slå løyperekorden til Morten Velde på 14.11.  Blir tøft, men fullt realistisk. Tar det som god trening til NM terrengløp og ser ut som det blir bra deltaking frå fleire klubbar. 

I Bjarte Viks Eliteløp blir alle deltakarane definert som eliteløparar, uansett om ein spring under 3 eller over 6 minutt pr. kilometer. Mange lokale mosjonistar tek løpet som ein årleg formtest, og gjerne som del av opplegget før idylliske Brakvatnet halvmaraton 21. oktober.    

Som så mange andre mindre arrangement, er dette eit løp med sjel. Trass i eliteløpsnamnet vågar arrangørane påstanden om at dette er eit inkluderande løp.

_DSC1029.jpgBjarte ble hyllet etter løpet med Bergen Shantykor, jada, han turde ta på parykken. Foto : Trygve Andresen

- Atmosfæren rundt er uhøgtidleg og uformell med ein snert av humor, samstundes som fokuset er på gode tider og personlege rekordar, lokkar arrangørane.

Dette er 19. gong løpet går av stabelen. Det heile starta i høve 30-årsdagen til Bjarte Vik i 1999. Som mangeårig nasjonal toppløpar, samla han mange av sine langdistansekollegaer til 30-årsmarkering og til "Bjarte Viks Eliteløp". Seinare har tradisjonen vorte halde ved like heile tida, og dette løpet er ei stor hending i Bruvik-bygda kvar haust.   

Løpet er ikkje kontrollmålt av Kondis, men er av arrangøren målt til 5046 meter. Det finst ingen planar om å kutta 46 meter av den grunn. Løypetraseen er verna til nær sagt evig tid. Uansett er det for mykje totalt fall i løypa til at den vil bli godkjent. Gode baneløparar vil oppleva at tida tilsvarer om lag det dei klarar på 5000m. Dei aller fleste andre oppnår betre tider enn dei normalt gjer på 5 km-løp.    
 
Stine Larsen har løyperekorden for kvinner med knallsterke 15.41 frå 1999. Vinnarar i fjor var Marianne Feidje Mjelde frå Osterøy IL og Jonas Dalland frå Gular. Det er pengepremiar til dei tre beste kvinner og menn. Det er også sett opp ein premiebonus for ny løyperekord.

Dei aller yngste kan delta på det tradisjonelle og uhøgtidlege barneløpet som går i rundar rundt butikken. Etter barneløpet deler Bruvik IL ut premiar og kårar Årets fjellgeit i Bruviktrimmen 2017. Kaffi og kaker er sjølvsagt også til sals i Krambua.

Meir informasjon kan ein få på Osterøy IL si heimeside: http://www.osteroyil.no/?mapping=175


Kondisreportasjer Bjarte Viks Eliteløp

2016 : To debutanter vann Bjarte Viks Eliteløp
2015: Halfdan-Emil Færø og Eli Anne Dvergsdal vant Bjarte Viks Eliteløp
2014 : Bjarte Vik nummer 3 i sitt eget Eliteløp
2013 : Full dominans av Osterøy IL
2012: Mulugeta og Elise vant Eliteløpet
2011 : Osterøy-dominas i Bjarte Viks Eliteløp