SUNNHORDLAND MARATON LAURDAG 5. MAI 2018
STARTTIDER:
Maraton kl 09:30
Barneløp kl 10:30
Halvmaraton kl 11:00
10 km kl 11:15
LØYPE
Alle løp startar i Leirvik sentrum, og nordover med runde rundt Ådlandsvatnet, tilbake til sentrum og vidare sørover med runde rundt Landåsen, Skipåsen og tilbake til sentrum.
Løypekart.
10 km startar lengst nede i Borggata og har to korte rundar i sentrum før ein spring nordover mot Ådlandsvatnet. Målgang når ein er tilbake i sentrum.
Halvmaraton startar litt lengre oppe i Borggata, ved Reisebyrået/Smio. Så spring ein nordover ein runde rundt Ådlandsvatnet, tilbake til sentrum og ein runde sørover Landåsen/Skipåsen og tilbake til mål i sentrum.
Maraton startar øverst i Borggata og ein spring to fulle rundar.
Rundt Ådlandsvatnet og i Landåsen/Skipåsen går løypa på turvegar med grus. Resten av løypa er asfalt. Ca 2/3 av løypa er på grus.
STEMNEKONTOR:
Stemnekontoret ligg i Borggata i målområdet. Opningstider fredag 18 – 21, laurdag frå kl 08:00.
På stemnekontoret:
- utdeling av startnummer fredag kveld og laurdag fram til 1 time før start
- innlevering/oppbevaring av verdisaker
- utdeling av gratis T-skjorter til dei 250 først påmeldte deltakarane
- salg av T-skjorter kr 150 pr stk
DRIKKESTASJONAR
Det blir 3 drikkestasjonar, ein i sentrum ved start/mål, ein på Vatna og ein i Landåsen. Drikkestasjonane er plassert slik at det aldri er meir enn 5 km mellom dei. På drikkestasjonane blir det servert vatn (blanke beger), sportsdrikk (farga beger) og bananer.
START, MÅL OG AKTIVITETAR I SENTRUM
Start og mål for alle distansar er i sentrum i Borggata, sjå kart over sentrum.
TOALETT
Det blir sett ut mobile toalett i Smio like ved start halvmaraton og maraton.
Dessuten kan toalett på Grand Hotell nyttast, inngang på baksida. Toalettplassering er vist på kart over sentrum.
PARKERING OG GARDEROBAR
Deltakarar og publikum blir oppfordra til å parkere på Vabakken eller ved Yrkesskulen. Garderobar i Nyehallen på Vikahaugane kan benyttast. Sjå kart over parkering og garderobar.
BARNELØPET
Det er ikkje førehandspåmelding til barneløpet. Oppmøte på Torget mellom kl 09 og 10 for utdeling av startnummer. Oppvarming på Torget 10:00 – 10:15. Barna blir så følgd bort til start ved Kringlo, start kl 10:30. Barna spring ein runde ned Borggata, bort Nattrutekaien og opp Nordre Kaisving. Mål øverst i Nordre Kaisving.
Alle deltakarar får medalje.
PREMIERING
Alle deltakarar får medalje rett etter målpassering.
Premie (pokal) til dei 3 beste damer og herrer alle løp. Utdeling i målområdet når alle premievinnarar er i mål.
I tillegg er det ein del gavepremiar som blir trekt på startnummer.
Informasjonskart
Påmelding :
10 km Startkontingent Adm Lisens SUM
28.4-4.5 kr. 350 kr. 15 kr. 40 kr. 405
21 km Startkontingent Adm Lisens SUM
28.4-4.5 kr. 400 kr. 15 kr. 40 kr. 455
42 km Startkontingent Adm Lisens SUM
28.4-4.5 kr. 500 kr. 15 kr.50 kr. 565
Rabatt: kr 100,- for barn under 15 år på alle startkontingent prisar