Laurdag 16.juni skal det igjen springast, syklast og gåast dei 21 km og 1500 høgdemeterane frå Geirangerfjorden til Dalsnibba.
Hovedarrangementa i Geiranger frå fjord til fjell:
Kl 08.30 Start Nibbedobbelen (sykkeldelen) Startliste
Kl 11.30 Start motbakkeløpet Nibbeløpet Startliste
Kl 12.45 Start motbakkerittet Nibberittet Startliste/elitekl assa
20 år med motbakkearrangement i Geiranger vert markert med ein ny beinhard øvelse: Nibbedobbelen. Tidlegare har utøvarane enten sprunge eller sykla dei 21 km og 1500 høgdemeter frå Geirangerfjorden til Dalsnibba - i år kan dei gjere begge deler! Sykkeldelen startar kl 08.30 og løpedelen startar kl 11.30 saman med dei øvrige i Nibbeløpet.
Tidlegare VM, EM og NM-meister i motbakkeløp, Anita Håkenstad Evertsen, kjem tilbake i løypa som ho omtaler som "ei av dei beste". Til forskjell frå mange andre norske motbakkeløp har løypa i Geiranger ca same profil som EM- og VM-løypene i motbakkeløp - dvs. rundt 7-9% stigning og på veg. Mangeårsvinnar Hans Martin Gjedrem stiller ikkje pga. sjukdom.
I Nibberittet har fjorårsvinnar Hallvar Barlaup meldt sin ankomst. I dameklassa ventast ein hard duell mellom mangeårsvinnar Hanne Trønnes og fjorårsvinnaren Borghild Løvset. Det utbetalast 10000,- for ny løyperekord.
Det er over 650 påmeldte så langt og endå fleire er venta. Vermeldinga er lovande.
Vegen til Dalsnibba opna for under ei veke sidan og brøytekantane er opp mot 10 m på det høgste. Sjå vedlagt bilde for bevis! Dette gjev utøvararne ei unik ramme dei siste kilometerane mot toppen!
Søndag 17.juni inviterer vi til skitur på Blåtind, nabofjellet til Dalsnibba.