Pressemelding fra Hareid IL om Nordvest Maraton

Det nærmer seg den 27. utgåva av Nordvest maraton, som fleire hevdar å vere den vakraste maratonen i Norge. Frå 2014 har heile løpet gått innanfor kommunegrensene til Hareid. Ein spring frå Hareid stadion, framover Rotary-stien på nordsida av Grimstadvatnet, deretter rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, før ein vender tilbake mot stadionområdet via Hareid kyrkje.

I Nordvest maraton får ein den perfekte kombinasjonen av flott natur og ei variert løype. Løpet går både på grus og asfalt. Nokre bakkar må ein opp, spesielt opp Ulsetbakken lønner det seg å ikkje ta ut alt. Men løpet er ikkje hardare totalt sett enn at fleire set personlege rekordar både på heil og halv distanse. Det blir tre drikkestasjonar undervegs for dei som deltek på halvmaraton, og sju for dei som spring heile distansen. Traseen er merka kvar kilometer.

Rutinert maratonstyre
Årets løp går altså laurdag 19. august. Styret til Nordvest maraton er svært rutinert. Mange har vore med heilt sidan starten i 1991, mellom anna har Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde og Henning Røyset vore med lenge. I tillegg har nokre yngre krefter kome med siste åra, og styret er ytterlegare forsterka framfor årets løp.

På heimesida til Nordvest maraton finn ein svar på det meste ein lurer på. Og om ikkje er det berre å ringe styret. Ein reknar med at det vil kome ein del løparar frå andre landsdelar i Norge, og truleg også nokre internasjonale deltakarar. Så for mange er det aktuelt å overnatte på Hareid.

Ventar god deltaking i år
Etter ein periode med noko dårlegare deltaking har det vore godt med løparar dei fire siste åra. Til dømes var 21 med på heil distanse i 2014, medan 44 var med på halv. I år bør det vere grunnlag for over 100 løparar totalt sett. Det er ingen spesielle kollisjonar med liknande arrangement same helg. Og at det har kome stadig fleire «løpsgrupper» på Hareidlandet siste par åra, gjer truleg at den lokale deltakinga vil vere god. Hugs at det framleis er to månader igjen til årets løp – og dermed ikkje for seint å legge seg i trening gjennom sommaren.

Hafsås har rekorden
Ingen har sprunge heil distanse kjappare enn Helge Hafsås frå Olden. Han fekk tida 2.33.03 i 2006. Det var altså i den gamle løypetraseen. Kva som er hardast av den gamle og nye er det ingen som har fasitsvaret på. Løyperekorden for kvinner vart sett i fjor. Louise Skak fekk då tida 3.20.51. Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i 1991 (første året løpet var arrangert) slo til med tida 1.09.35.

Deltakarpremiar.
Men arrangørane legg vekt på at det viktigaste jo er å delta. Alle deltakarane får utdelt ein flott medalje. I tillegg blir det trekt ut gåvepremiar.

Under styremøtet måndag var det elles opplyst at Leiv Arne Grimstad har tatt på seg å vere speaker under arrangementet. Kristian Angelsen vil vere dataansvarleg, i tett samarbeid med Kim Lillebø.

Det vart også vedteke at startskotet for heilmaraton går klokka 11.00. Halv distanse startar klokka 12.45. Om nokon reknar med å bruke spesielt lang tid på årets løp, kan dei kontakte arrangørane for å få starte tidlegare.

Nordvest maraton på Kondis terminlista.

Facebook. 
 

snipsorvatnte_foto_arrangor.jpgLøparane skal mellom anna springe rundt mesteparten av det idylliske Snipsøyrvatnet, som vi ser biletet her. Foto: Arrangør. 

arrangor_foto_arrangor.jpgMesteparten av styret i Nordvest maraton, som var samla på klubbhuset til Hareid IL måndag kveld. Frå venstre: Kim Lillebø, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Jon Kåre Mork, Vidar Vollsæter og Kristian Angelsen. Foto: arrangør. 
 

Nordvestmaraton_2014_kart_detaljert
Løypekart av løypen i Nordvest Maraton.

Nordvestmaraton_2014_kart1Detaljert kart over den første og siste del av løypen. Vatnet vi ser er Grimstadvatnet.

utsikt_foto_Martin Hauge-Nilsen.jpg
Snipsøyrvatnet i sommerdrakt sett fra Kongsvollen. Hareid til venstre, Melshornet, Hjørungavåg og Vartdalsfjorden følger på. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

utsikt_foto_Martin Hauge-Nilsen_02.jpg
Snipsøyrvatnet  i mer vinterdrakt  sett fra stien til Melshornet. Foto: Martin Hauge-Nilsen.