Pressemelding fra Hareid IL:

I fjor var deltakinga på heil distanse nesten fråverande, ettersom fleire andre lokale kondisjonsarrangement gjekk same dag, og dessutan at «maratonveterane» frå Nordvestlandet var på utanlandstur i lag.

Men i år ser det ut som heil distanse får seg ein ny vår. Nordvest maraton er i år lagt til ei ny helg, laurdag 25. august, for at det ikkje skal kollidere med andre liknande arrangement på Nordvestlandet. Dessutan har fleire av «maratonveteranane» sagt at dei vender tilbake i år.

Falk med fleire kjem

Og ikkje berre det. ultraløpdronninga i Norge, Therse Falk frå Hareid, har meldt at ho kjem heim for å delta i år. 

Det gjer kanskje også Dimna IL sin «nest største son», Olger Breivik Pedersen, som har som mål å springe maraton på under 2.30 i løpet av året. Pedersen brukar å variere mellom å delta på heil og halv distanse.

På halv distanse var det bra deltaking i Nordvest maraton fjor, og ein reknar med det blir det i år også. På denne distansen er det tradisjon for at mange lokale deltakarar er med. I fjor var det deltakarar frå Hareid IL som vart nummer to, tre og fire i herreklassen.

Viktigast å delta

Men det viktigaste med Nordvest maraton er sjølvsagt ikkje kva plassering ein får, men å delta. Alle får ein flott deltakarmedalje. Det blir dessutan trekt ut flotte lokale gåvepremiar på startnummer, i tillegg til vanleg premiering til den beste tredelen i kvar årsklasse.

Det som skil Nordvest maraton frå dei fleste liknande arrangement, er den flotte naturen og den varierte løypa. Dette er ikkje blant dei lettaste maratonløypene. Ein skal mellom anna opp Ulsetbakken og fleire andre stigningar rundt Snipsøyrvatnet. Delar av løypa går også på grus, noko fleire reknar som litt treigare enn asfalt. Men når det kjem til natur og utsikt, er det neppe noko maraton i Norge som slår Nordvest maraton. Og det er nok derfor løpet kan skilte med internasjonal deltaking stort sett kvart år.

Hafsås har rekorden

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33.03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner sette Louise Skak i fjor, då ho fekk tida 3.12.58. Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Lokale eldsjeler står bak

Louise Skak sa i fjor at ho satsar på å vere med i år også. Arrangørane håper også at både Helge Hafsås (den i landet med flest maratonsigrar) og Inge Asbjørn Haugen (den i landet med flest maraton) kjem tilbake i år etter å ha vore fråverande i fjor.

Velkomne skal både dei og alle andre vere!

Nordvest maraton har sidan starten i 1991 vore leia av mange lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. Det noverande styret består av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Kim Lillebø og Kristian Angelsen. I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet.

PS. Nordvest maraton har både eiga heimeside og eiga facebookside.
 

Nordvestmaraton_2014_kart_detaljert
Løypekart av løypen i Nordvest Maraton.

Nordvestmaraton_2014_kart1Detaljert kart over den første og siste del av løypen. Vatnet vi ser er Grimstadvatnet.

utsikt_foto_Martin Hauge-Nilsen.jpg
Snipsøyrvatnet i sommerdrakt sett fra Kongsvollen. Hareid til venstre, Melshornet, Hjørungavåg og Vartdalsfjorden følger på. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

utsikt_foto_Martin Hauge-Nilsen_02.jpg
Snipsøyrvatnet  i mer vinterdrakt sett fra stien til Melshornet. Foto: Martin Hauge-Nilsen