Arrangøren Ørsta sykkelklubb melder om at dei gjentek suksessen kan også i år freiste med ei spanande rundbaneløype i flotte omgjevnadar. Kjetil A Myklebust som er rittleiar kan melde om følgende.

Nytt i år er at også ungdom kan delta. Dette gjeld aldersgruppe 11-16 år. Fylket har ein kretscup for denne aldersgruppa som  inneheld både landevegsritt og terrengritt. Vi skal altså arrangere eit terrengritt rundbane no, og seinare i haust eit gateritt. Det er ikkje naudsynt å ha vore med i sykkelritt tidlegare, du kan gjerne debutere i Hovderittet! Kanskje du finn at dette er noko du vil prøve meir?
Løypa for ungdommane går frå Hovden møbel, ut gjennom nedre lysløype til Hovdevatnet, bort til Rompa og vidare på vegen til Hovden Møbel. Rundetal vert tilpassa alder. Kart og meir informasjon finn du på heimesida vår. Dette er ei god blanding av terreng og veg, løypa vil passe for syklistar på alle nivå. Her kjem syklistar frå heile fylket, det er veldig kjekt om fleire lokale ungdommar blir med!

For dei som skal sykle i trimklassa eller sykle turklassa er ei runde 6,7 km. og går på sti og kjerreveg frå Hovden Møbel, øvre del av langrensløypa og ut til Hovdevatnet, vidare opp frå Hovdevatnet og over til Ytrestøylen, og vidare på asfalt og grus til Hovden Møbel der det både er passering og mål. Turklassa skal sykle fleire runder alt etter aldersklasse.
Dette er ei spanande sykkelløype som ikkje er så frykteleg krevjande, men er seig.
Sjå www.orstask.no for meir informasjon.

Løypa er pr. i dag svært tørr og i veldig god stand. Så det ligg an til høg fart i løypa.
Ein rittkommitè på 9 medlemmar har i seinare tid lagt ned mykje tid og ressursar for å få til dette rittet.
Vi håpar at mange tek turen til Hovdebygda denne dagen, også for å sjå på dei som syklar. Publikum får sjå ryttarane fleire gongar sidan dei skal sykle fleire runder. Så her kan det verte mykje action.
Hovderittet har eit samarbeid med Dei Nynorske Festspela www.festspela.no der vi promoterar kvarandre og forhåpentlegvis trekkjer til kvarandre både publikum og deltakarar.

Resultat fra rittet i fjor finner man her.

Ta turen bort til Hovdebygda søndag 26. juni kl.12.00 og sjå på mange spreke ungdomar sykle gjennom den flotte skogen som er i Hovdebygda.

Masterstarten 2015.jpg
Starten gått i 2015. Foto: Arrangør.

Eldar Kurset foran David D Myklebust.jpg
Eldar Kurset foran David D Myklebust. Foto: Arrangør.

Emil J Ramstad.jpg
Emil J Ramstad. Foto: Arrangør.

_MG_6399.jpg
De yngste. Foto: Arrangør.

Kaker og kaffi etter målgang.jpg
Kaker og kaffe etter målgang. Foto: Arrangør.

Studie av resultatlister.jpg
Studie av resultatlister. Foto: Arrangør.