Her ser me dei tre rskaste frå debutløpet "Vatnet Rundt" i Etne i 2016: Frå venstre: Ørjan Grønnevig, ordførar Siri Klokkerstuen, Martin Finne og Urige Arado Buta.
Begge løyperekordhaldarane har meldt seg på
Tidleg melde Maryna Novik, IF Klypetussen seg på årets "Vatnet Rundt". Med Ørjan Grønnevig, IL Skjalg si påmelding 5. juli, så er begge storløparane påmeldt, sannsynlegvis klare til å gå laus på løyperekordane dei sjølv sette i debutløpet i fjor.
Tidene å slå:
Kvinner: Maryna Novik 27.19
Menn: Ørjan Grønnevig 22.40
Få endringar frå det vellukka arrangementet i fjor - men høgare prispengar
Men nokre endringar vert det. For at alle skal kunne vera med, så tek arrangøren Etne Event vekk tidtaking på kortløypa. Den er i utgangspunktet på 1.8 km, men om nokon snur atter t. d. 3-400 m, vil ein godta det.
Prispengane er auka til kr 3000,-, 1500,- og 1000,- for dei tre raskaste. Og løyperekordpengar er kr 2500,-.
Kunstnardiplom til samtlege
Medalje til alle under 12 år
Største premien blir trekt blant alle, - den er på kr 5000,-
Andre trekkjepremiar:
* Flotte krystallglas frå Ungarn
* Flott krystallfigur frå Ungarn
* Sandbilete frå Ungarn
* Secret Box frå Ungarn
* Stort verktøysett
* Hardanger Bestikk til kr 1600,-
* Fuglebok med fuglelydar
Påmelding
Påmelding via EQTIMING For Kondis-medlemmer er det kr 40 i rabatt!
1.7 - 14. 7. kr 250,-
15.7. kr 350,- (løpsdagen)
Elektronisk tidtaking passering 5 km og i mål ved alltid blide Tom Roger Johansen.
Flott startfelt i det aller fyrste "Vatnet Rundt" 16. juli 2016!
Og så må me ha med over 90-år unge Harald Orvedal som stilte med sitt oldebarn. Sprekt gjort!
Ørjan Grønnevig og Maryna Novik stiller i Vatnet Rundt 15. juli
Det er i Etne i Sunnhordland det skjer den 15. juli, 7543 m rundt vakre Litledalsvatnet med start kl 14.00. Asfalt og lett kupert, men frå 3.6 km til 4.4 er det ein motbakke. Påmelding på EQ-Timing kr 250,-. På løpsdagen kr 350,-.
Siste medlemssaker
Annonse