Arrangementet føyer seg inn i rekkja av baneløp som miksar toppløparar og mosjon i same arrangement. Til no er det påmeldt deltakarar med mål om alt frå under 9 minutt til rundt 22 minutt, så her bør dei fleste få selskap dei 7,5 rundane.

Osterøy IL følgjer opp suksessen med nivådelte heat og 2-3 fartshaldarar i kvart heat. Tidlegare arrangement har hatt mellom 70 og 100 deltakarar. Det er også barneløp over 1 km.

I fjor haust var dei lovande ungdomane Dagfinn Gjerstad og Nora Bergan raskast og vann kvar sine joggesko. Dei stiller også på startstreken i år – sjølv om dei kanskje må «ofra seg» som harar. Fartshaldarane er nemleg ei god blanding av toppløparane og vetaranløparane i klubben.

Mange har eit forhold til 3000m som testdistanse frå gymtimar, militæret eller fotballtrening. Med MX Sport Osterøytrearen har Osterøy IL funne eit artig konsept med god stemning og mange fornøgde deltakarar. Arrangementet trekkjer spesielt mange ungdomar og veteranar. Alle er velkomne uansett nivå. 

Dette er eit lågterskeltilbod der kvart heat har rundt 15-20 deltakarar. Det er difor viktig å oppgje tida du ønskjer å springa på ved påmelding. Påmeldingsfristen er onsdag 1. juni. Nøyaktig tidsskjema og heatfordeling blir offentleggjort tidleg løpsdagen, men barneløpet (1 km) startar klokka 18.15, og deretter går det slag i slag med det beste heatet til slutt.

Lenker til info og påmelding

OSTERØYTREAREN på Facebook

Tidlegare Kondis-reportasje: Populær Osterøytrear med harer på alle 7 heatene

 

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957