Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgOg det er mykje bra med å ha eit avslappa forhold til ting. Det er ikkje verdas undergang om ein får 13 sekund for dårleg tid på eit 5 km-løp eller om 10 kilometeren viser seg å vera 250 meter for kort. Så lenge det handlar om leik og idrett – og ikkje kirurgi på eit sjukehus – er det ikkje livstrugande om presisjonen ikkje er heilt på plass.

Likevel kan eg av og til sakne pedanten. Han eller ho som veit korleis tinga skal vera og som makter å få skåpet dit det skal. Også i år har det vori litt for mange løpsarrangørar som har surra med løypelengda, slik at tidene verken blir godkjende til statistikkbruk eller som pers. Løyper vi er vane med er kontrollmålte og godkjende, har brått vori nokre hundre meter for korte. Kvalitetsløp har ikkje haldi den kvaliteten vi er førespegla.

Sjølvsagt finst det forklaringar, og ofte ei ganske god ei. Mykje av arrangørarbeidet blir gjort på dugnad, av glade amatørar. Somme gonger er det utskiftingar i staben, og kompetansen blir ikkje med til dei nye.

Og sjølvsagt er det ikkje noka nasjonal krise om ein får persen sin underkjent fordi løypa viste seg å vera nokre titals meter for kort. Du har likevel sprungi ditt livs løp. Du har fått vist at du har trena veldig bra og er i god form. Og verken det gode løpet eller den fine forma blir borte sjølv om tida ikkje kjem i statistikken.

Men det er likevel surt når det skjer. Eg skjønner at løparane blir skuffa. For dei har gitt alt, og da kjennest det feil at ikkje arrangøren har gjort det same for å få løypelengda rett.

I dei fleste miljø og klubbar finst det minst ein eller ei med klare pedantiske trekk. Ein som i mange samanhengar kan opplevast som alt for nøye, og som alltid skal blande seg inn på detaljnivå. Kanskje er det ein idé og gi vedkommande ansvaret for løypa og løypemålinga? For der er det nøye. Der er det detaljarbeidet som avgjer. Pirk er heilt på sin plass.

Slik at når dagen for det store løpet kjem, så er ikkje løypa berre kontrollmålt, men løparane spring akkurat der det er målt. Ikkje nokon innersving over plenen eller forskyving av målstreken fordi skøyteleidninga ikkje var lang nok. 

Kvalitet kjem ikkje av seg sjølv. Skal heilheita bli bra, må nokon vera nøye med – og av og til litt opphengt i – detaljane.

Få pedanten på rett plass.



"Eg skjønner at løparane blir skuffa. For dei har gitt alt, og da kjennest det feil at ikkje arrangøren har gjort det same for å få løypelengda rett."


(Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 5- 2018)