Polsk seier i sekundstrid
Renata Palamarz bur i Skånevik, ein del av Etne kommune. Men som namnet seier, så er ho polsk. Ho har sprunge ein god del siste to åra m.a. i Bergen City Halvmaraton.   I den 53. utgåva av Trongjo Ned, gleda tre jenter frå Skånevik med å stille opp. Renata var så vidt føre nykommer Laila Sævareid i mål. Tredje skåneviksjenta, Anna Hus Eriksen, var berre få sekund bak. Polsk fyrsteplass i kvinneklassen er alt loggført i boka der alle resultat frå 1983 er innførte (Bok 2).

"Langs Åkrafjorden"-general sigra i herreklassen
Tor Arne Sandvik er sjef for "Langs Åkrafjorden" laurdag 25. august. Det er fjerde og siste løp i "Klypetuss-karusellen". Utan at han tok alt for mykje i, grunna deltaking i "Skjold på tvers" dagen etter, så var han fyrst av herreløparane. Samanlikna med rekord-deltakinga i "Bjørkeklubben Over" 2. april, var deltakinga denne gongen ein liten nedtur for arrangørane; sjølv om det var mykje å gleda seg over óg.

Men over 200 deltakarar på dei tre fyrste løpa i "Klypetuss-karusellen" har det berre vore to gonger før etterat arrangøren i 2000 gjekk over til berre eitt løp av kvart slag pr. år. 

Nytt, flott barneløp
Ansikta på alle ungane i "Barneløpet" som fekk bronse-, sølv-, eller gullmedalje alt etter kor mange gonger dei hadde delteke, var eitt av høgdepunkta også denne gongen. Og to unge dugnadsfolk, Emma og Elida gjorde flott innsats på kjøken med vaffelsteiking, kaffikoking og salg.


Bilder nedenfor resultatene! De er tatt av Olav Samland.


Resultater fra Trongjo Ned 21. april 2018

                VÆRFORHOLD:  Ca.  9 *  -  Delvis skya  
                                             18 løparar og 32 trimmarar.    
         
 Menn        
  1.  Tor Arne Sandvik  IF Klypetussen 7.59 min
  2.  Magne Berge  IF Klypetussen 8.42 min
  3.  Harald Måge   IF Klypetussen 9.07 min
  4.  Johannes S. Løhaugen  Etne IL 9.53 min
  5.  Odd Gunnar Nilsen  IF Klypetussen 10.18 min
         
 Kvinner        
  1.  Renata Palamarz  Skånevik IL 11.17.min
  2.  Laila Sævared  Skånevik IL 11.18 min
  3.  Anna H. Eriksen  Skånevik IL 11.23 min
         
 Funksjonærløp        
  1.  Thorbjørn Samland IF Klypetussen 7.16 min
  2.  Olav Svendsen IF Klypetussen 10.56 min
         
 Barnaløp        
  1.  Gabriel Tjelmeland  IF Klypetussen 1.30 min
  2.  Henrik M. Krokå  Etne IL 1.33 min
  3.  Jenny Tjelmeland  IF Klypetussen 1.22 min
  4.  Johanne Løhaugen  Etne IL 1.22 min
  5.  Julie M. Krokå  Etne IL 2.06 min
  6.  Nicholas Knudsen  Etne IL 1.15 min
  7.  Peder Løhaugen   1.27 min
  8.  Sigurd Løhaugen   3.17 min
         
 Tur 1.  Sigrid Øvernes    
  2.  Jan Udstuen    
  3.  Knut Leknes    
  4.  Ingunn Frette    
  5.  Line Birgitte S. Frette    
  6.  Bjørg L. Sævareid    
  7.  Daniel Sævareid    
  8.  Kari Tjelmeland    
  9.  Einar Tjelemeland    
  10.  Jan Eirik Jensen    
  11.  Emma L. Sævareid    
  12.  Elida L. Sævareid    
  13.  Hilde Tjelmeland    
  14.  Bjørg Løhaugen    
  15.  Jorunn W. Løhaugen    
  16.  Skjalg Duesund    
  17.  Gisle Sellevold    
  18.  Gurine Jensen    
  19.  Jon Magnar Jensen    
  20.  Elin Udstuen    
  21.  Olav Samland    
  22.  Egil Prestegård    
  23.  Gunnbjørg Ljusnes    
  24.  Nikolai P. Grønstad    
  25.  Kristin Grønstad    
  26.  Toril Ørke    
  27.  Åshild Gundegjerde    
  28.  Johanna G. Sævareid    
  29.  Audhild G. Sævareid    
  30.  Peder G. Sævareid    
  31.  Bjørg Halleland    
  32.  Leif Halleland    



Start_640_IMG_4057.jpgEit lite, men smilande felt i det 53. Trongjo Ned i Stordalen i Etne. 

Vinneren menn IMG_4060.jpg
Tor Arne Sandvik var raskast i det 53. Trongjo Ned. Ikkje røyker vinnaren, men han passerer "Blå strek" og bryter målsnøret.

Dameduellen_i_spurten_IMG_4073.jpg
Det er lov å smila sjølv om det er sekundstrid om seieren. Renata Palamarz nr 172, så vidt føre Laila Sævareid nr 165.  Tredje jente, Anna Hus Eriksen var og med i tetkampen.

Bjørkeklubben Over.jpgNy logo i 2018, designa av Sigrid Løvereide, fargelagt og vektorisert av Odda Trykk a/s