Kondis har fått følgende rapport fra Volda i Vinden IL og augustutgava av Rotevatnet rundt.

I konkurranse med andre arrangement, greidde Rotevatnet rundt å samle 16 løparar til start. 14 i konkurranseklassa og 2 i trimklassa.
Kenneth Holsæker og Svein Arne Lødemel kjempa til siste meter om sigeren i dagens løp då dei kom nesten side om side inn mot målstreken. Duellen blei avgjort i Holsæker sin favør med nokre få centimeter. Begge blei klokka inn på tida 23:31. Ikkje langt etter kom Hallvard Bergmann inn på tredjeplass med tida 23:50.
Kvinneklassa blei vunne av Inger Ringdal Sæter frå Sunnylven. Ho sprang på tida 31:56.

Det blei delt ut fire premiar: Nikolai Dispen Lødemel og Svein Arne Lødemel fekk premie for 20 løp, Øyvind Lødemel for 10 løp og Mads Melbøe for 5 løp. Gratulerer!

Dagens prestasjon var det Thea Dispen Lødemel frå Markane som stod for, då ho sprang inn på den gode tida 37:38. Ein flott prestasjon av den unge jenta!

Neste Rotevatnet vert arrangert laurdag 29. september med start kl. 12:00.

ROTEVATNET RUNDT – 77. LØP     25. august 2018
Resultat  
KVINNER  
Under 18 år  
14   Thea Dispen Lødemel, Markane 37:38
   
18 - 29 år  
  1   Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL 31:56
15   Elin Burås Sylte, Volda Trimklasse
   
MENN  
Under 18 år  
13   Elias Dispen Lødemel 25:42
10   Nikolai Dispen Lødemel, Markane 26:21
   
18 – 29 år  
  8   Sindre Burås Sylte, Volda Trimklasse
   
30 – 39 år  
  8   Kenneth Holsæker, Team Joggis 23:31
  9   Hallvard Bergmann, Hovdebygda 23:50
  5   Øyvind Lødemel, Markane 24:51
11   Bjørn Brudevoll, Volda 25:29
  6   Mads Melbøe, Team Joggis 26:43
   
40 - 49 år  
12   Svein Arne Lødemel, Markane 23:31
  3   Oddvar Røyset, Hornindal 35:07
  7   Kay Ove Johansen 38:53
   
50 – 59 år  
  4   Jørgen Clausen, Håvoll IL 30:11
  2   Ulf Magne Eikås, Stryn 30:47


Alle foto: Arrangør.

Startgruppe.jpg
Klare til start.

tre beste herrer.jpg
Tre første herrer: Svein Arne Lødemel, Kenneth Holsæker, Hallvard Bergmann.

beste_dame.png
Vinner dameklasse: Inger Ringdal Sæter.

Premier.jpg
Premier f.v. Øyvind Lødemel, Nikolai Dispen Lødemel, Svein Arne Lødemel og Mads Melbøe