Pressemelding frå arrangøren: 
 

Idrottslaget i BUL har vurdert at smittesituasjonen i Noreg er på eit nivå som gjer det usannsynleg å kunne arrangere ASICS Sentrumsløpet den 24. april.

– Vi lovde følgjarane våre å ta ei avgjersle så tidleg som mogleg, og sidan vi framleis vil gjere det vi kan for å arrangere ASICS Sentrumsløpet 2021, valde vi å flytte det til ny dato, seier Simen Wifstad, fungerande dagleg leiar i IL i BUL.

Utsette og ikkje avlyse

Det er mykje førearbeid som må til for å arrangere eit slikt løp midt i sentrum av hovudstaden. Det er difor ikkje mogleg å arrangere eit slikt løp på kort varsel ettersom ein må starte tidleg med å innhente løyver og lage avtalar med leverandørar.

– Vi må ta eit val tidleg og meiner det er vårt ansvar som arrangør å halde optimismen oppe og stå klar for å arrangere når vi igjen kan. Vi håpar andre arrangørar tenkjer på same vis og tørr å planlegge. Vi er ein frivillig organisasjon, og Sentrumsløpet er ein stor del av vår identitet. Det er difor vårt mål å gjere det vi kan for å kunne arrangere i 2021, fortel Wifstad.

Vurderer ulike scenario

Det er nødvendig å sjå på mange ulike scenario for å auke sjansane for å kunne arrangere i august. Det er ein moglegheit å dele opp i puljar som er i samsvar med retningslinjene og slik sørge for ein viss avstand mellom løparane. Det vil likevel vere avgrensa kor mange grupper ein kan dele opp i ettersom det er ein avgrensa tidsperiode ein får lov til å stenge av Oslo Sentrum. Det er også mogleg å vurdere å sjå etter ei alternativ gate for målgang slik at ein unngår at det blir for mange folk på ein plass. I tillegg til desse strukturelle moglegheitene, er det mange andre aspekt ved arrangementet som kan justerast.

– Kva restriksjonar som gjeld i august veit vi ikkje, men vi meiner sjansane er større for at det vil vere mogleg å arrangere eit løp då, og planlegg for ulike scenario for gjennomføring. Viss ein går gjennom dette året utan ein slik type folkefest, er det veldig synd, seier Wifstad.
 

Les tidlegare saker om same tema

Sentrumsløpet 2020 er avlyst - 2021-utgaven går 24. april
Sentrumsløpet flyttes til 10. oktober
Sentrumsløpets store dilemma - om korfor Sentrumsløpet valde å flytte til hausten
Nøklevann Rundt vurderer flytting p.g.a. Sentrumsløpet


Det er uvisst om folk får stå og springe så tett i år, men vonleg vil det bli løpsfest i Oslo sentrum sundag 28. august. (Foto: Per Inge Østmoen)

 
Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957