Det var flotte forhold under den femte utgåva av Kvasshovden opp i Ulvik. Det var ei lita regnbye, men elles fint og rundt 13 grader. Her er Konkurranseklassen er klar til start- over 100 deltakarar. Totalt var det over 400 som deltok.
 

Beste resultat:

1   Øyvind Heiberg Sundby IK Tjalve 50:11
2   Magnus Jensen Hammarby IF 52:29
3   Espen Hultgreen Weltzien IL Tyrving 53:16
         
1   May Britt Buer Gular 56:18
2   Maren Wangensteen Øystre Slidre IL 59:10
3   Therese Sjursen BFG Fana 01:01:36

Fullstendig resultatliste

 


May Britt Buer var beste dame med 56:18. Løypa var litt lenger enn tidlegare år på grunn av snø, og i tillegg var det ein del våte parti i løypa. Likevel vart tida betre enn i fjor, då May Britt vart nummer tre på 56:26.


Øyvind Heiberg Sundby har solid forsprang på andremann når han har nokre få meter att til mål. Den sterkaste konkurrenten, Torbjørn Thorsen Ludvigsen, starta, men ga seg etter nokre få hundre meter på grunn av forkjøling.


Nummer to, Magnus Jensen frå Hammarby IF i Sverige.


Nummer tre, Espen Hultgren Weltzien frå IL Tyrving. Alle dei tre første er i seniorklassen.



Gaute Kvåle frå Røldal IL, nummer fire totalt og vinnar av klasse 16-17 år.


Jann Olav Tjønneland frå Viksdalen, vinnar klasse 35-39 år. Bak kjem May Britt Buer.



Kjetil Dyrvik frå Voss, vinnar klasse 45-49 år.


Ingvar Skaar vann klasse 40-44 år.


Maren Wangensteen frå Øystre Slidre IL imponerte med andreplass totalt og med klassesiger i 20-22 år med tida 59:10.


Therese Sjursen frå BFG Fana tok tredjeplassen på 1.01.36. Ho var den første vinnaren av Kvasshovden opp i 2008.


Skiskyttar Hilde Fenne var fjerde dame til topps på 1.04.40.


Ove Bernes frå Mjøsdalen IL vann klasse 60-64 år på 1.06.33.



Ein av fleire unge skiskyttarar som deltok i Kvasshovden opp, Elise Ringen frå IL Varden. Ho vart nummer to i seniorklassa.


Magnus Rogne Halland frå Varegg, 1.07.28


Elisabet Seim frå BFG Fana, klassevinnar 45-49 år, på veg opp det brattaste partiet i løypa.


May Britt Michalsen Tveit frå Sauda IL, 1.19.32.



.. og her har vi neste generasjon motbakkeløparar- 1000 meter stigning og 7,5 kilometers løype er snart unnagjort, men her er det fleire krefter på lager!



Silja Fjærestad Hønsi frå Vik har fått far Asbjørn med på motbakkeløp. Her er dei klare til start i Ulvik.



Team Melkesyre, dei ivrige motbakkespesialistane frå Bergen: Frå venstre Melkesyresjef Bjarne Ludvigsen, Thorbjørn Ludvigsen som måtte bryta løpet i dag, Øyvind Nyberg og Vibeke M. Ludvigsen.

Foto: I løypa Jan Ringheim, i startområdet i Ulvik Oddny Ringheim.
 

Sjå alle reportasjar frå Kvasshovden på Samleside Kvasshovden opp!