Foto: Arrangør
Foto: Arrangør

Snipsøyrvatnet rundt lørdag 17. oktober

Hareid IL arrangerer i år Snipsøyrvatnet rundt for 41. gong. Dette er det lengstlevande mosjonsløpet på Sunnmøre.

Publisert Sist oppdatert

Pressemelding fra friidrettsgruppa i Hareid IL

Med ei løype på om lag 12,5 kilometer har løpet vist seg å vere noko for ein kvar smak, ikkje for kort og ikkje for langt. Løpet har altså blitt arrangert kvar haust sidan 1980.

Grimstadvatnet rundt, som også Hareid IL arrangerer, starta året etter, i 1981. Men i motsetning til Grimstadvatnet rundt, som går fire gonger kvar vinter, går Snipsøyrvatnet rundt berre éin gong i året.

- Eit breiddearrangement

Fleire som deltek under Snipsøyrvatnet rundt har det som ein fast tradisjon og deltek ikkje i andre idrettskonkurransar elles i året. Men målet til Hareid IL er at både folk frå Søre Sunnmøre og andre stader i landet og verda skal delta – same om dei er i kjempeform eller om dei berre mosjonerer ein sjeldan gong. Her er alle like velkomne!

- Dette er eit breiddarrangement for folk i alle aldrar uavhengig av form og treningsgrunnlag, seier leiar i friidrettsgruppa i Hareid IL, Odd Erling Eriksen.

Gjæve topp 20-lister

Her gjeld det altså å konkurrere med seg sjølv. Kanskje gjer du det betre enn i fjor? Kanskje er forfallet minka sidan i fjor? Eller kanskje fullfører du løpet for første gong? Kanskje klarer du å jogge alle partia sett vekk frå Ulsetbakken?

Ein kan likevel ikkje kome vekk frå at nokre deltek for å få gode tider. Og dei er jo det tradisjonelt mange av, både av lokale folk og deltakarar frå andre kantar av landet. Nedst i denne pressemeldinga legg vi topp 20-tidene både for menn og damer. Nokre har sikkert ambisjonar om å springe seg inn på dei listene.

Koronareglar

Årets løp blir sjølvsagt prega av koronasituasjonen, noko som gjer at det til dømes ikkje blir tilgang på garderobar/dusj. Ein må elles følgje einmetersregelen og andre smittevernreglar, som at det blir maks 200 deltakarar. Men ingen av smitteverntilytaka øydelegg for gjennomføringa av løpet.

Påmelding skjer på Hareid klubbhus frå kl. 12.30. Løpet startar og sluttar på Bigset, om lag tre kilometer frå klubbhuset. Vel møtt til ein kjekk ettermiddag på rundt Snipsøyrvatnet 17. oktober!


Topplistene første 40 år (ajourført av Torbjørn Ole Johansen Frost Widnes)

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Menn Kvinner
39:10SkogenOddbjørn46:41PilskogTrine
40:35BjørdalArild49:14WennemoOda
40:56InnselsetKnut50:14BrandeTonje
40:58NedregårdKristian50:59JohansenRigmor Ulstein
41:03VartdalJostein52:08NessetKarete
41:18JohansenØystein Jarl52:52HjelleGrethe
41:21MeinsethFrank Otto53:04DimmenNorunn
41:22GaltungHans Petter53:46Rognstad Audhild Bakken
41:32ChristiansenTom54:00OlsenIngunn Eikrem
41:47KleppeRobert Idar54:17RysteKari-Anne T.
41:50BouchaneAbdelkarim54:42SnipsøyrVendel
41:57HellandMagne55:09VollsæterMaria
41:58Megrund Marcus55:32HolstadHege
42:16VartdalKarl Johan55:44HåskjoldIngrid
42:23EgsetJørn Helge55:47Andersen Elise
42:28BreivikJan Magne56:21InselsetHelga
42:28NedregårdSvein Oskar S.56:26MidtfløOda
42:38HurlenSteinar56:34VattøyMaria
42:46HoleDag Arne56:35DimmenKirsti
42:50ElvanesOdd56:35SeljesetKariann
Powered by Labrador CMS