Sveitte og kos på Stadlandet
Vel 100 personar nytta høvet til å ta turen frå Dragseidet til Ervika i kvar sitt tempo sist laurdag.
 
Litt skuffande
Med over 200 deltakarar i 2009 var talet litt skuffande for arrangøren, Stadlandet IL.
– Med å flytte løpet til seinsommaren og med det flotte vêret som vart, hadde vi trudd fleire ville nytte høvet til å delta. Men i tillegg til at mange mosjonistar kanskje slo det frå seg då dei vakna til regn og skodde om morgonen, veit vi at det var fleire konkurrerande arrangement i nabokommunar denne dagen, seier Mirjam Friberg i arrangementskomitéen.
 
Løyperekordar
At det burde vore større deltaking meinte òg vinnaren av herreklassa, Ola Hovdenak, som sette ein sterk, ny løyperekord.
– Dette er slik eit fjelløp skal vere, variert og teknisk krevjande. Eg synest slike løp er morsommare en reine motbakkeløp. Fleire av dei som var Loen på Skåla Opp sist helg burde finne vegen hit, meinte sprekingen frå Skåla aust for Molde. Dei siste åra har han gjort seg mest kjend som ein av dei beste toppalpinistane i landet, der ein går opp og renn ned att, men han var til dømes også nummer to på Besseggen Over som hadde ”come-back” i år.
I kvinneklassa kunne Merete Helgheim også notere seg for betring av si eiga bestetid med rundt eitt minutt, og dei to kunne såleis begge innkassere 2 000 kroner for nye rekordar i tillegg til 1 00 kroner kvar i førstepremie.
 
Lettføtte i alle aldrar
Ellers merkar vi oss mellom anna sterke tider i klasse 13-17 år, der 17 år gamle Eirik Bringsvor vann føre dei to lettføtte seljeværingane Are Berstad (14) og Vetle Uhre Hammersvik (13). Særleg let mange seg imponere av sistnemnde, som låg eit stykke bak, men nærast flaut over tuene i nedstigninga. Med ein god sommar med fleire løp og fjelløp bak seg, viste også fleire fin form og sette nye persar, mellom anna gjeld det Åheim sine to deltakarar, Anders Bakkebø og Liv Berge.
 SPREK SELJE-GJENG: Jørund Hammersvik (t.v.) har mange gode løp bak seg på Stadlandet. I år vart han nummer tre totalt, men mange let seg imponere enno meir av tolv år gamle Vetle (nummer to frå høgre), som berre var åtte minutt bak. Bror Jesper og bestefar Jan Hammersvik nøgde seg med å stille i mosjonsklassa.
 

Tur
Andre tok turen meir med ro og naut det flotte utsynet undervegs. Mellom anna gjeld det deltakarane som kom sist i mål, skøytelandslaget si nye stjerne på kvinnesida, Ida Njåtun, som kvelden før fortalde om sin veg til toppen og livet som toppidrettsutøvar til eit tjuetals frammøtte medlemar av Stadlandet IL på klubbhuset.
 
MED VANYLVSFJORDEN BAK: Daniel Dalsbø frå Stadlandet leiar her an pulje to, føre damevinnar Merete Helgheim, men fekk det etter kvart tyngre utover fjellet. Vidare ser vi Jørund Hammersvik frå Selje, Torbjørn Johnsen frå Bergen, Kjell Bakkebø frå Stadlandet og Eirik Bringsvor frå Sandsøya.
 
SUVERENE: Ola Hovdenak og Arve Rindal tok ei klar leiing alt i den første stigninga opp frå Dragseidet og var begge godt føre den gamle løyperekorden på 1.07.35 frå 2008.
 
 
STADIG UNG: Liv Berge sette ny bestetid. Bak ho ser vi Regine K. Stevenson

RUNDT ERVIKVATNET: Det var òg familieløype med postar, der vi her ser Sunniva Albertine Leikanger (på kne) og søskenbarnet Nathalie Leikanger studere første spørsmålet. Bak dei kjem Hannah Katarina Leikanger og mor Gry Otneim Leikanger.
 
Resultat:
Menn 13-17 år
1. Eirik Bringsvor, Sandsøy IL 1,11,28
2. Are Berstad, Selje 1,18,13
3. Vetle Uhre Hammersvik, Selje 1,18,17
4. William Dalsbø, Stadlandet 1,35,38
5. Tobias Hansen, Stadlandet 2,25,18
 
Menn 18-24
1. Daniel Dalsbø, Stadlandet 1,34,28
 
Menn 25-39
1. Ola Hovdenak, Skåla IL 59,01 (Ny løyperek.)
2. Arve Rindal, Eid 1,01,21
3. Frode Refsnes, Stadlandet 1,18,19
4. Anders Bringsvor, Sandsøy IL 1,20,28
5. Torbjørn Johnsen, Erdal IL 1,22,59
6. Mathias Mundal, Sogndal 1,35,38
 
Menn 40-49
1. Jørund Hammersvik, Selje 1,10,35
2. Jarle Berge, Kyrkjebø IL 1,14,08
3. Kjell Bakkebø, Stadlandet IL 1,14,10
4. Anders Bakkebø, Åheim 1,16,58
5. Odd Martin Øvrebø, Måløy IL 1,18,05
6. Harald Dalsbø, Stadlandet 1,26,54
7. Lars-Helge Honningsvåg, Stadlandet 1,27,24
 
Menn 50-59
1. Terje Torvanger, Brenager 1,11,59
2. Egil Holvik, Almenning IL 1,24,46
3. Vidar Dalsbø, Stadlandet 1,30,13
 
Kvinner 13-17
1. Marte Julia Dalsbø, Stadlandet 2,03,03
 
Kvinner 25-39
1. Merete Helgheim, Gloppen FIL 1,12,04
2. Åse Iren Sætre, Ørsta 1,20,04
3. Regine K. Stevenson, Stadlandet IL 1,38,52
 
Kvinner 40-49
1. May-Britt Wenge, Skåla IL 1.39.48
 
Kvinner 50-59
1. Solveig Wilhelmine Tveit, Stadlandet IL 2,19,43
 
Kvinner 60-
1. Liv Berge, Åheim 1.40.10
 
Mosjonsklasse med tid:
Anfinn Sjåstad 1,32,45, Even Rønning 1.35.20, Håkon Berstad 1.35.57, Mari Moe 1.36.12, Eirik Stave 1.45.05, Margunn Årvik Dalsbø 2,01,34, Jan Hammersvik 2,06,11, Jesper Uhre Hammersvik 2.06.10, Ingrid Stave 2,07,58, Kristoffer Honningsvåg 2,11,34, Ruben Dalsbø 2,11,34, Håvard Otneim 2,12,00, Anders Svarstad 2,15,12, Perry Honningsvåg 2,17,50, Trygve Ekremsæther 2,18,57, Sofie Sande 2,21,47, Ina Helen Stave Ervik 2,21,47, Sigrun Gilleshammer 2,25,01, Gunnhild Dalsbø 2,28,27, Lisbeth Brandal 2,29,59, Terje Årvik 2,52,07, Kristian Nave 2,58,03, Rune Sande 3,16,14, Louise Sande 3,16,14, Geir Honningsvåg 3,16,17, Natalie Honningsvåg 3,16,17, Magdalen Brandal 3,20,20, Per Hånes 3,29,59, Kristine Leikanger 3,46,50, Grete Solborg Fure 4,24,00, Rita Borgundvåg 4,24,00, Johann Olav Sjåstad 4,24,00, Nils-Per Sjåstad 4,24,00, Ida Njåtun 4,24,00  
 
Mosjonsklasse utan tid:
Elin Hammersvik, Bent Hammersvik, Mona Sekkingstad, Arnstein Moltumyr, Anton Sekkingstad, Bodil Hånes, Jofrid Hånes, Beate Honningsvåg, Atle Svein Honningsvåg, Heidi Rognes, Marita Årsheim Wold, Sigmund Reksnes, Arne Reksnes, Kristen Reksnes Steen, Magne Reksnes, Thea Hansen, Doris Hove, Bjarne Krakereid, Anita Furnes, Odd Westerås, Jenny Laila Westerås, Trond Hoddevik, Anne Liv Ervik, Bente Kvernevik Berstad, Ingebjørg Kvernevik, Vidar Sjåstad, Børre Sjåstad, Kjell Inge Sjåstad, Kristin Uhre Paulsen, Emma Uhre Hammersvik, Anne Toril Hovlid, Ananda Bickhardt, Bettina Bickhardt, Merete Sandal, Bodil Hessevik, Nils Petter Pettersen, Elisabeth Pettersen, Kjetil Magnar Guddal, Raymond Myren, Unni Sætre, Per Jon Sætre, Elling Otneim, Tor Inge Høybakk, Sissel Høybakk, Tora Haaland, Maria Haaland