Dei siste åra har det stilt stadig færre opp på halvmaraton, medan stafetten har hatt aukande oppslutnad med rundt 20 lag. Dagen før løpet er berre fem halvmaratonløparar påmelde, men løpet startar felles med stafetten, så det blir uansett folksamt rundt løypa.
I fjor vann Emil Hosøy på tida 1.23,47. Ingen kvinner stilte då til start, men det unngår ein heldigvis i år. Hilde Aasheim har løyperekorden rundt Brakvatnet med 1.24,29 frå 2013. Bjarte Vik har løyperekorden for menn med 1.18,31 frå 2011.
I naturskjønne omgjevnader snirklar løypa seg kring Brakvatnet på Valestrand. Den 2,6 km lange runden er kupert og krev sitt både av mosjonistar og eliteløparar. Mesteparten av løypa er på idylliske og nokså breie grusstiar. Elles er det litt sti og litt asfalt/oljegrus. Spesielt ved passering mål er det stor stemning med mykje publikum, og her passerer løparane åtte gonger.
På stafetten stiller både idrettslag, bedriftslag og venelag. Ein kan vera frå to til åtte løparar på laget. I fjor vann Ask Friidrett, medan LOBAS vann bedriftsklassen. Bedrifta, som m.a. produserer taksikring og garasjeportar, fyller 75 i år og stiller med heile tre lag i stafetten.
Lenker:
Plakat: http://www.osteroyil.no/bilder/filer/dokumenter/2019/22brakvatnet_plakat.pdf
OIL Nettside: http://www.osteroyil.no/?mapping=321
Facebook: https://www.facebook.com/BrakvatnetHalvmaraton