Bildet: Ikke alle passerer målstreken med drikkeflaske i munnen, Erik Tysse tok en ekstra økt på 5km i tillegg til 10 km før start.
 
Fra Arild Fotland har vi mottatt denne raporten.

Søfteland TIL arrangerte NM i kappgang lørdag 1. og søndag 2.juni. Som vanlig er NM eit prioritert stevne blant våre beste. Dei to VM-klare utøvarane Erik Tysse og Håvard Haukenes deltok begge dagar. Det same gjorde den lovande20-åringen Joakim Sælen, som søndag var svært nær kvalifiseringskravet til U23-EM i Finland. Og lørdag deltok også «pensjonisten» Trond Nymark.

Lørdag vart det arrangert 10.000m på Arna idrettspark. Dei tre beste vart som venta Erik Tysse, Håvard Haukenes og Joakim Sælen. Ingen av dei gjekk maksimalt, men det vart likevel ei fin gjennomkjøring. Trond Nymark vart nummer 4, og sleit meir enn me har sett før. Han la kappgangskoene på hylla for godt i fjor haust, og har primært halde formen ved like gjennom sykling til og frå jobb. Men kappgangformen er litt rusten.

Søndag vart 20km arrangert på Kismul i Fana. Joakim Sælen gjekk eit jevnt og godt løp og fekk bronse. Han låg lenge an til å greia kvalifiseringskravt til U23-EM, men det butta litt imot på slutten og han var 16 sek for seint ute. «Målet var under U23-kravet, men 1.30,16 er ny personleg rekord med i overkant av 2 minutt. Og når eg veit at eg har gjort mitt best kan eg ikkje sei anna enn at eg er veldig godt fornøgd med resultatet», seier Joakim.
Den gamle persen sette Joakim i Rio Maior i april. Og tida i Portugal var ei forbetring med over 9 minutt frå fjorårspersen. Joakim har med andre ord forbetra persen sin med 11 minutt på 20km i år. Dette er imponerande og det skal bli spennande å følgja denne treningsvillige ungdommen vidare.

Håvard Haukenes fekk sølv. Han hang på Erik Tysse dei første rundane, men måtte sleppa halvveis i løpet.  Tida 1.29,02 er ny årsbest og ikkje langt bak pers.

Erik Tysse brukte 20km som del av ei solid treningsøkt. Vinnartida hans vart 1.26.35. Erik har bestemt seg for å droppa 20km i VM og satsar for fullt mot 50km i Moskva, og han brukte 20km som del av dagens  treningsøkt for å testa femmils-farten. Like før start gjekk han ein hard 10km, deretter vann han NM-gull på 20km, og han avslutta økta med 5km direkte etter målgang. Han skrudde farten litt opp og denne siste sløyfa vart den raskaste 5km han gjennomførte denne helga. Heile økta var på 35km, og måten han gjennomførte på virka solid. Testen var vellykka og det er ingen tvil om at Erik er i god form og i rute før VM. (Han har også gjennomført ein test med løgndetektor i vår, og han bestod med glans).


Resultater fra helgens NM

nm20-13-1.jpg
Erik Tysse etter 18 km.

nm20-13-2.jpg
Arild Fotland.

nm20-13-3.jpg
Erik Tysse ut på siste runde, Arild Fotland med to runder igjen.

nm20-13-4.jpg
Håvard Haukenes ligger på en trygg 2.plass

nm20-13-5.jpg
Den gamle olympier fra 1972, Jan Rolstad og Arvid Bjørsvik, begge Viking

nm20-13-6.jpg
Joakim Sælen tar NM bronse på ny solid pers.

nm20-13-8.jpg
Stephan Plätzer gir sin "elev" Erik Tysse drikke 20 meter fra mål, Erik fortsatte i konkurransetempo 5km til.

nm20-13-9.jpg
 Joakim Sælen og Håvard Haukenes, begge Viking

 


Foto fra Framolekene, Arild Fotland

Feltet på startstreken copy.jpg
Feltet klart til start på 3000m. Frå venstre Ida Moldskred Steinstad (IL i BUL), Ida Th Nilsen (Ringerike FIK), Lina Mathilde Sandvik (Kristiansands IF), Charlotte Johansen (Kristiansands IF), Ellen Nordqvist Sjøblom (Moss IL), Vilde Øien Karlsen (Kvæfjord IL), Vegard Nordbø (Flekkefjord IF), Arild Nilsen (TIF Viking), Fredrik Vaeng Røtnes (BUL Tromsø), Petter Strømmen, Lars Emil Mossefinn, Syver Andersen Morvik og Joakim Sælen (dei fire siste frå TIF Viking).

Ellen Nordqvist Sjoblom.jpg
Elin Norqvist Sjøblom.

 

Fredrik V Rotnes.jpg
Fredrik Vaeng Røtnes

Ida M Steinsland.jpg
Ida Molskred Steinstad


Vilde OK.jpg
Vilde Øien Karlsen

 


Kappgangsamling

Det har etter kvart vorte mange unge som deltar i kappgang. Spesielt er det mange som har deltatt på NCC-leikane, men det har vore fine felt også på UM. Men utanom desse stevna er langt mellom stevner med kappgang på programmet. For å gi nokon av desse unge sjansen til å oppleva topp kappgang, samt at dei sjølv skulle få både konkurransetilbod og kyndig instruksjon, vart det arrangert ei kappgangsamling. NM-arrangøren Søfteland TIL og kappgangutvlget i Norsk Friidrett samarbeidde om samlina, og til saman sju ungdommar frå Oslo, Buskerud, Vest-Agder og Troms var samla på Søfteland frå torsdag til søndag. Kjersti Tysse Plätzer var hovudinstruktør på samlinga, og Erling Andersen og Arild Fotland var med som leiarar og tilretteleggjarar.

 

Første post på programmet var Framo-leikane på Fana stadion der alle gjekk 3000m. Det er lenge sidan det har vore eit så stort ungdomsfelt, med til saman 13 utøvarar på startstreken og mange av dei debuterte på distansen. Kjersti instruerte ungdommane før start og kom også med nokre innspel undervegs i løpet.
Ellen Nordqvist Sjøblom (14 år) frå Moss IL (14 år) og Ida Moldskred Steinstad (17 år) frå IL i BUL gjekk begge under NM-kravet for junior. Også Fredrik Vaeng Røtnes (17 år) frå BUL Tromsø overbeviste med ein sterk 3000m.

 

Fredag var det teknikk-trening med Kjersti på Søfteland. Kjersti har hatt ei ekstremt lang karriere på topp internasjonalt nivå. Erfaringa er det ingenting i vegen med – i tillegg er ho dyktig som instruktør. Ho fekk god kontakt med ungdommane, så dette vart ei skikkeleg lærerik økt.

 

Etter ein handletur i Bergen på dagtid inviterte Søfteland TIL utøvarane på pizza på klubbhuset. Me gjekk gjennom litt kappgangteori og både Kjersti og Erik Tysse stakk innom for å prata med ungdommane. Begge la vekt på at dei må trena variert i ung alder, og at det er viktig å ikkje spesialisera seg for tidleg. Tren gjerne fleire idrettsgreiner, var budskapet. Det er mange kongepokalar som har havna på Søfteland opp gjennom åra. Erling Andersen har flest (11 stk), og Kjersti og Erik har 16 til saman. Ungdommane fekk sjå korleis ein kongepokal ser ut. Og dei fekk kjenna på Kjersti sine to OL-sølvmedaljar.

 

Lørdag var kappgangfamilien samla på Arna idrettspark, og mange av dei erfarne smilte godt då dei fekk sjå så mange nye utøvarar. Etter at Erik, Håvard, Joakim og Trond var ferdig å kjempa om NM-medaljane gjekk dei over til å bli instruktørar og innpiskarar medan ungdommane gjennomførte sin andre 3000m på tre dagar. Opningsfarten var prega av ungdommelig mot, kanskje litt i høgaste laget. Men det vart ein flott konkurranse, og feltet gjennomførte på ein imponerande måte. Denne gongen var det Vilde Øien Karlsen (15 år) frå Kvæfjord IL som gjekk under NM-kravet for junior. Rekordforbetring for Vilde vart formidable 1 min og 20 sekund. Også dei andre utøvarane hadde stor framgang og det vart mange nye persar.

 

Tilbakemeldinga frå deltakarane etter helga var i alle fall at dette hadde vore gøy og at dei vart inspirerte til å satsa vidare på kappgang. Håpar det ikkje blir altfor lenge til me kan arrangera ei ny samling

 
Ungdommane med Kjersti og Erik copy.jpg
Deltakarane på samlinga saman med Kjersti og Erik.
Frå vestre Kjersti Tysse Plätzer, Ida TH Nilsen, Ida Moldskred Steinstad, Charlotte Johansen, Lina Mathilde Sandvik, Vegard Nordbø, Fredrik Vaeng Røtnes, Vilde Øien Karlsen og Erik Tysse Foto:  Robert Karlsen

Bilde0154 copy.jpg
Premieutdeling lørdag.
Fra venstre Lina Mathilde Sandvik, Vilde Øien Karlsen, Ida Th Nilsen, Charlotte Johansen
Foto:
Bjørn-Ove Ølness