Warandeloop vil fungere både som god trening og uttaksløp til EM i terrengløp som går i Budapest to veker seinare. Somme av løparane som fer til Tilburg, er nokså sikre på EM-laget, medan andre må vise form. 

Lagleiar Nils Hetleflåt fortel at det er viktig å få konkurrert internasjonalt for å kjenne på nivået og få ein peikepinn på korleis ein ligg an. Målsetjinga vil variere frå løpar til løpar.

- Nokre av dei norske vil kunne kjempe i toppen av sine klassar medan det for andre gjeld å vise at dei kan kjempe seg inn på det norske laget som skal til EM i terrengløp, fortel Hetleflåt.

- Dette løpet vil saman med tidlegare terrengløp i haust vere med på å danne grunnlaget for uttakinga av løparar til EM som går i Budapest 9. desember.

Ei av dei som kan hevde seg i både Warandeloop og i EM, er Karoline Bjerkeli Grøvdal. Rett nok slit ho med ein leggskade som gjorde at ho sto over nordisk meisterskap i terrengløp, men no er planen å bli med på desse to terrengløpa, og så ta ein pause for å bli bra i leggen etterpå.

Karoline har sitt siste år i U23-klassen, og er forma god, blir ho heilt klart ein løpar å rekne med. I Tilburg spring seniorar og U23-løparane same løype, og Karolina får mellom anna bryna seg mot den sterke portugisiske løparen Ana Dulce Felix.

Urige Buta er einaste norske seniorløparen som fer til Tilburg, men til gjengjeld spring seks norske gutar i U23-klassen og sju i U20-klassen. I tillegg til Karoline Bjerkeli Grøvdal i U23 stiller Heidi Mårtensson og Ida Nevli Narbuvoll i U20.

Det norske laget i Warandeloop

Gutar U20   
Ferdinand Kvan Edman, Sindre Løchting, Elias Ottosen, Stian Klungland, Magnus Sirnes Hjellum, Kristian Tjørnhom, Magnus Hannevig Pettersen

Menn U23
Ørjan Grønnevig, Johannes Alnes, Marius Vedvik, Johann Bugge, Vegard Gjelsvik, Ahmad Mukhtar Adam

Menn senior  
Urige Buta

Jenter U20
Heidi Mårtensson, Ida Nevli Narbuvoll

Kvinner U23
Karoline Bjerkeli Grøvdal


Fullstendig startliste

Warandeloops heimeside

Marius Vedvik sin blogg om treninga fram mot løpet i Tilburg