Jærkysten Ultra ble suksess i første forsøk. (Foto: Thomas Hetland)
Jærkysten Ultra ble suksess i første forsøk. Her er Jarle Risa (t.h) og Carlo Brekken i godt driv. (Foto: Thomas Hetland)

Suksess for første utgave av Jærkysten Ultra

Den første utgaven av Jærkysten Ultra vart ein stor suksess. Totalt var det påmeldt 192 deltakarar på dei 5 distansane som var tilgjengelege. 61 av dei 70 påmeldt fullførte ultradistansen som gjekk i fantastisk natur langs Jærkysten frå Egersund til Bryne.

Publisert Sist oppdatert

På maraton var det 24 fullførande løparar. I Sirevåg der ultraløparane passerte 20 km og maraton starta var det musikk og kjempestemning i sentrum. Løparane var innom 3 sandstrender på sin ferd nordover langs kysten, dei fekk og med seg rullesteinstrender, skipsvrak, 2 fyr tårn og elvepasseringer. Løpet var lagt opp så deltakarane kunne reise kollektiv frå Bryne til Start på dei forskjellige distansene. Startidspunktet var lagt slik at det kom eit tog ca 30 min før start.

Jarle Risa og Anne Sofie Pollestad vann Ultra

På Ultradistanen som var ca 62 km, var det arrangørklubben Undheim ILs Jarle Risa som vann foran klubbkamerat Carlo Brekken. Dei brukte 4.51.33 og 4.57.34, på sin ferd langs kysten. Tredjeplassen gjekk til Brage Haugen, Samnanger IL som avslutta løpet sterkt og kom i mål på 5.04.05.

jarle-risa.jpg

Jarle Risa, Undheim IL, mot mål (foto: Einar Søndeland).

brage-haugen-carlo-brekken.jpg

Brage Haugen, til venstre, og Carlo Brekken. Nr 3 og 2 på ultra (foto: Ingve Lende).


Dameklassen vart vunne av Anne Sofie Pollestad, Torpa IL (5.57.59) foran Oddveig Odland, Varhaug IL (5.58.12). Desse damene sprang i lag heile løpet men Oddveig var ikkje klar over at det sto om sigeren i dameløpet. Tredjeplassen gjekk til meritterte Mari Mauland frå Spirit Friidrett som sprang på 6.02.25.

tre-beste-damer-ultra.jpg

Dei tre beste damene på Ultra. Fv Mari Mauland, Anne Sofie Pollestad, Oddveig Odland (foto: Ingve Lende).

Ultra :: 6 beste menn

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
11Jarle RisaUndheim ilMV 45-494:51:330:00
22Carlo BrekkenUndheim ILMV 40-444:57:346:01
34Brage HaugenSamnanger ILM Senior5:04:0512:32
412Tore VålandDale FjelløpereMV 40-445:05:2213:49
53Sølve E SalteUndheim IL / UndheimMV 45-495:20:1328:40
667Oddvar DirdalTrekompaniet BILMV 40-445:25:5134:18


Ultra :: 6 beste kvinner

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
140Anne-Sofie PollestadTorpa ILKV 35-395:57:591:06:26
25Oddveig OdlandVarhaug ILKV 40 -445:58:121:06:39
346Mari MaulandSpirit FriidrettsklubbKV 45-496:02:251:10:52
454Karoline LienSpirit FriidrettsklubbKV 35-396:18:261:26:53
532Therese SkeieGTI FriidrettsklubbKV 35-396:18:261:26:53
669Randi AalgaardNesodden Trail RunnersKV 40 -447:53:553:02:22

Maraton vunne av Henning Tjøstheim og Oddveig Stokkeland

Maraton vart vunne av Henning Tjøstheim, Spirit Friidrett, på tida 3.16.04. Stian Emil Pettersen, Undheim IL, debuterte på maratondistansen med ei tid på 3.26.49. Tredjeplassen gjekk til Halvor Been frå Rygge IL. Tida hans vart 3.38.29.

tre-beste-menn-maraton.jpg

Dei tre beste menn på maraton. FV. Henning Tjøstheim, Stian Emil Pettersen, Halvor Been (foto: Ingve Lende).


I dameklassen var det kun 2 damer som fullførte, først av desse var Oddveig Stokkeland, OUS BIL, som hadde tida 4.02.47, andreplassen gjekk til Isabel Aarnes, Romerike Ultraløperklubb, med tida 4.59.51.


Maraton :: 6 beste menn

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
1124Henning TjøstheimSpirit FriidrettsklubbMV 35-393:16:040:00
2106Stian Emil PettersenUndheim ILM Senior3:26:4910:45
3113Halvor BeenRygge ILMV 45-493:38:2922:25
4119Jan NygårdUndheim ILMV 45-493:49:5733:53
5101Glenn MadlandUndheim ILMV 45-493:52:0836:04
6120Ingve AalbuEgersunds IdrettsklubbMV 45-493:56:2940:25


Maraton :: 2 beste kvinner

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
1111Oddbjørg StokkelandOus-BilKV 35-394:02:4746:43
2110Isabel AarnesRomerike UltraløperklubbKV 35-394:59:511:43:47

Halvmaraton

Halvmaraton som gjekk frå Nærbø til Bryne var også innom 2 strender men 90 prosent på asfaltveg. Her var det Rune Nygaard frå Gular som vann på 1.24.43, foran Helge Våland, Varhaug IL (1.27.48). Tredjeplassen gjekk her til Kent Arnevik Aadnøy, Avinor Flysikring, med tida 1.30.23. Det var 38 som fullførte dette løpet.

dame-3-og-1-paa-halvmaraton.jpg

Nr 3 og 1 på Halvmaraton FV Live Gjesdal Nilsson, Kjersti Nordstrøm (foto: Ingve Lende).

halvmaraton-tre-beste-menn.jpg

Dei tre beste mennene på halvmaraton, fv Kent A Aadnøy, Helge Våland, Rune Nygaard (foto: Ingve Lende).


Halvmaraton :: 6 beste menn

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
1230Rune NygaardGular, ILMV 50 -541:24:430:00
2228Helge VålandVarhaugMV 35-391:27:483:05
3211Kent Arnevik AadnøyAvinor FlysikringM Senior1:30:235:40
4237Thomas HetlandEgersunds IdrettsklubbMV 45-491:34:079:24
5206Åsbjørn UelandVarhaug IL / Equinor B.I.LMV 55-591:34:209:37
6238Troels Ravn PedersenEgersunds IdrettsklubbMV 40-441:34:229:39


Halvmaraton :: 6 beste kvinner

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
1210Kjersti NordstrømKonsmo ILKV 35-391:34:339:50
2239Jofrid RisaUndheim ILKV 45-491:36:1911:36
3227Live Gjesdal NilssonSandnes ILKV 55-591:44:3919:56
4236Sofia Jakobsen HinnalandLYEK junior1:48:4123:58
5209Agne UlfsnesTeam FatlandKV 40 -441:48:5524:12
6232Anja HoffmannEgersundKV 55-591:52:5428:11

10 kilometer

10 km-løpet starta på Bryne Torg, sprang siste 5 km av ultraløypa "feil vei", før dei returnerte til Bryne. Denne løypa var kontrollmålt. Her var det kun 21 fullførande løparar. Som vanleg virker det som det er veldig langt for Sandnes/Stavanger-løpere og reise dei 20 km sørover.

Vinneren vart 15 år gamle Bjørnar Risa Taksdal, Undheim IL, med tida 34.54. Noko som er ei bra tid tatt alderen i betrakting. Ola Tjensvoll, Undheim IL, var sporty og stillte opp til tross for ein trøblete rygg den siste veka. Han kom inn på ein andre plass med tida 35.23. Tredjeplassen gjekk her til Bård Henning Kvinen, Eigersund IK, på tida 38.06.

I dameklassen var det Spirits Silje Torsvik som var sterkast og vann med tida 38.14, andre kvinne i mål var Henriette Meland frå Eigersund. Ho hadde tida 52.36. Tredjeplassen gjekk til Kristin Andresen frå Bryne på tida 55.19.

bjornar-risa-taksdal.jpg


Bjørnar Risa Taksdal mot mål (foto: Ingve Lende).

3-og-2-menn-10-km.jpg

Nr 3 og 2 på 10 km FV. Bård Henning Kvinen og Ola Tjensvoll (foto: Ingve Lende).

3-og-1-damer-10-km.jpg


Nr 3 og 1 på 10 km. Fv Kristin Andresen og Silje Torsvik (foto: Ingve Lende).


10 kilometer :: 6 beste menn

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
1310Bjørnar Risa TaksdalUndheim ILM Junior34:540:00
2324Ola TjensvollUndheim ILM Senior35:230:29
3301Bård-Henning KvinenEgersunds IdrettsklubbMV 40-4438:063:12
4312Marius BøgildStavangerMV 35-3939:424:48
5300Leif Inge NesvågEgersunds IdrettsklubbMV 40-4440:225:28
6304Ove PollestadKristiansand Løpeklubb / Sparebanken SørMV 50 -5440:546:00


10 kilometer :: 6 beste kvinner

PlassBIBNavnKlubbKlasseTidBak
1320Silje TorsvikSpirit FriidrettsklubbK Senior38:143:20
2314Henriette Meland Henriette MelandEgersundK Senior52:3617:42
3319Kristin AndresenBryneK Senior55:1920:25
4311Elisabeth LarsenStavangerKV 35-391:04:1829:24
5302Gina AuklandSandnesKV 40 -441:07:2132:27
6313Linda Tjelta HageSandnesKV 40 -441:07:3032:36

Gode tilbakemeldingar

Løparane var svært fornøgd med løpet, og entusiasmen til speaker Atle Tanum. Med fødselsdagsanger, intervju med deltakarar og musikk holdt Atle liv på Bryne torg i 5 timer, medan dei forskjellig distansane kom til mål. Starttidspunkta var kalkulert slik at vinner av Ultra kom i mål først, før vinner Maraton og vinner 10 km. Sist av vinnarane var halvmaraton.
- Ingen av dei 370 maratonløpa eg har sprunge tidlegare har likna på dette, sa 81 år gamle Harald Sel etter sin maraton på 5.35.38.

Geir Sveen (64 år) var også fornøgd:
- Eg sa på 30 km at dette løpet har nasjonalt potensial, eg tok feil, det har internasjonalt potensial.

Einar Tho, som fullførde Ultra på 5.59.36, hadde dette å si etter løpet:
- Ikke så mange høydemeter, men 63 km ble likevel mer enn hardt nok med mye "variert" sti langs jærstrendene. Spektakulær natur! Kudos til Undheim IL.


Mer informasjon
Se alle resultater her
Jærkysten Utras hjemmeside
Jærkysten Ultra på Facebook

Powered by Labrador CMS