Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgFor det kan bli lenge til – minst eit halvår og meir sannsynleg eit halvt hundreår – før vi får ein liknande vinter igjen. Ein slik som berre ballar på seg i høgd og breidde med snø og skiløyper så langt og mykje lenger enn det ein ikkje alt for sprek kar kan skli av stad.

Vi ønska oss iallfall nokre veker med godt skiføre – og fekk mange månader. Det må da iallfall bli nokre dagar med sol og kuldegrader, tenkte eg, og så kom det helg etter helg med knirkeføre under ski og stavar og ei sol som klatra stadig høgre opp på himmelen - i fjeset på tur heimatt. Ein kan bli glad og takksam av mindre.

For det er ikkje sjølvsagt at vinteren fører glede med seg. Iallfall ikkje for meg, som eigentleg er ein varmekjær tresort - eit sol- og sommarmenneske. Om det ikkje var for skigåinga – og springinga på dei fint opptrampa snøstiane i skogen – ville eg nok gladeleg hoppa over vinteren og gått rett frå tidleg haust til gryande vår. Det kan bli for mørkt, for kaldt, for glatt og for blautt.

Men så kjem den tørre og kvite og ljose snøen og bergar vinteren, slik at han blir ei oppleving. Slik at når høgdepunkta i 2018 skal oppsummerast, så vil det bli vanskeleg å komma forbi langturane innover i marka, åleine eller i sprekt selskap. Det var den vinteren eg berre kunne skrå over gata og ta på skiene og gå og gå så langt og lenge eg hadde ork. Det var den vinteren som hadde så mykje ork at han ikkje gav seg før langt uti april.

Så må eg vedgå at eg lurte meg unna ei veke i år òg – til ei kanarisk øy tidleg i februar. Det var den veka i vinter eg fraus mest – sjølv om det var 25 grader varmare der enn der eg kom ifrå. Forventar ein 20 grader og blir avspist med 15, blir det fort hustrig. Er ein budd på minus 15, og kvikksølvet stansar på minus 10, held ein varmen.

Sia dette var den finaste vinteren i manns minne, og sia det ikkje er så sannsynleg at eg får leva eit heilt «manns minne» til, vil eg seie takk til vinteren og alt det gode han førte med seg. Takk til dei som har laga skiløyper og trampa opp stiar i skogen, som eg har fått bruke. Takk til dykk som eg fekk oppleva vinteren 2018 saman med. Store gleder blir enno større når ein kan dele dei.

Og så blir våren enda vakrare og meir kjærkommen når vi har venta lenge på han. No er han er, like om  hjørnet og like overveldande som Aasmund Olavsson Vinje skildra han i diktet "Vaaren" for over 150 år sia: 


Vaaren
Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa, 
for Vaaren at røma;
Heggen med Tre som der Blomar var paa, 
eg atter saag bløma.
Enno ein Gong fekk eg Isen at sjaa, 
fraa Landet at fljota,
Snjoen at braana, og Fossen i Aa, 
at fyssa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein Gong, 
fekk skoda med blomar. 
Enno eg høyrde at Vaarfuglen song, 
mot Sol og mot Sumar.

Aasmund Olavsson Vinje

Raaskinnet_2013_foto_Kjell_Vigestad_A20G0485.jpg
Sjøl om snøen ligg så tjukk at Råskinnet har vald å utsetje løpet med to veker - til 12. mai - så blir det ganske sikkert både vår og sommar i år òg. (Foto: Kjell Vigestad)