Røhneselmer er til saman åtte Ford-forhandlarar i Oslo-regionen.
– Det å vere med i Sentrumsløpet er ein fin moglegheit til å møtast og bli kjende med tilsette frå dei andre Røhneselmer-avdelingane. Vi plar å møtast ein gong i veka inne på Bislett stadion for å trene. Det gjer at vi får meir ut av det enn berre ein springedag i april, seier salsdirektør Terje Halvorsen.
På arrangementsdagen møtest dei på eit hotell i Oslo. Her har dei vorspiel med energidrikk, frukt og energibarar før dei dreg ut på felles oppvarming og finn dei gruppene dei skal springe med.
– Etterpå møtest vi igjen på hotellet for sosial hygge og dusj. Dagen sluttar med bankett på byen. Stemninga er alltid upåklageleg, meistringskjensla stor, og alle er einige om at vi stiller til start igjen neste år, seier han.
De tilsette i Røhnerselmer plar også å stille til start i Holmenkollmarsjen, og dei har hatt eige lag i Den store styrkeprøven på sykkel. Tidlegare har dei også hatt lag i bedriftsserien i fotball.
– Dette bind heilt klart avdelingane våre tettare saman. Totalt sett får vi både betre arbeidsmiljø og lågare sjukefråvær, seier Terje Halvorsen.