Hareid IL inviterer til det tradisjonsrike Snipsøyrvatnet rundt, i år lørdag 20.okt.

Så er det klart for høstens høgdepunkt for løpere, både de som trener ofte og de som trimmar en gang i blant. Snipsøyrvatnet rundt er et løp med lav terskel for å delta i, men det er også tøff konkurranse i toppen.
Her gjelder det å ta utfordringa, unge som gamle!

Løypa på ca. 12.5 kilometer går langs det idylliske Snipsøyrvatnet. Løypa inkluderer et par-tre oppoverbakker (og tilsvarande antall nedoverbakker), men de er ikke så lange.

Inviter alle dine venner til arrangementet. La oss gjøre årets utgave av Snipsøyrvatnet rundt til ein folkefest!

Løyperekordene
Det er det Oddbjørn Skogen og Trine Pilskog som har rekordene, Oddbjørn med tiden 39.10 og Trine med 46.41.

Kondisartikkelen fra 2017 utgaven.

Praktisk info
Sted Start ved Bigsetkrysset kl. 14.00 . Parkering ved Gamle Bigset skole.
Påmelding: Klubbhuset på Hareid stadion fra klokka 12.30.
Startkontingent: 150,- + 30,- i engangslisens for deltakarar som er 17 år og eldre. 100,- + 20,- i engangslisens for deltakarar som er yngre enn 17 år.
Garderobe: Hareid klubbhus
Premiering: Det vert eit arrangement med premiering og enkel kafè i festsalen i klubbhuset etter løpet.

39.jpg
Eldor Skeide sprang Snipsøyrvatnet rundt på 60-årsdagen sin i fjor, med innlagte feiringar undervegs i løypa.
Foto: Arrangør.

3.jpg
Audhild Bakken Rognstad vann dameklassen i fjor. Foto: Arrangør.

utsikt_foto_Martin Hauge-Nilsen.jpg
Snipsøyrvatnet i sommerdrakt sett fra Kongsvollen. Hareid til venstre, Melshornet, Sulafjellet bak der igjen, til høyre Hjørungavåg og Vartdalsfjorden følger på. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

vatnet_foto_Martin_H_N.jpg
Den sørlige delen av Snipsøyrvatnet i mer vinterlige forhold.. Foto: Martin Hauge-Nilsen.

Pressemelding fra Hareid IL;

Dette er eit løp på ca. 12.5 kilometer. Som du kanskje gjettar går løpet rundt Snipsøyrvatnet, som ligg i Bigset krins i Hareid kommune. Det er tradisjon for at både mange lokale og folk utanfrå deltek i dette løpet. Løypa er variert med nokre utfordrande bakkar her og då, men dette er på ingen måtar noko motbakkeløp.

- Dette er eit breiddarrangement for folk i alle aldrar uavhengig av form og treningsgrunnlag, seier leiar i friidrettsgruppa i Hareid IL, Odd Erling Eriksen.

Alle skal med

Her gjeld det altså å konkurrere med seg sjølv. Kanskje gjer du det betre enn i fjor? Kanskje er forfallet minka sidan i fjor? Eller kanskje fullfører du løpet for første gong? Kanskje klarer du å jogge alle partia sett vekk frå Ulsetbakken?

Ein kan likevel ikkje kome vekk frå at nokre deltek for å få gode tider. Og dei er jo det tradisjonelt mange av, både av lokale folk og deltakarar frå andre kantar av landet.

Samling på klubhuset
Så la oss seie det slik at alle uansett nivå og tid kjem seg i mål. Då må alle kome til den samlinga på Hareid klubbhus etterpå. Her blir det premieutdeling (vanleg 1/3 premiering), mat og drikke.

- Vi håper folk ikkje har hastverk etter løpet og blir med på denne samlinga. På Hareid klubbhus blir det høve til å få seg kaffi, kake, sveler og meir til – i tillegg til premieutdeling, opplyser Odd Erling Eriksen.

Ikkje nøl, bli med

Så då er det ingenting meir å lure på: Finn fram joggeskorne og meld deg på Hareid klubbhus for påmelding frå kl. 12.30. Løpet startar klokka 14.00. Garderobar ligg på klubbhuset i første etasje (samlinga etterpå blir i andre etasje). Det er ca. tre kilometer fram til Bigset, der løpet startar. Du kan parkere ved gamle Bigset skule. Skulle du ikkje ha skyss framover, så meld deg til sekretariatet, så ordnar vi det.

PS. I fjor var det faktisk ein deltakar som sprang utan sko. Men slikt skjer på eige ansvar.