Arrangør er skigruppa i Eid idrettslag som satsar for fullt på at løpet skal utvikle seg til eit stort løp på få år. Debutåret i fjor, som var eit prøvearrangement, samla 60 konkurranseløparar og 90 registrete mosjonistar. I følge arrangøren var det kun positive tilbakemeldingar frå fjorårets deltakarar, som lovprisa løypa, arrangementet og premiebordet.
Sjå oppsummering fra løpet i fjor på Kondis (Bileta i reportasjen er tatt etter passering Skipenessætra.)
Nordfjordeid ligg midt i Nordfjord og er lett tilgjengeleg for folk frå heile Sogn og Fjordane, samt Søre Sunnmøre. Dette kan vere ein faktor som gjer at løpet er liv laga. Løypelengde er ca.3,4 km med ei stigning på ca. 900 høgdemeter.
Løypa kan i følge arrangøren i grove trekk karakteriserast som ein kortversjon av "Skåla opp"-trasèen. Løypa har mykje likt underlag som skåla-løypa då den følger ein skogsveg nokre hundre meter i starten, for så å svinge seg opp igjennom lauvskog til ein er komne halvvegs. Deretter er det lett myr/jordgrunn før ein får stein/fjell under seg siste del av løpet.
"Trollenykjen opp" kan difor vere ei god gjennomkøyring før Skåla Opp seinare i sommar, som er det store målet for mange i motbakkemiljøet. Arrangøren har allereie fått mange påmeldingar og trur det kan bli folksamt mot Trollenykjen denne dagen. Av kjende namn som har meldt sin ankomst kan vi nemne May Britt Buer, Merete Helgheim og Jann-Olav Tjønneland.
Alle registrerte deltakarar i både mosjonist- og konkurranseklassa får den spesiallaga og særeigne " Trollenykjen opp" medaljen, i tillegg til å vere med i trekninga om mange flotte gåvepremiar.
Skigruppa i Eid IL oppfordrar alle til å ta med familie, venner og kjente, og vere med på denne folkefesten oppe i fjellet og ynskjer vel møtt!
Følg løpet på facebook
Meir info om løpet finn du her
Påmelding kan du sende til: trollenykjenopp@gmail.com
Løypa til Trollenykjen opp