Svein Ove Risa spring 80 km
Urban terrrengultra i Paris på laurdag
Fleire norske deltek i terrengultraløpet Ecotrail de Paris laurdag. Svein Ove Risa gled seg til dei 80 kilometrane med målgang ved Eiffeltårnet.
På berre fem år har Ecotrail de Paris bygd seg opp til å bli eit stort løp med ca. 2000 deltakarar på kvar av dei tre hovuddistansene på 80, 50 og 30 km. Konseptet er det same for alle tre: Ta toget ut av byen og spring tilbake til Eiffeltårnet gjennom dei grøntområda som både forstadene og byen kan by på.
I tillegg blir det arrangert parløp, stavgang og turmarsjar slik at heile helga kan fyllast opp med tilbod til alle.
Til Paris kjem òg mange av dei beste ultraløparane i verda. Fjorårsvinnaren og verdsmeisteren i terrengultra for to år sia, Erik Clavery, er påmeldt og må finne seg i favorittstempelet, sjølv om det kjem sterke utfordrarar frå både Spania og Italia. Vonleg kan òg norske Svein Ove Risa få ei god plassering. Før start er han optimistisk og meiner forma er mykje betre enn da han vart nummer fire i UltraBirken sist sommar:
- 14 dager før UltraBirken sprang eg halvmaraton på 1.18.50 under gode forhold. Sist helg sprang eg på 1.12.08 i mykje vind, der eg måtte dra mesteparten i motvinden. Utan vinden eller med hjelp frå dei andre som var med, meiner eg 1.10 burde gått greitt, fortel Svein Ove som har tenkt å springe i sin eigen rytme inn mot Paris.
- Målsetjinga er å gjennomføre på ein grei måte utan å få den store sprekken mot slutten. Plasseringsmessig veit eg ikkje noko om nivået på dei andre, så eg får springe mitt løp, og så ser me korleis det går.
Korfor Ecotrail Paris?
- Kva fekk deg til å melde deg på dette løpet?
- Eg bestemte meg for å melde meg på i fjor sommar da eg fann ut at skaden som har plaga meg sidan 2010, skuldast feilbelastning, og at trening i terreng var det som hjelpte. Eg måtte ha eit mål å trene imot, men eg var ikkje interessert i slike ekstreme trailløp eller reine orienteringsløp. Ville ha noko der eg kunne konsentrere meg om å springe, ikkje om å finne fram. Eg vurderte ein del trailløp i England, der eg studerte i 5 år, men sia dette er uttakningsløp til VM ultratrail, så passa det jo fint. Grei reise er jo også ein fordel sia mange trailløp jo er på plasser som det kan vera litt vanskeleg å finne fram til, fortel den spreke Undheim-løparen til Kondis. Han har så sterk maratonpers som 2.27.16 og halmvaratonbeste på 1.07.48.
Svein Ove Risa er imidlertid ikkje einaste nordmann i aksjon i Paris no på laurdag. Vi har ikkje klart å få tak i startlister frå arrangøren, men veit at Sharon Broadwell, Geir Frykholm og Runar Gilberg tenkjer å springe 80 km, og det same gjer truleg Margerethe Løgavlen. Arne Gilberg er påmeldt 15 kilometeren.
I fjorårets Ecotrail de Paris fullførte Sharon Broadwell og Bernt Bratsberg. Da var varmen ei utfordring med over 20 grader og sol. Det blir heilt klart ikkje problemet i år. Det er meldt 5-6 grader frisk sidevind og noko regn laurdags ettermiddag. 80 kilometeren startar klokka 12, og det er mogleg å følgje løparane med live-oppdatering av passeringstidene her.
Ecotrail de Paris si heimeside
Fjorårsvinneren Erik Calvary er her fotografert da han vart verdsmeister i terrengultra i Irland i 2011. (Foto: Torill Thorsen)
Ecotrail de Paris kan verkeleg vera vårleg idyll. I år er våren noko forseinka òg i Frankrike, men fint kan det sikkert bli likevel. (Foto: Arrangøren)
Ecotrail startar vest for Paris og følgjer så godt det let seg gjera grønne område inn til byen. (Foto: Arrangøren)
Og i dei meir urbane områda er det både stiar og idyllar å finne. (Foto: Arrangøren)