Tekst og foto : Stanley Hauge

Kristoffer, som er frå Eikanger, sette ny personleg rekord med 7.34. Han betra bestetida si frå oktober 2016 med fem sekund, og han var 11 sekund raskare enn i løpet rett før jul. 

Grethe Jørgensen var for tredje gong denne sesongen raskaste kvinne – denne gongen med 8.06. Nest raskast av kvinnene var Kristin Romarheim på 8.43 som var 17 sekund betre enn den tidlegare besttida hennar frå oktober 2013. Amalie Kallestad sprang også eit godt løp på 8.48 og var berre ni sekund etter rekordløpet sitt i april i fjor.

Nedover på resultatlista var det fleire som kunne notera seg for betre tider enn i løpa i fjor haust. Are Flekke viser klart sigande form med 8.31 etter at han i ein periode har slite med å koma særleg under ni minuttar. Men han har enno eit stykke fram til bestetida si på 7.55. Veteranen Aase Midtgård Skrede sette ny personleg rekord med 9.29 og har denne sesongen betre bestetida si frå 2012 med 20 sekund. Og veteranen Jan Kårbø sprang halvminuttet fortare enn han gjorde før jul.

Forholda under løpet laurdag var gode med berr veg rundt heile løypa, vindstille og nokre minusgrader. 74 deltakarar stilte til start og vel 40 av dei tok turen rundt Eikangervåg som trim utan tidtaking. Neste løp går laurdag 27. januar.

Adrian Hauge.jpgAdrian Hauge Haugland vann på tida 7.16.

Vinterkarusell 2017-18, 5. løp. Eikanger 6. januar 2018
Arr.: Eikanger IL Fint ver, tørr veg, stille  ÷ 3-4° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m


1. Adrian Hauge Haugland            7.16
2. Kristoffer Hopland                      7.34
3. Trond Austrheim                        7.54
4. Kristoffer Hauge Haugland        8.00
5. Grethe Jørgensen                     8.06
6. Johannes Hopland                    8.25
7. Are Flekke                                 8.31
8. Bjarne Gausvik                         8.34
9. Bjørn Rolland                            8.40
10. Kristin Romarheim                  8.43
11. Amalie Kallestad                     8.48
12. Idar Odland                            9.16
13. Aase Midtgaard Skrede         9.29
14. Sigmund Nævdal                   9.31
15. Arve Henningsen                   9.40
16. Jan Kårbø                              9.46
17. Stina Nes Sjursen                 9.46
18. Bjørn Mo                              10.03
19. Kjell Namtveit                      10.54
20. Ferdinand Wakefield           11.12
21. Markus Midtgård                 11.15
22. Jahn Tommy Midtgård         11.16
23. Stein Tore Holsen Viken      11.40
24. Harald Hansen                    11.46
25. Andrew Wakefield               11.55
26. Sverre Solberg                   12.29
27. Karl Ole Hauge                   12.38
28. Trude Austrheim                 12.41
29. Sofie Romarheim               12.51
30. Sjur Øren Heggernes         12.59
31. Martin Andreas Sørå         13.27
32. Marianne Reikerås            13.34
33. Heine Hauge                     16.13

Utan tid:
Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Siv Merete Fonnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Kari Haldorsen, Kjersti Haldorsen, Arvid Hauge, Camilla Hauge, Gunnar Hauge, Stanley  Hauge, Benedikte Helland Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Magnus Midtgård, Maren Midtgård, Sissel Mo, Daniel Norheim, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Tony Thorsen, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Richard Toft, Åge  Toft, Alvin Wakefield, Conrad Wakefield

Neste løp:
Laurdag 27. januar 2018 kl. 15.00

hopland-kristoffer4010-n1500.jpg
Kristoffer Hopland sette ny personleg rekord i karusellen med 7.34.