Informasjon frå facebooksiden til arrangøren. (facebook event)
Laurdag 5.mars 2022 inviterar stiftinga Melshornets venner til Rando Highway - eit skiløp for alle! Løpet går frå Volda skisenter til Melshornet (807 m.o.h.). Det er for folk i alle aldrar og er ope for alle som ønskjer å delta.  Løypa går frå Volda skisenter, via “Nedrevegen”, Kleppesætra og til toppen av Melshornet. Lengde 3,1 km og 480 høgdemeter stigning. Målet er å skape folkefest, så her er det berre å finne fram skia! I Sledalen vert det publikumsområde med grilling av GRATIS pølser, utdeling av drikke til deltakarar og publikum, musikk og god stemning. Møt gjerne opp her og hei fram deltakarane!

Løpet har fire konkurranseklasser: kvinner junior (0-17 år), kvinner senior (18-99 år), menn junior (0-17 år) og menn senior (18-99 år). I tillegg er det ei mosjonsklasse.
Det vert medaljar til alle på toppen og premiering av beste tid i kvar klasse. Det vert også høve til å vinne flotte uttrekkspremiar for alle som deltek, blant annet en komplett rando skipakke til en verdi av 15 000 kr!

Rando_Highvai.png