Pressemelding fra Hareid IL;

Dette er rett nok ikkje det aller mest tradisjonsrike løpet på Sunnmøre. Den æra har eit av dei andre arrangementa til Hareid IL, Snipsøyrvatnet rundt. Men Grimstadvatnet kom i gang året etter, i 1981, og har sidan blitt arrangert fire gonger kvar vinter.

For Hareid IL er det viktigaste at flest mogleg deltek, uavhengig av alder, satsing og form. Her kan alle vere med.

Men nokre deltek også for å springe fort, og derfor blir det ajourført lister med topp 20-tidene frå 1981 og fram til no.

Menn:

1. Marius Bakken, 22.50

2. Jan Magne Breivik, 25.00

3. Jørn Helge Egset, 25.03

4. Ådne Andersen, 25.04

5. Robert I. Kleppe, 25.21

6. Petter Nørve, 25.24

7. Terje Gautvik, 25.34

8. Kristian Nedregård, 25.37

9. Joachim Brandal Tranvåg, 25.41

10. Arnfinn Oksavik, 25.44

11. Frank Otto Meinseth, 25.48

12. Jan Ove Pilskog, 25.55

13. André Hammerø Løseth, 26.01

14. Thomas Molnes, 26.02

15. Olger B. Pedersen, 26.10

16. Odd Elvanes, 26.17

17. Andreas Vangsnes, 26.18

18. Knut Innselset, 26.19

18. Ole Per Måløy, 26.19

20. Svein Johan Hansen, 26.25

Kvinner:

1. Ragnhild Kvarberg 26.51

2. Trine Pilskog 27.05

3. Ingrid Festø 28.59

4. Veslemøy Hausken 30.34

5. Karete Nasset 31.23

6. Kristine Engeset 31.40

7. Audhild Bakken Rognstad 31.41

8. Hege Holstad 31.49

8. Ingrid Holstad 31.49

10. Ingunn Eikrem Olsen 31.58

11. Maria Ringstad 32.11

11. Vendel Snipsøyr 32.11

13. Astrid Bratthaug Sørset 32.16

14. Kathrine Rørtveit 32.18

15. Oda Renate Midtflø 32.19

16. Norunn Dimmen 32.26

17. Jodi Brautaset 32.33

18. Bente Årflåt 33.03

19. Silje Fjørtoft 33.08

20. Karianne Seljeseth 33.12

Nokre spør seg kanskje om det er mogleg å kome inn på desse listene no som det er så mykje vegarbeid på strekninga Kaldholen – Bjåstad. Svaret på det veit vi ikkje her og no. Men vi veit at vegen er ferdig om ikkje altfor lenge. Og ein «kanon» som Olger Breivik Pedersen har meldt at han deltek på løpet i januar. Og han har visst nok ambisjonar om å klatre på 20-lista.

I fjor var verken han eller klubbkollega i Dimna IL Ådne Andersen (frå Hareid) med. Dei har dominert dette løpet dei siste åra. Faktisk vart det fire ulike vinnarar i herreklassen sist vinter: Andreas Vangsnes frå Ålesund, Leif Sægrov frå Trysilgutten IL, Martin Hauge-Nilsen frå Ålesund/Ulsteinvik og ungfolen Mats Fredriksen frå Dimna IL. Dameklassen vart først vunnen av Ingrid Festø (tredjeplass på topp 20-lista). Deretter vann Oda R. Midtflø frå Hareid IL resten av løpa.

Men det viktigaste i Grimstadvatnet rundt er ikkje å vinne, men å delta. Derfor blir det berre premiar til samanlagtvinnarane i dei ulike klassane i dei forskjellige klassane. For å kunne få premie samanlagt må ein delta i minst tre av fire løp. Men det er sjølvsagt også fullt lovleg å delta i berre eitt eller to av løpa.

Vel møtt til Hareid 3. november!

Løpet startar 14.00. Påmelding frå 13.00.

For evt. spørsmål ring leiar i friidrettsgruppa, Odd Erling Eriksen.

Hareid IL på facebook.