Av pressemelding:

Det fjerde løpet i den 40. utgåva av Grimstadvatnet rundt vart avvikla laurdag.

Knappe 30 deltakarar var med, noko som var bra med omsyn til koronasituasjonen i området, dårlegare forhold på vegane – og at det er NM i Ulsteinhallen denne helga.

Vi merkar oss særleg at Benjamin Blålid frå Måløy IL – med faren som hare – sprang inn på tida 51.27. Benjamin er enno ikkje fylt sju år!

Når det gjeld kampen om sigeren vart det som så mange gonger før dramatisk. Denne gongen fordi han som leia løpet heile vegen, Daniel Aasen Arnevåg frå Romsdal Randonee, sprang feil på slutten. Han vann nok litt tid på det, men arrangørane bestemte å gi han ei straffetid i staden for å diske han.

Uansett så var det Arnevåg som vann løpet, på den justerte tida 27,32!

Peter Vattøy Nygjerde sikra seg ein ny pallplass og vart nummer to framfor Torje Klevmo frå Nordea Bil. Jan Endre Rise frå Hareid IL hadde ikkje dagen og vart nummer fire.

Blant kvinnene gjekk May Nesheim frå Velledalen IL endeleg til topps – etter andre pallplassar i alle løpa tidlegare i vinter. At tida vart 35,07 på ho i dag seier nok ein del om dei vanskelege forholda.

Det var også mange andre sterke kvinner med i dag. Olaug Vikebakk Sandstad frå Ulsteinvik vart nummer to.

Etter løpet var det duka for den tradisjonelle premieutdelinga på klubbhuset.

Cathrin Elvanes frå Hareid IL (biletet) var ein av dei som fekk pokal.

Det fekk også faren hennar Odd. Det er kanskje han som også har flest samanlagtsigrar i Grimstadvatnet rundt opp gjennom åra?

I alle tilfelle diskuterte fleire i dag kven det er som eigentleg har delteke i flest av dei 160 utgåvene av dette løpet så langt.

Ein førebels konklusjon er at Kjell Mindor Fagerlund har flest med 130. Odd Elvanes har eitt eller to løp færre. Ikkje verst!

Fullstendig resultat både for dagens løp + samanlagtsigrane i vinter legg vi straks ut på Hareid IL sin Facebook-profil.

Då står det berre igjen å takke alle deltakarar, publikum og arrangørar for god innsats i vinter. Det har vore ein kjekk karusell, trass i skiftande korona-reglar frå gong til gong.

Ei spesiell takk til radarparet Odd Erling N. Eriksen og Sindre Grønmyr Rise, som styrer med påmelding, tidtaking og resultat løp inn og løp ut.

Neste løp Hareid IL Friidrett arrangerer er truleg Snipsøyrvatnet rundt i oktober. Men før den tid er det mellom anna Nordvest Maraton i august.

Flere bilder på facebooksiden til Hareid IL.

Resultater.
Resultater_skjermdump.jpg
Foto: Arrangør. 

DSC_0063.jpg
Peter Vattøy Nygjerde sikra seg ein ny pallplass og vart nummer to framfor Torje Klevmo frå Nordea Bil.  Vant gjorde Daniel Aasen Arnevåg frå Romsdal Randonee.

DSC_0004.jpg
Benjamin Blålid, ikkje fylt sju år enno - her med pappa Aleksander og leiar i friidrettsgruppa, Odd Erling N. Eriksen.

KJell2.jpg
Kjell M. Fagerlund har delteke i 130 av 160 utgåver av Grimstadvatnet rundt.

Kjell1.jpg
Kjell M. Fagerlund har delteke i 130 av 160 utgåver av Grimstadvatnet rundt.