Maryna Novik sette norsk årsbeste på maraton med 2.49.41. (Foto: Terje Gilberg)
Maryna Novik sette norsk årsbeste på maraton med 2.49.41. (Foto: Terje Gilberg)

2.49.41 og norsk årsbeste av Maryna Novik i Karmøy Maraton

Det var høgt nivå og sterke vinnertider på både heil- og halvmaraton på Karmøy laurdag. På den lengste distansen sette Maryna Novik og Fredrik Fang Liland løyperekord med 2.49.41 og 2.33.19. Tida til Novik er òg norsk årsbeste på distansen.

Publisert Sist oppdatert

Til vanleg har Karmøy Maraton barneløp, 10 km, halvmaraton og maraton på programmet. I koronautgåva i år var det berre to alternativ - 21,1 og 42,2 km. Det var 137 som starta på maratondistansen og ikkje fleire enn 4 braut. Sia løypa er ei rundløype rundt heile den sørlege delen av øya, innbyd ho ikkje til bryting - da ein på eitkvart vis må komma seg til mål uansett.

På halvmaraton var det 201 påmelde, 171 som starta og 169 som tok seg til mål. Òg her var det sprungi fort i tet med siger til unge Tedros Haile på 1.09.18. Thomas Asgautsen og Ole Mikal Tørsdal leverte sterke løp og vart nummer to og tre på 1.10.01 og 1.10.22.

Silje Torsvik var berre 29 sekund bak løyperekorden til Maryna Novik da ho vann på 1.19.37. Elise Hay Opsahl i klasse 45-49 år vart nummer to totalt med 1.24.41 og Helene Hope nummer tre med 1.30.54.

Av veteranane elles noterer vi sterk springing av Bente Hellevik som vann 50-54-årsklassa på 1.32.51, og John Nicolaysen som vann same klasse for menn på 1.18.48. GTI-løparen kommenterte løpet og opplevinga slik i Strava-rapporten sin:

"Overraskende mye bakker. Passering halvveis 39.05, men en god del motvind tilbake, og netto 50 høydemeter, så egentlig negativ splitt."

Halvmaratonløypa går fram og tilbake siste delen av maratonløypa slik at dei siste 10,5 kilometrane er heilt like for begge løypene. Strava-rapportane melder om ca. 150 høgdemeter med total stigning på halvmaraton og relativt sett noko meir på maraton med rundt 350 høgdemeter - fordelt på eit utal små og nokre få litt større bakkar. Vinden låg stort på 6 m per sekund og kom frå søraust. Det vil seie at heilmaratonløparane fekk motvind 16 km i starten, medvind i midtpartiet og motvind igjen dei 8 siste kilometrane.

Slik sett er ikkje Karmøy Maraton nokon flat persemaraton, men runden er vakker og inspirerande, og begge vinnarane på maraton vart så inspirerte at dei sette løyperekord. Maryna Novik forbetra Marthe Katrine Myhre sin fire år gamle rekord med over 8 minutt da ho sprang på 2.49.41. Dermed står 39-åringen som spring for Klypetussen, med løyperekorden på både halv- og heilmaraton på Karmøy. 2.49.41 er òg det klart fortaste ei kvinne har sprungi maraton på i Noreg i år. Kathrine Kvernmo toppa før dette løpet statistikken med 2.55.43.

Holmfridur Adalsteinsdottir kom seg òg under 3 timar og vart nummer to, medan Anne Jorunn Hodne tok tredjeplassen med 3.03.28.

Heile 4 menn sprang under 2.40 og 17 under 3 timar. Det er sjeldan godt i det som trass alt er ein heller liten bygdemaraton, men det viser nok at mange ivrige maratonløparar var sveltefora på å få springe eit løp, og da Karmøy klarte å gjennomføre, så var dei raske til å melde seg på - og minst like raske gjennom den naturskjønne og varierte løypa.

Pallen_menn_halv.jpg

Tedros Haile (midten) vann halvmaratonløpet framføre Thomas Aasgautsen (til venstre) og Ole Mikal Tørsdal. (Foto: arrangøren)

Maraton menn
1Fredrik Fang Liland NOR
JESSHEIM
02:33:19
2Stian Vestbø NOR
Haugesund Idrettslag Friidrett - gr
02:33:56
3Lucas Marechet FRA
BFG Bergen Løpeklubb
02:35:52
4Kristoffer Nordhus NOR
Haugesund Idrettslag Friidrett - gr
02:38:19
5Frode Tjelta NOR
Sandnes IL
02:42:40
6Sigbjørn Høydal NOR
GTI FIK / Sandnes Sparebank
02:50:12
7Hugo Olsen NOR
BFG Bergen Løpeklubb / GTI
02:51:20
8Ole Christian Willumsen NOR
GTI Friidrettsklubb /Equinor BIL
02:54:27
9Anders Tveit NOR
Birkenes IL
02:54:28
10Ole Martin Vedøy NOR
Pinnan Krokketklubb
02:54:40
11Øystein Gøthesen NOR
Haugesund Idrettslag Friidrett - gr
02:55:13
12Bjørn Håvard Bjørklund NOR
FINNÅS
02:55:34
Maraton kvinner
1Maryna Novik NOR
Klypetussen / Klypetussen IF
02:49:41
2Holmfridur Adalsteinsdottir ISL
IL Trio
02:59:25
3Anne Jorunn Hodne NOR
Spirit Stavanger Friidrettsklubb
03:03:28
4Anja Hoffmann NOR
EGERSUND
03:09:29
5Oddveig Odland NOR
Varhaug IL
03:13:42
6Vivian Kyte NOR
Stegaberg IL
03:24:20
7Mette Fredriksen NOR
Topo Athletic
03:27:46
8Gro Anita Aartun Imsland NOR
Vindafjord IL
03:29:39
9Katrin Olsen NOR
Urth-Adventures
03:29:56
10Ann Kristin Mosbron NOR
Spirit Stavanger Friidrettsklubb
03:34:32
11Elin Solvang NOR
Åsebøen Løpegruppe
03:36:55
12Elisabet Langseth Esperø NOR
Moster IL
03:41:34
Halvmaraton menn
1Tedros Haile NOR
Haugesund Idrettslag Friidrett
01:09:18
2Thomas Asgautsen NOR
Spirit Stavanger Friidrettsklubb
01:10:01
3Ole Mikal Tørsdal NOR
Haugesund Idrettslag Friidrett
01:10:22
4Johannes Thomsen NOR
Stord IL (Allianseidrettslag)
01:12:23
5Martin Schei NOR
Stord IL (Allianseidrettslag)
01:14:11
6Anders Kjærevik NOR
BFG Bergen Løpeklubb
01:15:14
7Roy Andre Erland NOR
Spirit Stavanger Friidrettsklubb
01:15:22
8Jan Gunnar Lutcherath NOR
GTI Friidrettsklubb
01:15:24
9Sander A Deilkås NOR
HAUGESUND
01:17:42
10Fredrik Deilkås NOR
HAUGESUND
01:17:45
11John Nicolaysen NOR
GTI Friidrettsklubb
01:18:48
12Odd Einar Tveit NOR
Spirit Stavanger Friidrettsklubb
01:18:57
Halvmaraton menn
1Silje Torsvik NOR
Spirit Stavanger / Team Ingrid Kristiansen
01:19:37
2Elise Hay Opsahl NOR
Skjalg IL
01:24:41
3Helena Hope NOR
HAUGESUND
01:30:54
4Bente Hellevik NOR
HUSNES
01:32:51
5Elin Rame NOR
Haugesund Triathlonklubb
01:36:16
6Maria Benedikte Tørresdal NOR
HAUGESUND
01:36:53
7Stine Østbø NOR
HAUGESUND
01:42:43
8Line Fjelldalselv NOR
Vindafjord IL
01:45:38
9Trude Sundsteigen NOR
Trio
01:46:38
10Stine Lund NOR
ÅKREHAMN
01:47:36
11Inger Johanne Klokset NOR
Haugesund Idrettslag Friidrett - gr
01:47:48
12Kristin Fidjeland NOR
Vedavåg Karmøy SK
01:49:21


Alle resultat

Anja_Hoffmann_4S7A4334.jpg


Anja Hoffmann som vart nummer fire på maraton, opplevde snev av førjulsstemning på sin veg gjennom idylliske Skudeneshavn, heilt sør på Karmøy. (Foto: Terje Gilberg)

Lopeglede.jpg

Dei aller fleste som var med på årets Karmøy Maraton var rett og slett glade for at dei fekk eit så fint løp å vera med på, i ei tid da svært mange løp er vortne avlyste. (Foto: arrangøren)


Mange fleire bilete på Karmøy Maraton si Facebook-side

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS