640pk_Oyvind_Foto_Chr_Prestegaard

Tekst og foto Christian Prestegård. ( Denne reportasjen fortel "historia" gjennom 34 bilder...dei siste blir publisert måndag kveld 19. juli.. )

Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve kopierte sigeren frå i fjor. Han vann på tida 48,52 og var med det vel minuttet bak sin eigen løyperekord på 47.45. Merk smilet! Øyvind var småforkjøla og i tvil om korleis kroppen ville fungere før start. Her er han 100 meter frå målstreken og kan vise gleda over at det vart ein ny siger ...

640_MayBrittBuer_FotoChrPrestegaard

May Britt Buer, Gular , vann på ny løyperekord 56,39 og forbetra rekorden til Therese Sjursen , BFG Fana, frå i fjor  med 2 min og 50 sek. Her er May Britt i den stupbratte bakken omlag 300 m før mål og dei aller fleste "Gjekk på alle fire" for å kome opp...

4 beste damer:
(1) May Britt Buer, Gular, 56,39.  (2) Annie Bersagel, IK Tjalve, 58,15. (3) Merete Helgheim, Gloppen FIL, 58,40. (4) Therese Sjursen, BFG Fana, 1.01,29.

4 beste menn:
(1) Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve, 48,52 (2) Kristen Skjeldal, Voss IL, 49,13. (3) Joel Dyrhovden, Samnanger IL, 49,54. (4) Gaute Kvåle, Røldal IL, 51,50

Sjå fullstendig resultatliste på www.kvasshovdenopp.no

640_Kristen_FotoChrPrestegaard

Evigunge Kristen Skjeldal, Voss IL ( er 43 år,  f. 1967) vart nr. 2 totalt 21 sek. bak vinnaren Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve.

640_Annie_FotoChrPrestegaard

Annie Bersagel, IK Tjalve, vart nr. 2. Kvasshovden Opp var det andre motbakkeløpet som Annie deltok i og det fyrste med BRATTE "klatrebakkar" . I fjor sprang ho NM i motbakkeløp i Geiranger på grusveg. I Kvasshovden Opp fekk ho vist at ho også har god løpsstyrke for bratte motbakkar. Annie har truleg også fått inspirasjon og gode råd frå ektemann Øyvind Heiberg Sundby. Annie og Øyvind vann ein klar siger i "parkonkurransen".

640_Joel_Foto_ChrPrestegaard

Joel Dyrhovden, Samnanger IL, vart nr. 3 totalt

640_Merete_FotoChrPreestegaard

Merete Helgheim, Gloppen FIL, vart nr. 3 .

640_Gaute_Foto_ChrPrestegaard

Sterk prestasjon av 15 åringen Gaute Kvåle, Røldal IL som vart nr 4 totalt på 51,50. Han vann klasse 14-15 år med over 16 min. til nr. 2.

640Therese_FotoChrPrestegaard

Therese Sjursen, BFG Fana, vart nr. 4 totalt i dameklassa.

640_DrivenesogSellevoll_FotoChrPrestegaard

Erlend Drivenes , Tørvikbygd IL og Claus Sellevoll , IL Norna-Salhus vart nr. 5 og 6 totalt. Claus ( bak ) vann kl. 35-39 år på 53,04 medan Erlend vart nr 2 i kl. 20-22 år på 52,58.

640_elisabeth_FotoChrPr

Det er ikkje mange som spring fleire motbakkeløp enn Elisabeth Hildenes, Eid IL. I Kvasshovden Opp vart ho nr. 5 totalt i dameklassa og vann kl. 18-19 år.

640_BerlandogGrindedal_FotoChrPrestegaard

Asbjørn Berland, Samnanger IL og Leif Bjørn Grindedal, Feios IL ( bak).  Asbjørn vann klasse 18-19 år på 53,15 medan Leif Bjørn vart nr. 2 i kl. 23-34 på 53,31. Asbjørn hadde ein knallstart på sesongen. Han vann fleire løp og slo m.a. Øyvind Heiberg Sundby. Det kan sjå ut som at denne særs lovande motbakkeløparen har hatt eit altfor tøft konkurranseprogram og bør ta nokre veker med roleg trening fram til Fanaråken Opp 7. august...

640_SjurBorsheimogTjonneland_FotoChrPrestegaard

Sjur Børsheim ( Ulvik) tauar på Jann Olav Tjønneland, Viksdalen.  Dei vart nr. 10 og 11 totalt. Sjur er son til løpsleiar Johan Børsheim.

640_Mats_fotoChrPrestegaard

Mats Mjøs Andersen, Varegg, i sitt rette element: Stupbratte motbakkar. Jo brattare jo betre...Forrige helg vann Mats Galdhøpiggen Opp. I Kvasshovden Opp vart han nr. 3 i kl. 35-39 på 55,18.

640_JohnA_FotoChrPrestegaard

Far John i fotspora til sonen Mats  ....Ser du noko "slektskap" med forrige foto ?  John A. Andersen , Varegg IL trivst også særs godt i bratte motbakkar og vann ein ny klar siger i kl. 60-64 år.. Merk tida 1.01.52 !  Det var kun ein person over 50 år som sprang raskare...

640_Sigbjorn_FotoChrPrestegaard

Sigbjørn Emblem, Hakallestranda kondisjon, er også spesialist på bratte motbakkeløp....

640_MortenTveit_FotoChrPrestegaard

Morten Tveit, Sauda IL.

640_Harald_fotoChrPrestegaard

Harald Nygård, AKS-77, vann kl. 55-59 år

640_JorgenogKjetil_fotoChrPrestegaard

Jørgen Jensen Axelsen, Gneist (117) og Kjell Mundal, Jølster Il. Jørgen vann kl. 16-17 år på 55,45 medan Kjell vart nr 2 i kl. 45-49 år på 55,55

640_Bratt_FotoChrPrestegaard

Med dette bildet , av ryggen til May Britt Buer , tek vi ein pause frå den brattaste bakken i løpet og flyttar oss opp til toppen før vi igjen tek turen nedover løypa...

640_Maal_Foto ChrPrestegaard

Omlag 300 trimmarar ventar på at dei fyrste konkurranseløparane skal kome i mål

640_ToppspeakerDag_FotoChrPrestegaard

Toppspeaker Dag Lindebjerg ( til høgre )

640_TahirogVidarpaaToppen_FotoChrPrestegaard

Den blinde Tahir Hussein gjekk til topps på 2 timar og 11 min saman med Vidar Bøe. Bøe ( nr. 2 frå venstre) vart i år kåra til årets ildsjel på idrettsgallaen. I fjor gjennomførte Tahir også Skåla 1848m rett opp i Loen i tillegg til at han sykla Trondheim-Oslo saman med Vidar Bøe. Det var mange som ville gratulere Tahir med den flotte prestasjonen...

640_Dag_Johan_Boe_Tahir_FotoChrPrestegaard

Her har Tahir og Vidar kome seg ned til Garden Børsheim og får gratulasjonar frå Dag Kaas og Løpsleiar Johan Børsheim ( nr. 2 frå venstre ).

640_TorkjellLundeBorsheim_Foto_ChristianPrestegaard

Opp frå garden Børsheim til Torkjell Lunde Børsheim ( son til Johan ) som seinare på kvelden var "danse-akrobat" på scena på Husmannsplassen Kremmadokkje. Torkjell er med i Frikar og vart verdskjend då Rybak vann melodi Grand Prix. Her er Torkjell ved starten på den site brattbakken før mål og kan nyte utsynet ned mot Ulvik. Torkjell fekk sluttida 1.10.36 og med turen ned att til Børsheim vart det nesten to timar oppvarming til danseshowet kl. 19.00...

640_Anna_FotoChrPrestegaard

Anna Elisabeth Rathe, vann kl. 55-59 år på 1.12,53 ,og nytta dagen til å markere at ho er med i aksjonen BEVAR HARDANGER.  Sjå Resultatlista der ho representerer BEVAR HARDANGER.

640_JohnSvahn200_fotoChrPrestegaard

John Svahn, Øystese IL, ( 200 ) vann kl. 65-69 år på 1.09.39.  Han fekk drahjelp heilt til mål av Åsmund Aarsand , Ulvik (123).  Åsmund kom i mål på 1.09.35

640_MaritaLinga_FotoChrPrestegaard

Skøyteløpar på opptur ? Bak går Sigmund Dyrhovden, far til Joel, og studerer motbakketeknikken til dama framfor seg. Og dama det er Marita Linga, Bergen Politi IL, som vann kl. 40-44 år på 1.13,37.

640_TrondErikogMarius_fotoChrPrestegaard

Marius Hjeltnes Bull, Ulvik IL, ( 103) og Trond Erik Storebø vart nr. 4 og 5 i kl. 14-15 år.

640_SveinAmundsen_FotoChrPrestegaard

Svein Amundsen, Eidanger IL, vart nr. 2 i kl. 60-64 år på 1.12,24.

640_Jostein_FotoChrPrestegaard

Jostein Skare Thygesen, IL Korlevoll vart nr. 3 i kl. 14-15 år på 1.08,45

640_Endre_fotoChrPrestegaard

Endre Aamodt, Bagn IL, kl. 16-17 år kom til topps på 1.02,07

640_Nora_fotoChrPrestegaard

Nora Øydvin, Ulvik IL , kl. 14-15 år kom til topps på 1.23,21

640_LisbethHavro_FotoChrPrestegaard

Lisbeth Havro, Helse Bergen, kom til topps på Kvasshovden på 1.31,49 og får med sitt gode humør og løpsglede avslutte bildereportasjen frå dei "ordinære" konkurranseklassane. Nedanfor skal vi også ta med eit bilde av dei to som sprang raskast i det innlagde NM for Politikarar....

640_Terje_PolitikarNM_FotoChrPrestegaard

Terje Breivik , Venstre ( han står også til venstre på bildet ) var den raskaste i NM for Politkarar. Han vann " Sekreteriatsklassa" på 57,28.  Lars Ove Seim , Odda Senterparti, var raskast i "Politikarklassa" med 1.04.26. For fleire resultat og meir info sjå www.kvasshovdenopp.no

 

 

640_Berland_FotoChrPrestegaard

"Stort slektskap mellom Trimklassa og Konkurranseklassa " !   I 2008 deltok eg i konkurranseklassa og såg ikkje så mykje til trimklassa før dei tok i mot meg med reine "Tour de France-stemninga " på toppen. I år deltok eg i trimklassa og prata med mange og nesten alle eg prata med i trimklassa var slektningar av ein el. fleire som deltok i konkurranseklassa. Her er Mor og Far til Asbjørn Berland og om eg ikkje hugsar feil er også ein el. fleire på neste foto i slekt med Asbjørn Berland.  Sjå også bildet noko lenger oppe der far til Joel Dyrhovden ( Sigmund ) går i trimklassa og studerer løpsteknikken til ei dame i konkurranseklassa....

 

640_Berland2_FotoChristianPrestegaard
640_DrikkestasjonBorsheim_FotoChrPrestegaard

På drikkestasjonen ved garden Børsheim møtte eg mor og søster til Endre Aamodt ( Bagn)

640_Publikum_Arja_Foto_ChrPrestegaard

Praktfullt arrangement med omlag 400 tilskodarar på garden Børsheim etter løpet. Kl. 19.00 var det  konsert med Arja Saijonmaa på husmannsplassen Kvemmadokkje som ligg på garden til løpsleiar Johan Børsheim.

640_arja_FotoChrPrestegaard
640_Torkjell_FotoChrPrestegaard

Torkjell Lunde Børsheim i sitt akrobatiske danseshow som "Oppvarming" for Arja Saijonmaa. Torkjell er med i Frikar og vart verdskjend då Alexander Rybak vann Melodi Grand Prix...

640_Sponsorane

Også sponsorane må få sitt ! Løpsleiar Johan Børsheim har saman med arrangementsstaben sin gjort ein kjempejobb med å lage eit eineståande idretts-sosialt-kulturelt arrangement som er den aller flottaste PR og marknadsføring av både Ulvik og Motbakkeløpsporten !

Eg ser med stor forventning og glede fram til Kvasshovden Opp 2011 som også er NM i motbakkeløp !