I Bjarte Viks Eliteløp definerer ein alle på startstreken som eliteløparar. Kanskje er det med på at løparane hevar seg det vesle ekstra, slik at resultatlista blir hyggjeleg lesnad både for deltakarane sjølve og dei som er opptekne av tider og prestasjonar. Å vinna eit eliteløp må vera ekstra stas, og sjeldan har vinnarane vunne med så stor margin som i den tolvte utgåva av dette årvisse haustløpet mellom Vik og Bruvik. Etter løpet vart Terje Aggvin (Gular IL) og Hilde Aasheim (Osterøy IL) uttekne på det norske landslaget til Nordisk meisterskap i terrengløp i Trondheim.  
 
Sjeldan er Bruvikstranda vakrare enn når eliteløparane kvart haust kappspring innover den smale og svingete vegen mot den vesle bygda Bruvik på Osterøy. I år som i fjor skein sola, men litt motvind og få plussgrader gjorde at dei fleste beheldt supertrøya på. Som venta sprang gularløpar og varaldsøybonde Terje Aggvin raskt opp i tet. Berre Fri-junioren Jaad Orten hengde seg frekk og freidig på den første relativt lette kilometeren. Jaad, med vekegamal 800m-pers på 1.56, slapp etterkvart ryggen til rutinerte Aggvin, men gjekk aldri på ein skikkeleg smell. Kobbelet av jaktande ulvar kom aldri nærmare enn 20 meter, og i mål var arrangørklubbens eigen Bjarte Vik seks sekund bak unge Orten. Vareggjunior Eirik Vestrheim gjorde eit kanonløp og snuste på ein tredjeplass rundt halvannan kilometer før målseglet. I mål vart det nokre sekund fram til Vik på tredjeplass, men Vestrheim avgjorde spurtduellen med Terje Simmenes til sin fordel.   
  
Terje Aggvin har frå før på 14.23 frå 2007, men då kjempa han mot løyperekordinnehavar Morten Velde og Kjetil Foss Angeltvedt. Tida hans på 14.31 er såleis ein sterk prestasjon i løypa som er målt til 5046 meter. Også litt bakover i feltet var det sterke prestasjonar med fleire som sette løypepers, trass i ein litt sur motvind. Publikum fekk oppleva fleire spennande spurtoppgjer. 
 
I kvinneklassen var Hilde Aasheim endå meir suveren enn Terje Aggvin var i herreklassen. Ho persa med 41 sekund og fekk tida 16.51. Til samanlikning har Osterøy ILs Brit-Helen Simmenes ei bestetid på 16.38 i løypa der folk spring om lag like fort som dei gjer på ein 5000m bane. Elise Orten frå IL Fri gjorde også eit solid løp med 18.24 og bør vera i rute før New York Marathon første helga i november. Bronsevinnar Bente R. Midtun frå Osterøy IL var med sine 19.01 nær ved å sjå 18-talet.               
 

Resultat Bjarte Viks Eliteløp  (5046m) 16.10.2010. 
Arr. Osterøy IL/Friidrett og Bruvik IL
45 deltakarar
lettskya/sol, +8 svak motvind

 Sjå mange bilete frå løpet på sidene til Osterøy IL.

Resultatliste:

Hilde Aasheim       16.51 
Elise Orten         18.24
Bente R Midtun      19.01
Norunn Vik Larsen.  19.45
Marianne Haukøy     20.25
Nina Johannesen     20.51
Hanne Liland        21.05
Eva Quivey          23.29
Randi Kleppe        25.11

Terje Aggvin        14.31
Jaad Orten          15.28
Bjarte Vik          15.34
Eirik Vestrheim     15.46
Terje Simmenes      15.47
Christer Vonheim    15.56
Sigbjørn Reigstad   16.23
Kjell Raa           16.24
Kjetil Dyrvik       16.36
Christoffer Søbstad 16.37
Jan Roar Solberg    16.37
Josef Zigmuntowicq  16.50
Øystein Hanstveit   17.32
Knut Grove          17.33
Ove Bernes          17.34
Brynjulf Vonen      17.35
Inge Haukøy         17.58
Christian Holter    18.23
Maarten Bolting     18.35
Gunnar Knutsem      18.37
Petter H Sæbø       18.55
Espen Ellefsen      19.04
Øyvind Reigstad     19.07
Bård Storebø        19.17
Magne Vikne         19.41
Bjarte Lohne        19.49
Jostein Hesjedal    21.38
Arve Henningsen     21.45
Helge Bernes        21.55
Geir Atle Mjelde    21.56
Hans Magnus Haukøy  22.17
Jan Hesjedal        24.33
Knut Huseby         25.07
Andreas Mjelde      25.20
Arild Fotland       26.06
Kristoffer Vikne    27.52

Bjarte_starter_elitelopet

Bjarte Vik starter sitt eget løp

3beste_damer

De 3 raskeste damer

3beste_menn

De 3 raskeste menn