Den 10.  utgåva av Skåla 1848 m rett opp vart den jubeldagen som deltakarane, arrangør og sponsorar/samarbeidspartnarar hadde drøym om. På toppen vart det registrert 1797 deltakarar i mål (667 i konkurranseklassane og 1130 i trim), men det var langt over 2.000 på toppen av Skåla 1848 moh som tok del i den store folkefesten denne dagen.
 
Iflg. Firda.no kan det ha vore omlag 2.500 på toppen denne festdagen, men det er 1797 som for all tid vil stå som det offisielle deltakartalet.  Sjølv starta eg seint i trimklassa og sprang forbi og prata med enormt mange trimmarar som "tok turen på eiga hand" som "tilskodarar" utan startnummer...Her ligg det eit stort uutnytta potensiale. Det var mange som angra på at dei ikkje hadde meldt seg på til løpet når dei som hadde startnummer fekk medaljen rundt halsen på toppen....

Løpsdagen 13. august var Kjell Vigestad raskt ute med si reportasje Full pott til Ahmet Arslan i Skåla Opp. Det vart ei kort reportasje med 6 foto og fokus på dei aller beste.  I dag er det gått drøye to veker sidan 10-års-jubileumsløpet   La Sportiva Skåla 1848m rett opp og eg har fått tid til å fordøye og reflektere over det største eg har vore med på innan motbakkeløp.


I full fart: Christian Prestegård i full fart på vei mot toppen i jubileumsløpet. Redaksjonen har tatt seg den frihet å legge dette bildet inn i reportasjen hans siden det var han som for drøye 9 år siden, i slutten av juni i 2002, lanserte idéen om Skala Opp for direktøren på Alexandra Hotell (Foto; Kjell Vigestad)  

Jubileumshelga starta torsdag 11. aug. på Hotel Alexandra med boklansering av praktverket om Skåla - fjellet og folket ( Selja Forlag) . Forfattarane Stig Roger Eide og Inge Fænn har gjort det særs lett å velje julegåve i år ! Fredag kveld var det Kick-off for 250 deltakarar med intervju med favorittane og sjølvsagt den eine av dei to forfattarane av boka om Skåla, Stig Roger Eide., som til dagleg er journalist i avisa Firda. Sjå stor bildeserie på  Firda.no

I reportasjen nedanfor skal vi la 50 foto fortelje historia. Foto er eit universelt språk som alle kan lese og endeleg fekk også alle dei utanlandske deltakarane som har vore med dei siste 3 åra oppleve det praktfulle utsynet og vidsynet.....

640_BirgerH_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Det er dette utsynet og vidsynet utover fjordlandskapet "heile verda" assosierer med Noreg generelt og motbakke-fjelløping i Noreg spesielt. I 2009 var Skåla Opp med i WMRA Grand Prix Mountainrunning og Skåla Opp er det motbakkeløpet i Noreg som er mest kjent internasjonalt. I Noreg har Skåla Opp vorte sjølve symbolet og fyrtårnet for motbakkefjelløping opp på praktfulle fjelltoppar. Saman med trappeløpet Stoltzekleiven Opp i  Bergen har Skåla Opp ( etter oppstarten i 2002) vorte den store inspirasjonskjelda og drivkrafta for den nasjonale motbakkeløpbølja. I 2001 var det berre 5 motbakkeløp i Noreg. I år blir det arrangert omlag 150 motbakkeløp med over 40.000 deltakarar

Birger Hanstveit, Mjøsdalen IF, vart nr. 3 i kl 65-69 år med tida 1.51,21.  Han får gleda av å åpne denne bildereportasjen,  både med ingressbildet og fyrste hovudbildet fordi han han er ein flott illustrasjon både på feststemninga i jubileumsarrangementet Skåla Opp og for si begeistring for motbakkeløp generelt. Hanstveit er medlem av ein liten klubb, Mjøsdalen IF, som har eit stort engasjement for motbakkeløping med mange løparar som er i toppen av resultatlistene i veteranklassane....

Sjå komplett resultatliste for konkurranseklassane

640_Melkesyre_FotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Når det handlar om å formidle entusiasme og begeistring for kondisjonsidrett generelt og motbakkeløp spesielt er bergensaren Bjarne Ludvigsen, Melkesyre.no ein sterk kandidat til ein pall-plass ! Her har han berre 300m til mål og får god support av Torbjørn T. Ludvigsen, Melkesyre.no (Nr. 10 totalt på 1.16.13). Nr. 568 er John Hodnefjell, Måløy IL og bak med kvitt pannebånd ser me nr. 1 i kl. 70-74 år Christian Børs Lind, Røa IL.

 

640_Grillparty_oversikt_mSkaala_fotoChristianPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Frå jubel ved Skålatårnet 1848moh til jubel, fest og grillparty med 830 av deltakarane i Alexandrahagen etter premieutdelinga.

640_Arslan_Sompol_Antonella_Grillparty_FotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Før vi igjen rettar blikket oppover i løypa og skrur tida 9 timar tilbake skal vi ta ein titt på eit av borda på grillpartyet med internasjonale deltakarar. Samtalane dreia seg om dagens storslagne løpsoppleving og supperlativa sto i kø. La Sportiva Skåla 1848m rett opp er eit unikt løp innan motbakkefjelløp i verda uansett kva ein samanlignar med...Frå venstre, dagens store namn Ahmet Arslan, Tyrkia som sette ny løyperekord og vann kr. 100.000. Vidare Lauren Jeska, England, Thea Lillehov, Østerrike, David Schneider Sveits, Sam Hesling, Scotland. Frå høgre John Sompol, Kenya og Antonella Confortola Wyatt, Italia ( nr. 1 i damekl.)

640_Antonella_FotoAJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Antonella Confortola Wyatt, Italia vann på 1.23.05 og tok sin tredje siger i La Sportiva Skåla 1848m rett opp. Det er framleis 3 min opp til løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen på 1.20.06 frå 2008.

640_Arslan_minstmenstorst_FotoAJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Liten men stor løpar i storslagen natur. Det er jo dette fjord og fjellandskapet heile verda assosierer med Noreg ! Her er Ahmet Arslan, Tyrkia 80m før målstreken og sjekkar  om han vil ta løyperekorden. Det klarte han med ein margin på 52 sekundar og kunne juble for kr. 100.000 i pengepremie. kr. 70.000 for løyperekord og kr. 30.000 for 1. pl.

640_ Ahmet Arslan_ Foto Christian Prestegård

Foto Christian Prestegård. Eg møtte Ahmet Arslan, Tyrkia,  første gang under EM i motbakkeløp i 2007 i Cauterets i Frankrike. Då vann Arslan sitt fyrste av 5 strake EM gull i Mountain Running. ( Både motbakkeløp og opp og ned fjelløp). Same dag som Arslan vann sitt 1. EM gull vann også Anita Håkenstad Evertsen EM gull i dameklassa og Kirsten M. Melkevik vann bronsemedalje..

640_JonathanWyatt_AJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Jonathan Wyatt, New Zealand, vart nr. 2 med tida 1.10.06. I år møtte Wyatt sin overmann i Skåla Opp. Han mista løyperekorden frå i fjor på 1.08.30 og var heile 2 min og 28 sek  vak vinnaraen Ahmet Arslan. Wyatt har vore den store fjelløparen i verda i meir enn eit tiår. Han har tilsaman 6 VM gull og har vunne alle dei tre greinene: Motbakkeløp, Opp og Ned fjelløp og Landistansefjelløp.

640_MayBrittBuer_FotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård.  May Britt Buer, IL Gular 1.800 moh.  Etter to fjerdeplassar i La Sportiva Skåla 1848m rett opp kom May Britt på pallen med ein andreplass 3 min. og 40 sek bak vinnaren Antonella Confortola Wyatt. May Britt vann også samanlagtprisen for Buff Fanaråken Opp og La Sportiva Skåla Opp.

640_TomasBereket_Foto_ChristianPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Thomas Bereket, Eritrea vart nr. 3 på tida 1.12.31. Thomas vann også samanlagtprisen for Buff Fanaråken Opp og La Sportiva Skåla 1848m rett opp.

640_Kjersti_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Kjersti Karoline Danielsen, SK Vidar, nr. 3 i damekl. på 1.29.12

640_sondre_fotoChrPrestegaard[1]

Foto Christian Prestegård. Sondre Nordstad Moen, SK Vidar vart beste nordmann på 4 pl. med 1.12.46

640_LaurenJeska_England_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Lauren Jeska, England nr. 4 i damekl. på 1.29.54

640_AndersKleist_FotoChrP

Foto Christian Prestegård. Anders Kleist, Sverige , nr. 5 i herrekl. på 1.13.20

640_fiona_fotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Fiona Maxwell, Skottland, vann kl. 50-54 år på tida 1.31.53 og vart nr. 6 totalt i dameklassa. Det suveren siger med omlag 13 min ned til nr. 2 og ny klasserekord. Ei veke tidlegare vart ho nr. 5 totalt i Buff Fanaråken Opp..

640a_David_AJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. David Schneider , Sveits , nr. 6  totalt på 1.13,41

640_Sylta_FotoAJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Øystein Sylta SK Vidar, vart nr. 8 totalt på 1.14.40. Rett bak ligg Roger Aa Djupvik, Hyen/ Toppformen.no som spurta forbi Øystein på dei siste metrane og vart nr. 7 på tida 1.14.33.

640_anneogoddgeir_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Det vart mange "tette" passeringar oppover den 8,2km lange stien med 1814m høgdeskilnad frå Loen til Skålatårnet. Her med 300m til mål seier Oddgeir Bukve, Jotun IL takk for drahjelpa til Anne Nevin, Strindheim. Anne vart nr. 7 totalt på 1.32,12 medan Oddgeir vart nr. 6 i kl. 45-49 år på tida 1.31,50

640_Oyvind_FotoAJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve, nr. 9 tot. på 1.15.10

640_Maal_HSundBy_FotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Målstreken ved Skålatårnet er 1843 moh, medan toppen av fjellet Skåla er 1848 moh. Her er det Øyvind Heiberg Sundby som spurtar mot mål.

640_Bixit_Powerade_Utla_fotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Før start fekk alle deltakarane med seg 2 stk Bixit Turbar og ei flaske Powerade til å ha i sekken....

640_KurtFroysa_Bixit_fotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Det siste fotoet som eg tok frå startområdet før eg la i veg som ein av dei siste i trimklassa for å rekke å nå til topps før verdseliten kom stormande i mål. Det er vel ein time før Kurt Erik Frøysa, Norco (547) og Ole Rønneberg, Norco (483) skal starte i konkurranseklassa som har fellesstart kl. 10.00

640_Torbjorn_FotoAJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Det var knytta stor spenning til Torbjørn T. Ludvigsen, Melkesyre.no / BFG Fana som i fjor vann Stoltzekleiven Opp og som i år vart nr. 4 i VM i Terrengultra. Torbjørn vart tot. nr. 10 på 1.16.13

640_JannO_Magnor_Antonella_FotoAJD

Foto Christian Prestegård. Jann Olav Tjønneland, Viksdalen (504) vart nr. 4 i kl. 35-39år på 1.22,59. Jon Meyer Tvinnereim, Bergen (508) vart nr. 3 i kl. 35-39år på 1.22,44. Magnor Rypdal, Isfjorden (817) vann kl. 50-54år på 1.22,50. Bakerst i denne "kvartetten" Antonella Confortola Wyatt som vann dameklassa på 1.23,05.

640_HMG_FotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Hans Martin Gjedrem, Valldal IL / Team La Sportiva vann Skåla Opp i 2003 på 1.17,46. I år vart tida 1.20,55.

640_RobbieSimpson_Scotland_FotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Robbie Simpson, Scotland ble nr. 2 i kl. 20-22år og nr. 11 totalt på 1.17,58. Tidligere i år ble Robbie nr 3 i VM i langdistansefjelløp. 6. aug. ble han nr. 4 totalt i Buff Fanaråken Opp www.fanaraaken.com

 

640_SamHesling_Scotland_FotoChristianPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Sam Hesling, Scotland blei nr. 14 totalt på 1.18,56. Også han løp Buff Fanaråken Opp ei veke tidligare og fekk ei praktfull veke med fjelløping i Sogn og Nordfjord.

640_Erin_676_639_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Erin Bendiksen, Sjåk IL vann yngste klasse 15-17 år på 1.48,09.  Nr. 676 er Erlend Folstad, Airlift og 639 er Svein Tore Tysseland, Samnanger.

640_Espen261_Multiconsult_FotoChristianPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Espen Johan Ellefsen (261) var ein av heile 52 deltakarar frå Multiconsult som var det selskapet som stilte med flest deltakarar. Espen kom til topps på 1.49,35. Multiconsult var også sponsor og hadde rigga til eigen "Basecamp" nede ved start der dei attpåtil delte ut drikkeflasker og andre gåver til alle deltakarane som stakk innom....

640_Multiconsult_FotoChrP

Foto Christian Prestegård

640_Skoglundog2til_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Nr. 239 er Espen Nordby Andersen, Kvelde IL og Nr. 382 er Steffen Skoglund, Multiconsult BIL.

640_ArvidBrudevoll_fotoChristianPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Arvid Brudevoll, Vik IL (664) vart nr. 2 i kl. 45-49år på 1.24,59

640_Bjorghild_FotoAJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Bjørghild Holien, Lærdal IL vart nr 2 i kl. 45-49år på 1.43,27

640_AsbjornBerland_fotoAJD

Foto Anne Jenny Dvergsdal. Asjørn Berland, Samnanger IL vart nr. 4 i kl. 20-22år på 1.26,52

640_ArneJ_fotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Arne Johannesen, Politiets Fellesforbund/ Hafslo IL (kl. 50-54 år) kom til topps på 1.42,59

640_PerGunnarKvenseth_FotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Per Gunnar Kvenseth (kl. 55-59år) kom til topps på 1.51,20. Janne Eikås, Vassenden (kl. 40-44år) hang på Per Gunnar heilt til topps og fekk tida 1.51,24.

640_EinarTrefall_FotoChristianPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Einar Trefall, Eiksingedalen-Modalen, vann yngste kl. 15-17 år på tida 1.27,55

640_Flatbreen_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. I 2009 då Skåla 1848m rett opp var Grand Prix i Fjelløping var det snø dei siste 300 høgdemetrane. I år var dert kun i gjen ein snøflekk kalla "flatbreen" på omlag 60 meter.

640_PetterKragset_FotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Petter Kragset,  Hakallestranda Kondisjonslag vart nr. 4 i kl. 50-54år på 1.32,12

640_Therese_FotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Therese Sjursen, BFG Fana vart nr. 8 totalt på 1.33,10

640_LeifMolland_FotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Leif Molland, AKS 77, vann kl. 65-69år på 1.47,35

640_OveBernes_FotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Ove Arne Bernes, Mjøsdalen IF, vart nr 2 i kl. 55-59 år på 1.36,39

640_MarianneErdal_FotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Marianne Erdal, Bergen, (kl. 23-34) har tilbakelagt nesten 1800 høgdemeter og kan sjå opp mot mål som ho nådde etter 1.50.01.

640_OwenogEndre430_fotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Omlag 30% av dei 1797 deltakarane som fullførte kom frå Bergensområdet. Ein av dei var Owen Westergård ( kl. 45-49år) frå Varegg og Lerøy Seafood som kom til topps ved Skålatårnet på 1.47,15.  Bak Owen ligg Endre Edvardsdal ( kl. 23-34) også frå Lerøy Seafood. Endre fekk sluttida 1.46,57. Owen er også løpsleiar for Stoltzekleiven Opp i Bergen , der hovudløpet i år går 23. september.

640_TrondSundby_prolaps_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. TIL TOPPS MED PROLAPS ! Trond Sundby, Balestrand (kl. 60-64år) kunne ikkje la seg stoppe av ein prolaps i ryggen. Han hadde jo gjennomført alle dei 9 fyrste løpa og ville ta del i 10års-jubileet som 10-årsjubilant. Trass i store smerter kom han til topps på 1.58,25 og kunne juble på toppen saman med dei andre 10-års jubilantane som på premieutdelinga kl. 18.48 på Hotel Alexandra fekk ei eksklusiv jubileumsjakke:

Jarle Berge, Eva Hilde Blomvik, Per Magne Blomvik, Oddgeir Bukve, Anne Jenny Dvergsdal, Lars Dybevold, Per Endestad, Johanne Marie Erstad, Andreas Etterlid, Birger Fagerlid, Atgeir Førde, Jan Egil Gjørven, Kjetil Magnar Guddal, Jørund Hammersvik, Kåre R. Haugen, Nils R. Haugen, Lars Håheim, Harald Jenssen, Kjell Olav Kusslid, Hans Bjørn Kvalsvik, Kjell Erling Mundal, Marie Måen, Endre Risøy, Magnar Skaare, Therese Sæbøe Strand,  Halvor Thurn-Basberg og Ola Vangberg

640_Dobbelt10aarsjubileum_fotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Dobbelt 10-årsjubileum på Skåla ! Anne Jenny Dvergsdal er ein av dei som har gjennomført alle dei 10 første Skåla 1848m rett opp og kunne feire dagen saman med son sin , 10-åringen Olav ! Olav gjennomførte sitt tredje Skåla Opp og endeleg kunne han nyte utsynet og vidsynet frå toppen i praktfullt vær. I fjor var det tåke og i 2009 snøvær....

 

640_Frida_fotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Det var reine maurtua nedover og oppover stien då Frida Strand Kristoffersen, Tromsø IL hadde 300m igjen til mål. Frida vart nr 2 i kl. 18-19år på 1.56,13.

640_OppogNed_fotoChrPr

Foto Christian Prestegård. Det myldra med folk både på opptur og nedtur. Her ved 1700 moh er Kondis.no på veg ned og det er det gått nesten 2 timar sidan starten gjekk i konkurranseklassane. Som sagt tidlegare var det langt fleire enn dei 1797 registrerte deltkarane som gjekk Skåla Opp-stien til topps denne Jubileumsdagen. Iflg Stig Roger Eide i Firda.no var det truleg nærare 2.500....

640_AhmetArslan_ChristianP_FotoTomErik

Foto Tom Erik Halvosen, GTI. Det vart ei storslagen feiring etter løpet med 830 deltakarar på grillpartyet i hagen utanfor Hotel Alexandra. I bakgrunnen ruvar fjelltoppen Skåla 1848 moh. Det var stort å kunne feire dagen saman med Europas beste fjelløpar sidan 2007 Ahmet Arslan, Tyrkia som no også er løyperekordhaldar i La Sportiva Skåla Opp med 1.07.38.  Eg møtte Ahmet fyrste gong då han i 2007 tok sitt fyrste av 5 strake EM-gull i Fjelløping - de motbakkeløp og opp og ned løp.. I 2007 var det i motbakkeløp i Cauterets i Pyreneane i Frankrike.Då var eg lagleiar for det norske laget. Det vart også ein stor norsk dag med EM-gull til Anita Håkenstad Eversten og EM-bronse til Kirsten M. Melkevik.

640_Erik_Richard_FotoChrPrestegaard

Foto Christian Prestegård. Direktør ved Alexandra Hotell Richard Grov ( til venstre) og løpsleiar Erik Brendefur kan juble for eit særs vellukka gjennomført jubileumsarrangement. På strak arm inviterer dei alle tilbake til neste års 11te utgåve av Skåla 1848m rett opp den 18. august. For meir info sjå www.skaala.no