Aldri tidlegare har så mange nordmenn delteke i eit VM i Mountain Running for veteraner. Det sette ikkje minst Anna Magrethe Tråve ( ingressbildet) stor pris på. I fjor var ho einaste norske deltakarar då VM var i ei opp-og-ned løype i Italia med same start og mål. Då vart ho nr 2 i si klasse som er 55-59 år. I år vart ho nr. 3 i den 9,5km lange motbakkeløypa i Bühlertal som har 776 m stigning, dvs. 8% stigning. Etter målpassering sa Anna at no må det trenast meir på å springe på 7-12% stigning på veg og fine turvegar som er det dei internasjonale motbakkeløypene stort sett handlar om. 

I Bühlertal fekk Anna og dei norske deltakarane (sjå lagbilde nederst i reportasjen) erfare at nivået i dei ulike aldersklassane er enormt høgt og at det stadig kjem nye toppløparar frå terrengløp, gateløp, maratonløp inn i alle dei tre greinene som i dag utgjer meistarskapsgreinene innan Mountain Running: (1) Motbakkeløp /"Mountain Running Up" (2) Opp og Ned løp / Mountain Running Up and Down og (3) Langdistansefjelløp/ Mountain Running Long Distance.

Resultatliste

640_Anna_Maal_Foto_aage_aardal

Anna Magrethe Tråve. Lærdal IL, spurtar i mål til bronsemedalje i kl. 55-59 år. Anna har tidlegare omlag 20 medaljar i alle valører frå EM og VM for veteraner når det gjeld baneløp og  terrengløp. No er ho heilfrelst motbakkeløpar som allereie 1. juli skal delta i EM i motbakkeløp for veteraner i Bludenz i Austerrike. Foto Åge Årdal.

640_Anbjorn_FotoAA

Anbjørn Mellingen, Gular/ Bergen Politi IL, (M 55-59) stilte opp i sitt fyrste internasjonale meistarskap i motbakkeløp etter å ha teke heile 5 NM-Gull i motbakkeløp i si klasse sidan NM i motbakkeløp i Fanaråken Opp i 2007.  Anbjørn vart nr. 12 av 111 deltakarar i kl. M55-59. Det seier mykje om det høge nivået in årets VM. Anbjørn var 4 min bak vinnaren Leonid Tikonov frå Russland. Eg kan også legge til at Anbjørn har vunne si klasse i Skåla 1848m rett opp dei siste åra på omlag 1.32.  Foto Åge Årdal. 

640_SveinArneSoelvberg_fotoAA

Svein Arne Sølvberg, Oppegård IL (M 60-64), deltok i sitt første VM for veteranar og blei nr. 15 av 83 i si klasse. Det må leggast til at Svein Arne er eldste årgang i si klasse og at han neste år vil vere yngst i si klasse 65-69. Er han i like god form då, så er han på pallen....Tidlegare har Svein Arne vunne fleire medaljer i NM og nordisk mesterskap for veteraner på baneløp, terrengløp og gateløp/halvmaraton enn han har tal på sjølv, men det er over 30. I 2010 vann han også NM-gull i motbakkeløp i si klasse då NM gjekk på Voss i ei løype som var ganske lik løypa i Bühlertal. Foto Åge Årdal

640_Bjarne_maal_FotoAA

"Den store forvandlingen" Bjarne Ludvigsen, Varegg Team Melkesyre (M40-44) spurtar inn til 70. plass av 120 i si klasse. Det er eit meir imponerande resultat enn dei fleste er klar over. Den gleden og begeistringa som Bjarne viste etter målpassering hadde vore gullmedalje om øvelsen var løpsglede !  Sjå også bildet i presseoppslaget frå Tysk presse. Bjarne er 175cm høg og for 5 år sidan var Bjarne ca. 100kg tung i sitt første "testløp" opp Stoltzen i Bergen. Då brukte han 23 min. I dag er han 25kg lettare og spring opp Stoltzen på 11 min , med mål om å sjå 10-talet i 2012. Når "heile Noreg" no får sjå kor gøy Bjarne og dei andre 6 norske deltakarane hadde det i VM så håpar og trur eg at dette vil inspirere mange andre til å bli med til neste år......Foto Åge Årdal

 

640_TrondS_FotoBL

Trond Sundby, Balestrand IL, M60-64, ville gjere som sonen Øyvind Heiberg Sundby (Noregsmeistar i motbakkeløp) : å delta i VM i motbakkeløp. Trond har dei siste åra vist seg å vere ein sterk "bakkeklatrar". Jo brattare jo bedre. I Storehaugen Opp i Lærdal 12. mai klatra Trond forbi meg og kom 1 min raskare til mål. I "springeløypa" i Bühlertal var eg 7 min raskare enn Trond (St. nr 2749) . Foto Bjarne Ludvigsen

640_Marianne_Foto_Bjarne

Marianne Hoff, Balestrand IL ( kl. 65-69) ville bli med ektemannen Trond Sundby til VM, men ikkje som tilskodar. Ho ville delta sjølv og stilte sporty opp ! No kan ho sette ein 14. plass i VM i motbakkeløp for veteraner på CV-en. Marianne bidrog dessutan til at Team Norway fekk eit ekstra høgt idrotts-kulturelt nivå.  Foto Bjarne Ludvigsen

 

640_Christian_maal_fotoAA

Foto Åge Årdal.   Sjølv hadde eg planlagt å vere "hare" for Anna Magrethe Tråve.  Me er begge 1955-årgang og i VM er det puljestartar kvart 20 min. med menn og kvinner i same aldersklasse i ei pulje.  Planen funka fram til omlag 4km då magen slo seg vrang etter ein drikkestasjon der vi fekk servert piss-lunke vatn som var tappa frå spring (med svært høgt kalk-innhald). I mål var  Anna vel halvminuttet før meg i mål på 3 plass av 25 i sin klasse, medan eg klarte å bli blant den beste tredjedelen i mi klasse som nr. 36 av 111. Den plasseringa skal ein ikkje klage over i eit VM når ein har hatt det så gøy som dei tyske avisene fortel at Team Norway har hatt det. Sjå "faksimile" av eit av oppslaga nedanfor... 

640_Mediaomtale_i_Tysk_presse_VM
640_LagVM

Kondis.no avsluttar  reportasjen med lagbildet av dei norske deltakarane i år. Frå venstre Bjarne Ludvigsen, Marianne Hoff, Anbjørn Mellingen, Anna M. Tråve, Christian Prestegård, Trond Sundby og Svein Arne Sølvberg.

Eg oppfordar mange fleire til å bli med for å markere norsk motbakkeløping i dei internasjonale veteranmeistarskapa i fjelløping . Alle som vil kan bli med. Det er ingen kvalifiseringskrav.  Allereie 1. juli i år kan du delta i EM i motbakkeløp for veteranar i Bludenz i Austerrike. Påmeldingsfristen er 16. juni. Løypa er 8,2km med omlag 820m stigning ( 10% i snitt). Pt. er det berre Anna M. Tråve som er påmeldt frå Noreg. Sjå www.berglaufteam.com

Neste års VM i motbakkeløp for veteraner som går i Tsjekkia 31. august 2013. Løypa er 8,6km med 650m stigning (7,5% i snitt). For meir info kontakt christian@prestegaard.no