Biletet: Sigrid Bru Reigstad vann det 10. løpet

Sigrid Bru Reigstad og Sigbjørn Reigstad vann 10. løpet i karusellen Valestrandmarka Rundt .
Løypa er 4.4 km og heller kupert. Løypa er uendra sidan 1981. Sigrid Bru Reigstad var heilt suveren blant dei mange jentene, sette pers og var 4 minutt og 22 sekund føre nr 2. Linda Tvedt. Helga Reigstad nr 3.

Sigbjørn føre Bjarte
Sigbjørn Reigstad fekk  gleda av å koma føre evigunge Bjarte Vik. Toppløparen Bjarte er nokre sesonger bak sitt aller beste, men held framleis veldig godt nivå. Akkurat i dette karusell-løpet la han nok ikkje inn "all verda" og kunne sikkert sprunge relativt mykje raskare. Men han er ein slags legende, og har sitt eige eliteløp: "Bjarte Vik's eliteløp".15.16 på Sigbjørn Reigstad er godt løpt i den kuperte løypa. Bjarte fekk 16.25 og var 15 sekund føre Jonathan Steinsland frå Samnanger på 3. plass. 

70 deltakarar, + 19 grader, lettskya stille. Utmerking for 10 løp i 2012: ingen denne gongen.
Løpet tel også som Ole Bull-løp 2012. (alle fekk Ole Bull-merke). 
Valestrandsmarka Rundt (neste løp er fredag 31. august)

Årsbestetider i Valestrandmarka Rundt:

Kvinner: Anette Bru         18.29
Menn:    Terje Simmenes     14.46
    

Dei tre beste i karusell nr 10:

Kvinner:
1. Sigrid Bru Reigstad       19.41
2. Linda Tvedt               24.07
3. Helga Reigstad            24.24

Menn:
1. Sigbjørn Reigstad         15.16
2. Bjarte Vik                16.25
3. Jonathan Steinsland       16.40



Humør er viktig


Mange folk løp Valestrandmarka Rundt karusell-løp nr 10.                                  

Alle foto: arrangøren.