Bjørn Tore Kronen Taranger kjem også i år
Bjørn Tore er blitt eit skikkeleg langløps-ikon. Han er sympatisk og er med over alt. Då får tilskiparane "kred" i langløpsmiljøet. Maraton er nærmast sprint for ultraløpar Taranger. Men han spring også baneløp. I alle fall ned til 5000 m. I fjor vann han det aller fyrste Møkster Maraton på 3.04 i ei krevande løype som vart sprunge 10 gonger.

Og det er få tilskiparar som fortener oppslutninga meir enn møkstrianarane. Dei er:
- kreative
- nøye
- lytter til råd
- satsar på å utvikla tilskipinga
- tør å satsa på eit kreativt og originalt prosjekt
- har god mat
- og fantastisk natur

Ein tredel av løypa på Møkster går på 35 % på grus og gras. Resten er på asfalt.

Er det naudsynt å kontrollmåla? JA! Vi vil vite at det verkeleg er ein maraton vi løper og ikkje 38 eller 40 km. Kontrollmålt løype gjer også at dei som debuterer på maraton får ein personleg rekord. Og at resultatet vil telle i til merker og statistikker. Det hever så definitivt statusen til Møkster Maraton. Arrangøren bryr seg. 

Deltakertalet rundar no akkurat 100. Deltakerliste   Påmelding her


Maraton_start_STORT_IMG_8819.jpg
Maratonfeltet samla til start på det aller fyrste MØKSTER MARATON.                            Foto:  Heming Leira.

Helge_Jordal_IMG_9376.jpg
Kulturinnlsag i 2012: Helge Jordal - fantastisk kunstnar med Terje Vigen.                                      Foto: Heming Leira.