Det året Møkster Maraton nesten regna og blåste vekk
Etter veker med fantastisk sommarver, kom regnet og vinden. Rett før tidlegstarten på maraton, opna alle himmelens sluser seg, Det styrtregna og blåste noko forferdeleg i tillegg til lyn og torden tett på Møkster skule der sekretariat, start og mål er. "Det året Møkster Maraton nesten regna og blåste vekk", kjem kan henda til å bli snakkisen i komande år. For maraton blir det også neste år.

Laurdag 2. august 2014 er det klart for det tredje maratonløpet på Møkster. Planlegginga er alt byrja.

Sondre Øvre-Helland uheldig kjempetalent!
Då 17-åringen spurta inn til det han trudde var soleklar seier, hadde arrangørane notert ni runder. Éi runde for lite. Men Sondre var sikker på at han hadde sprunge alle ti på 2 timar og 38 minutt. På grunn av alt styret med uveret, var ikkje arrangøren 100% sikker på at dei hadde rett, så dei tore ikkje jaga han ut på ei ny runde.
Dette er slikt som skjer, men er uendeleg trist både for utøvar og arrrangør.

Kontrollmålt og lenger løype
Løypa var kontrollmålt sidan debutåret i fjor, og måtte leggast om for å få ho til korrekt lengde. Dette medførte ei ny flott sløyfe på ei mark like nedom skulen. Men grunna veret vart denne delen særs blaut og tung. Og med ti runder gjekk mange sekund med her.

Inge Asbjørn Haugen fullførte sin 454. maraton!
Hornindals store son - Inge Asbjørn Haugen - fullførte på Møkster sin 454. heilmaraton (nokre av dei i ultraløp). Ingen i Noreg har fleire. Ingen over, ingen ved sida. Han har delteke begge dei to åra på eventyret i Møkster. Under premieutdelinga vart han heidra for hans entusiasme for dette arrangementet. Vel fortent! Han fekk låna mikrofonen og skrytte uhemma av tilskiparane av Møkster Maraton. Under den uformelle festen i gymsalen etterpå spelte han saksofon frå sitt rikholdige repertoar. Han er nemleg også ein dyktig musikar og har saman med Ralph John Cupper på kyrkjeorgel gjeve ut to CD-ar.

Han er også ein dyktig kryssord-makar. Du kan finna eit kryssord frå hans hand i kvart nummer av bladet Kondis.

Her er lista for Inge Asbjørn Haugens 454 maratonløp

Stor reportasje fra den første Møkster Maraton i 2012


Resultat 2013: (full resultatliste vil koma seinare)

Maraton:
Kvinner:
1. Merethe Fosse                      4.24.23
2. Anette Sunde                       4.49.24
3. Caroline Logan                     5.50.20

Menn:
1. Thomas Michaelis                   3.14.16
2. Bjørn Tore Kronen Taranger         3.15.17
3. Lars Johan Hufthammer              3.22.02

Nautisk maraton (4.2195 nautiske mil = 7814,5 m):
Kvinner:
1. Nina Birgitte Engen                  36.42
2. Ingri Birkeland                      38.24
3. Nina Møgster                         41.09

Menn:
1. Erik Iden                            30.32
2. Petter Rasmussen                     33.01
3. Baard Raknes                         34.26  
  
  

1-DSCN4106.JPG
Flott mottaking på kaien på Møkster.                                                               Foto: Gisle Sellevold/Kondis

Møkster i regn.jpg
Eit lite studium av korleis Møkster Maraton byrja.                                                 Foto: Linda Mehus Sunde

DSCN4220.JPG
Arne Rognebakke smilte seg gjennom ein full maraton. "Slike gutter det vil gamle Norge ha". Foto: Kondis

1-DSCN4153.JPG
Mariel har pynta seg for maraton.                          Foto: Kondis

Startfelt barneløpet_640x480.jpg
Tidleg krøkast som god maratonløpar skal bli.                                                Foto: Gisle Sellevold/Kondis

1-DSCN4140.JPG
Originale startnummer på Møkster                                                                                 Foto: Gisle Sellevold

1-DSCN4198.JPG
Reidun Jørgensen komponerte fyrste laksekebab i verda?                                                Foto: Gisle Sellevold

Thomas Michaelis_640x480.jpg
Maratonvinnar frå Stuttgart, Thomas Michaelis, vant med tida 3.14.16.                Foto: Gisle Sellevold/Kondis

Startfelt maraton_640x480.jpg
Startfeltet på heilmaraton: Glade maratonløparar klar til dyst.                            Foto: Gisle Sellevold/Kondis

Arrangøren bryr seg_640x480.jpg
Arrangøren bryr seg. Då Kondis kom dagen før løpet, hang denne blåsa der. Ikkje stod hengararmen ut i løypa, men arrangører ville tydelegvis sikra løparane. Slikt kan mange arrangørar læra av.  Foto: Gisle Sellevold/Kondis

Sondre.JPG
Sterkt gjort 1: Sondre Øvre-Helland leia klårt, men sprang ei runde for lite. Kjempetalent for lange løp.  Foto: Gisle Sellevold

1-DSCN4116.JPG
Sterkt gjort 2: familien Gangsøy stilte kvinnssterkt opp på Møkster                      Foto: Gisle Sellevold/Kondis

Ivar_Braut_ikkje!.JPG
Har vore prost i Sunnhordland i mange år. Ivar Braut gjennomførte ein fin maraton på 3.45.18

DSCN4206[1].jpg
Inge Asbjørn Haugen i blautmyra på siste runde like før mål.    Foto: Gisle Sellevold/Kondis

1-DSCN4190.JPG
Bjoern Tore Kronen Taranger set kvalitetsstempel på alle arrangement han stiller opp i. Vann i fjor - nr. 2 i år.  Foto: Gisle Sellevold/Kondis

Claus_Sellevoll.JPG
Finn Tokvam (i bakgrunnen) og Claus Sellevoll sto for det kulturelle innslaget under premieutdelinga. Sellevoll hadde glitrande imitasjonar av Ivar Medaas og Jon Eikemo.                       Foto:Gisle Sellevold

1-DSCN4241.JPG
Mange folk stansa att til kulturinnslaget og premieutdelinga.                          Foto: Gisle Sellevold/Kondis

regn.JPG
Og plutseleg kom regnet. Torever, regn og sterk vind testa løparar og arramgør.