Thorbjørn Thorsen Ludvigsen fra BFG Bergen vant en overlegen seier i herreklassen i Hardangervidda Marathon mens Guri Lise Berg vant kvinneklassen. 108 av de 118 startende stilte i maratonløypa på 42 km, så den halve distansen slo ikke helt an. Løperne fikk både en tøff utfordring og en utrolig flott naturopplevelse.

Resultater maraton

Resultater halvmaraton

Løpets hjemmeside

Flere bilder fra løpet i XtremeEidfjords fotoalbum.

Alle foto: Agurtxane Concellon

Starten (640x427).jpg
Fra starten

PRESSEMELDING:
Rekordmange deltakarar stilte på startstreken i Eidfjord laurdag til eit vilt, vått, vakkert og seigt løp. Eit løp der naturopplevingane, tøft terreng og raske skiftingar i ver er den største utfordringa for deltakarane.
Distansane er 21 og 42 km fjellmarathon. Eit sjeldant løp der løypa verkeleg går i høgfjellet og deltakarane er alt frå landets beste terrengløparar til glade mosjonistar.
120 løparar frå 7 nasjonar stod klare i Eidfjord sentrum då startskotet gjekk for Hardangervidda Marathon kl 10:00 laurdag føremiddag. Løpet som er unikt i sitt slag, vert av deltakarane omtala som ein dryg marathon. I år var det og mogeleg å gjennomføra halvmarathon og 10 av dei 147 påmelde stilte til start på halvmarathon. Løpsdistansen gjekk frå Eidfjord inn Simadal ca 10 km på veg. Derifrå 6 km med heftig stigning frå null til tolvhundre meter forbi Hardangerjøkulen og vidare over fjellet til Fossli Hotel ved Vøringsfoss, som og var målgang for halvmarathon. Frå Fossli gjekk turen vidare over riksveg 7 og over fjellet til Hjølmaberget i tunge myrer og ulendt sti. Dei siste kilometrane ned til målgang ved Hardangervidda Natursenter i Øvre Eidfjord gjekk langs vegen ned Hjølmadalen. Nedbøren som kom i store mengder fredag og natt til laurdag, gjorde at myrene saug ekstra godt i motbakkane opp langs Høelaksla og ned mot Hjølmaberget.

Ludvigsen_Slethaug.jpg
Tidlig i løpet har Ludvigsen (startnr 83)  ennå følge av andre,
bl.a. Vegard Austevoll som bl nr 5 og Ludvigsens klubbkamerat Sverre Slethaug som ble nr 2.

 
fjellet.jpg
Det var fint i høyden...men tungt i de våte myrene

Suveren vinnar i årets marathon herrer vart, ikkje overraskande norgesmeisteren i motbakkeløp Thorbjørn Thorsen Ludvigsen på tida 03:48:15. På ein god andreplass kom Sverre Sletthaug på 04:16:17 og Lars Olaf Haaheim 04:21:04. Eidfjordvenen Thomas Andersen kom i år inn på åttandeplass med tida 04:49:00. Guri Lise Berg vann kvinneklassen på tida 05:59:00. På andreplass kom Elisabeth Vik med tida 06:10:31 og tredjeplass tok Susanne Hammer på tida 06:26:20.
Halvmarathon kvinner vart vunne av Hilde Årthun med tida 03:33:50 og menn av Martin Solheim med tida 02:42:40. Sebastian Vinge frå Eidfjord kom på ein flott andreplass med tida 03:17:40.
7 løparar braut undervegs.

Luftig_Sprang.jpg
Luftig sprang over bekken... det hadde regnet kraftig dagen før.
 
Marit_Utheim.jpg
Nummer fire i kvinneklassen, Marit Utheim, er glad for plankestiene.

Deltakarane melder om eit prikkfritt arrangement med svært godt merka løyper, med blide og hjelpsomme hjelparar undervegs og utmerka service. Mange formidlar at det er eit vondt og vakkert løp med ei flott tilrettelagt ramme frå arrangørane si side. Siste løpar vart klokka inn på tida 09:36:06 til full jubel, bånn musikk og stor entusiasme.

Arrangøren, den nystifta foreininga XtremEidfjord, seier seg nøgd med gjennomføringa og satser på at neste års Hardangervidda Marathon går av stabelen i månadsskiftet august/september 2014 med eit forventa deltakartal på 200 løparar. No skal alle detaljar oppsummerast og evaluerast før ein set i gong arbeidet med Expedition Amundsen vinteren 2014 som og er eit av arrangementa til  XtremEidfjord. Målet for XtremEidfjord er å vera ei lokalt forankra foreining med eit brennande engasjement for ekstreme opplevingar knytt til naturen i Eidfjord og på Hardangervidda. XtremEidfjord er ei ideell foreining tufta på dugnadsinnsats, sponsorar og samarbeidspartnarar frå mellom anna lokalt næringsliv.
 

Thomas_Andersen.jpg
Ultraløper Thomas Andersen ble nummer 8, dette var nok i korteste og letteste laget for han.
Sist vinter vant han Expedition Amundsen med samme arrangør.
 
Fantastisk_natur.jpg
Fantastisk natur...